Igorkvadet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Illustrasjon til Igors hærtog av Ivan Bilibin.

Igorkvadet, Igor-eposet, eller Songen om Igors hærtog (gammal austslavisk: Слово о плъку Игоревѣ, Slovo o plŭku Igorevě; ukrainsk: Слово о полку Ігоревім, Slovo o polku Ihorevim; moderne russisk: Слово о полку Игореве, Slovo o polku Igoreve) er eit anonymt russisk episk dikt skrive på gammalaustslavisk. Det er førebels datert til slutten av 1100-talet. Ukrainske kjelder har stava Igor som Ihor. Autentisiteten til verket har vore omstridd, men den generelle meininga i dag er at det er ekte. Det er rekna som Russland sitt nasjonalepos.

Igor-kvadet er blitt tilpassa og omforma til ein av dei store klassikarane i russisk opera av Aleksandr Borodin under tittelen Fyrst Igor. Denne blei framført for første gong i 1890.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

'Gråtande Jaroslavna'. Miniatyr av Ivan Golikov.
Russisk jubileumfrimerke frå 800-årsfeiringa av Igor-kvadet.

Handlinga i dette klassiske verket er basert på eit mislukka hærtog i 1185 av knjaz (leiaren) Igor Svjatoslavitsj, fyrste av Novgorod-Seversk (av fyrstedømet Tsjernigov i det gamle Rus eller Kievriket) mot polovtsarar eller kumanane, ei tyrkisk nomadestamme som heldt til i den sørlege delen av Donregionen. Diktet fortel berre om nederlaget: Igor blei overvunnen, hæren hans utsletta og han sjølv teken til fange, men han klarte å flykta og vitna om hendinga. Hovudhandlinga blir avslutta med at Igor gjer inntog i Kiev etter flukta, og talen hans munnar ut i ein sigeshymne til dei russiske fyrstane og deira hær, som har kjempa mot «de hedenske horder».[1]

Andre historiske figurar frå Kievriket er nemnde, mellom anna skalden Bojan, prinsane Vseslav av Polotsk, Jaroslav Osmomysl av Galitsj, og Vsevolod III Jurjevitsj («Store reir») av Suzdal. I dikta appellerer forfattaren til dei innbyrdes stridande prinsane i Kievriket, og bønnfell om felles eining mot truslane frå tyrkarane i aust.

Handlingsgangen er kjend frå russiske krøniker, og den anonyme forfattaren konsentrerer seg i rytmisk prosa om å fang fantasien til lesaren ved hjelp av dristige bilete framfor å fortelja i episk stil. Det kjem talrike digresjonar, men òg assosiasjonar og ymtingar lik russisk folkeleg poesi, der det eine kraftfulle og heftige biletet erstattar det andre til sjølve handlinga tidvis blir dunkel. Skildringa er konsentrert i ei rekkje sterkt skildra scener.

Eit interessant aspekt i teksta er blandinga av kristendom og den førkristne slaviske religionen. Kona til Igor, Jaroslavna, påkallar demonske krefter på murane til byen Putyvl. Kristne motiv er svakt til stade saman med avpersonaliserte heidenske gudar i form av poetiske bilde. Eit anna aspekt som skil verket frå andre samtidige epos i vesten er dei talrike, fargerike og levande naturskildringane, og rolla til naturen i livet til menneska.

Oppdaging og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Det einaste manuskriptet av forteljinga er hevda å vera frå 1400-talet, og blei oppdaga i 1795 i biblioteket i eit kloster i Jaroslavl. Det var her det første biblioteket og skulen i Russland blei oppretta ein gong på 1100-talet. Munkane selde manuskriptet til ein lokal landeigar, Aleksej Musin-Pusjkin, som ein del av ei samling på ti tekstar. Han forstod verdien av boka og fekk gjort ein avskrift for keisarinne Katarina den store i 1795 eller året etter. Ho vart så utgjeven i 1800 med hjelp av dei leiande paleografane på denne tida, Alexej Malinovskij og Nikolaj Bantysj-Kamenskij.

Det opphavlege manuskriptet skal ha brunne opp i den store brannen i Moskva i 1812 (under Napoléon Bonaparte sin okkupasjon), der også heile biblioteket til Musin-Pusjkin strauk med. Vladimir Nabokov gjorde ei omsetjing til engelsk i 1960 . Andre betydelege utgjevingar er blant anna den standardiserte sovjetiske utgjevinga med omfattande kommentarar av akademikaren Dmitrij Likhatsjev.

Då det historiske verket blei gjeve ut skapte det røre i russiske litterære sirklar, ettersom det representerte den eldste slaviske litteraturen utan blanding med kyrkjeslavisk. Ukrainske forskarar i det austerrikske riket hevda at dokumentet inneheldt tradisjonelt språk mellom a) tidlegare fragment av språket i hovudområdet til Kievriket (regionen Tsjernihiv, austover mot Kiev og inn i Galitsj), og b) seinare fragment frå området Galitsj-Volynia i den same regionen i hundreåra som følgde etter at dokumentet blei skrive. Den noverande dialektforskinga opprettheld at Pskov og Polatsk er to byar der forteljinga mest sannsynleg blei skriven. Talrike personar er blitt foreslegne som forfattarar, inkludert prins Igor sjølv og brørne hans.

