Laila Dåvøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laila Dåvøy
none  Laila Dåvøy under valkampen 2009Foto: Nina Aldin Thune
Laila Dåvøy under valkampen 2009
Foto: Nina Aldin Thune
Fødd 11. august 1948

Bergen

Laila Dåvøy (fødd 11. august 1948) er ein norsk politikar for KrF og organisasjonskvinne. Ho var barne- og familieminister 2001–2005 og arbeids- og administrasjonsminister 1999–2000. Frå 2005 er ho stortingsrepresentant for Hordaland. Ho har tidlegare vore leiar for Norsk Sykepleierforbund (1992–1998).

Laila Dåvøy er fødd i Bergen, og er i dag busett på Askøy. Ho er utdanna sjukepleiar ved Haukeland sykepleierskole (1967–1970) med tilleggsutdanning innan sjukepleievitskap ved Universitetet i Bergen (1980) og administrasjon ved Diakonhjemmet Høgskole (1984). I åra frå 1972 til 1987 arbeidde ho som sjukepleiar i Bergen, ved Haukeland, Sandviken og Blå Kors. Seinare arbeidde ho med psykisk utviklingshemma, mellom anna ved HVPU-gruppa i Hordaland fylkeskommune. I tillegg har ho vore lærar ved Bergen Diakonissehjems Sykepleierhøgskole (1983–1989) og dagleg leiar i Ledelse & Dialog (2000–2001).

Ho har hatt fleire politiske verv på kommune- og fylkesnivå, ho har vore nestleiar i Landsstyret for kommunalt rusmiddelarbeid, og ho har vore medlem av KrFs sentralstyre og landsstyre. Ein kort periode i 1990 var ho statssekretær i Kyrkje- og kulturdepartementet under regjeringa Syse.

I 2004 vart Dåvøy utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.

Regjering[endre | endre wikiteksten]

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Laila Dåvøy» på Wikipedia på bokmål, innhenta 5. januar 2010.
  • Knut Olav Åmås [red.]: «Dåvøy, Laila» i Hvem er hvem? (Aschehoug, 2008).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]