Jailbreak av Thin Lizzy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jailbreak
Singel av Thin Lizzy
frå albumet Jailbreak
B-side

Running Back

Utgjeve 6. august 1976 (Storbritannia)[1]
Sjanger Hardrock
Lengd 4:01
Selskap Vertigo
Låtskrivar(ar) Phil Lynott
Produsent John Alcock
Thin Lizzy-kronologi 
«The Boys Are Back in Town»
(1976)
Jailbreak «Cowboy Song»
(1976)


«Jailbreak» er ein song av Thin Lizzy opphavleg gitt ut som tittelsporet i 1976 på albumet Jailbreak. I lag med «The Boys Are Back in Town» er det ein av dei mest populære songane deira, ofte spelt på classic rock-radio.

Låten er typisk for musikken til bandet, med den doble sologitarharmonien og bruk til Brian Robertson av wah-wah-pedal. Teksten til Phil Lynott om ei fengselsflukt er den typiske personifiseringa av dei «tøffe gutane», som ein òg ser i «The Boys Are Back in Town» og den faste konsertavsluttaren og fanfavoritten «The Rocker». Ein alternativ versjon av songen dukka opp på bonusdisken til den ommastra luksusutgåva av Jailbreak-albumet frå 2011, med ein kort munnleg introduksjon og ekstra gitarparti gjennom heile albumet.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1976) Plassering
UK Singles (Official Charts Company)[2] 31

Bruk i media[endre | endre wikiteksten]

I desember 2008 vart songen kåra til den 73. beste hardrocklåten gjennom tidene av VH1.[3]

«Jailbreak» er brukt i filmane Detroit Rock City, Joe Dirt, Bordello of Blood og Gracie og vart òg brukt i Veronica Mars-episoden «Ahoy, Mateys!» og i MTV-showet Jackass.

Den 3. februar 2009 vart eit konsertopptak av songen (frå livealbumet Still Dangerous) gitt ut som nedlastbart innhald til Rock Band som del av ein Thin Lizzy-pakke (som òg inneheldt versjonar av «The Boys Are Back in Town» og «Cowboy Song» frå same album).

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Jailbreak
av Anthrax
frå albumet Anthems
Utgjeve 1. mars 2013[4]
Sjanger Hardrock
Lengd 4:06
Selskap Megaforce
Låtskrivar(ar) Phil Lynott
Produsent Anthrax, Jay Ruston, Rob Caggiano

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Thin Lizzy singles UK cat no.». 
  2. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  3. «Vh1 Top 100 Hard Rock Songs». Arkivert frå originalen 12. februar 2009. Henta 23. april 2023. 
  4. «Horns Up Rocks: Listen To ANTHRAX's Cover of THIN LIZZY's «Jailbreak»!». Hornsuprocks.blogspot.com. 1. mars 2013. Henta 11. oktober 2016. 
  5. «Anthrax Release Cover of Thin Lizzy's 'Jailbreak'». Ultimateclassicrock.com. 1. mars 2013. Henta 11. oktober 2016.