Å for et spill

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå It's Just a Game)
Hopp til navigering Hopp til søk
«Å for et spill»
av
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1973
Låtskrivar(ar) Arne Bendiksen

«Å for et spill», òg kjend som «It's Just a Game», er ein song av Ola Neegaard, Gro Anita Schønn, Stein Ingebrigtsen & Inger Lise Rypdal og Bendik Singers, gjeven ut i 1973. Songen er skriven av Arne Bendiksen.[1]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 1973[endre | endre wikiteksten]

«Å for et spill» deltok i Melodi Grand Prix 1973, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 1973 i Luxembourg i Luxembourg. Songen vart framført på norsk av Ola Neegaard, Gro Anita Schønn, Stein Ingebrigtsen & Inger Lise Rypdal med eit lite orkester, og så på nytt av Bendik Singers med eit stort orkester. Bidraget vann med 50 poeng.[2][3]

Eurovision Song Contest 1973[endre | endre wikiteksten]

«It's Just a Game»
Eurovision Song Contest 1973
Land Noreg
Artist(ar) Anne-Karine Strøm, Ellen Nikolaysen, Bjørn Kruse og Philip Kruse
Alias Bendik Singers
Medverkande Carsten Klouman (dirigent)
Språk Engelsk, fransk, italiensk, spansk, nederlandsk, tysk, hebraisk, serbokroatisk, finsk, irsk, svensk og norsk
Komponist(ar) Arne Bendiksen
Låtskrivar(ar) Bob Williams
Resultat
Finalepoeng 89
Finaleplass 7
Noreg i Eurovision Song Contest
«Småting»
(1972)
«It's Just a Game» «The First Day of Love»
(1974)

Etter sigeren i Melodi Grand Prix 1973 fekk «Å for et spill» representere Noreg i Eurovision Song Contest 1973. Teksten vart skriven om av Bob Williams, og songen fekk tittelen «It's Just a Game». Bendik Singers framførte songen på engelsk, fransk, italiensk, spansk, nederlandsk, tysk, hebraisk, serbokroatisk, finsk, irsk, svensk og norsk, og enda på sjuandeplass med 89 poeng; ni frå Israel, åtte frå Finland, sju frå Monaco, Sveits og Luxembourg, seks frå Vest-Tyskland, Spania, Jugoslavia og Frankrike, fem frå Belgia, Portugal og Italia og tre frå Sverige, Nederland, Irland og Storbritannia. Carsten Klouman var dirigent.

Dette er det andre og førebels siste bidraget, ved sida av det irske bidraget i 1972, som har vorte framført på irsk. Det er òg det bidraget som har vorte framført på flest språk.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «MGP 1973» (norsk). OGAE Norge. Henta 7. juli 2014. 
  2. «Norway 1973» (engelsk). esc-history.com. Henta 7. juli 2014. 
  3. «NORWEGIAN FINAL 1973» (engelsk). natfinals.50webs.com. Henta 7. juli 2014.