Autentisitet[endre | endre wikiteksten]

Tidlege reaksjonar[endre | endre wikiteksten]

Slagmarka ved Igor Svjatoslavitsj sitt slag med polovtsarat, av Viktor Vasnetsov.

Då den første moderne utgåva av forteljinga kom ut blei det reist spørsmålet ved om ho var ekte, hovudsakleg på grunn av språket. Det blei òg reist mistanke om bedrageri (som ved det britiske dømet Ossian, som eigenleg var skrive av skotten James Macpherson). I dag har dei fleste forskarar akseptert at teksta trass alt er ekte, basert på undersøkingar av likskapar i språket med andre tekster oppdaga etter forteljinga.

Føreslegne bedragarar var Aleksej Musin-Pusjkin sjølv, eller av kjende forfalskere av russiske manuskript som Anton Bardin og Aleksandr Sulakadzev. Førstnemnde blei offentleg avsløra som forfalskar av fire andre kopiar av diktet Slovo. Ein som fremja teorien om forfalskning var journalisten og orientalisten Josef Sienkowski.

Moderne utvikling[endre | endre wikiteksten]

Problemet blei politisert under Sovjetunionen. Eitkvart forsøk på å så tvil om at dokumentet var ekte (til dømes av den franske slavisten André Mazon eller av den russiske historikaren Alexander Zimin) blei offentleg fordømt. Undersøkingane til Mazon og Zimin blei irettesette av Roman Jakobson, den fremste slavisten på 1900-talet, som også hadde verka sine bannlyst frå utgjeving i Sovjetunionen.

Eit av dei kritiske punkta i strida er tilhøvet mellom Slovo og Zadonsjtsjina. Sistnemnde er eit ubestridd autentisk dikt som er att i seks mellomalderkopiar. Det blei skapt på 1400-talet for å glorifisera Dmitrij Donskoj sin siger over Mamai av dei blå hordane i slaget ved Kulikovo i 1380. Det er openbart at det er bortimot identiske avsnitt i begge tekstane der berre personnamna er ulike. Det tradisjonelle synet vurderer Zadonsjtsjina som ei seinare etterligning med Slovo som mønster. Tilsvarande hevda tilhengarane av forfalskingsteorien at Igor-kvadet var skrive med Zadonsjtsjina som utgangspunkt. Analysar frå Jakobson og Zaliznjak har vist at passasjar i Zadonsjtsjina med motpartar i Slovo skil seg frå resten av teksten ved ei mengd lingvistiske parametrar, noko som ikkje er tilfelle med Igor si forteljing. Dette er blitt sett på som eit bevis for at Slovo var original i høve til Zadonsjtsjina.

Nyare syn[endre | endre wikiteksten]

Historikarar og filologar har likevel halde fram med å tvila på at forteljinga er ekte på grunn av det ukarakteristiske moderne nasjonale sinnelaget i diktet (jf. panslavisme). Forteljinga er tidvis blitt vurdert for å ha ein agenda tilsvarande den til Kraledvorskij-manuskripta. Til dømes har Harvard-professoren Edward L. Keenan hevda at Igor-forteljinga er ei forfalsking skriven av den tsjekkiske lærde Josef Dobrovsky. Andre har også hevda at forteljinga er ein kompilasjon sett saman av fleire autentiske kjelder tilsvarande finske Elias Lönnrot sitt verk Kalevala.[2]

Den russiske lingvisten Andrej Zaliznjak analyserte argument frå begge sider i ei utgjeving i 2004 som konkluderte med at forfalskingsteorien var bortimot umogleg. På slutten av 1900-talet blei fleire hundre såkalla neverdokument (oldtidsskrifter på bork av tre) avdekte i Novgorod, og desse demonstrerte at dei gåtefulle avsnitta og ord frå Igor-kvadet faktisk eksisterte i daglegtale på 1100-talet, sjølv om ein ikkje hadde funne dei i krøniker og andre nedskrivne dokument. Zaliznjak konkluderte med at ingen lærd person på 1700-talet ville ha vore i stand til å imitera dei subtile grammatiske og syntaksiske trekka som er tilstades i den kjende teksten. Heller ikkje kunne Dobrovsky, Keenan sin forfalskar-kandidat, ha utført oppgåva ettersom hans syn på slavisk grammatikk var påfallande forskjellig frå det systemet som er avdekt i Igor si forteljing.

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Ei norsk omsetjing med kommentarar av Siri Sverdrup Lunden og etterord av Jostein Børtnes kom ut i 1987.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Børtnes, Jostein (20. februar 2018). «Igorkvadet». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Bobrov, Aleksandr: Problem of authenticity «A word about leader Igorev» and Efrosin Belozerskij, ceeol.com (russisk); for generell diskusjon av problemstillinga, sjå Timm. Lenora: Literary Nationalism in 19th Century Brittany: The Curious Case of the Barzaz-Breiz Arkivert 19. januar 2012 på Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]