The Sun Goes Down av Thin Lizzy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Sun Goes Down
Singel av Thin Lizzy
frå albumet Thunder and Lightning
B-side

Baby Please Don't Go

Utgjeve Juli 1983
Sjanger Rock
Lengd 6:19
Selskap Vertigo
Låtskrivar(ar) Darren Wharton, Phil Lynott
Produsent Thin Lizzy & Chris Tsangarides

«The Sun Goes Down» er ein song av det irske hardrockbandet Thin Lizzy, og den siste singelen dei gav ut før dei vart oppløyste i 1983. Songen kom ut på albumet deira det året, Thunder and Lightning.

Fjernsynsopptredenar[endre | endre wikiteksten]

Den 26. januar 1983 vart songen framført live for første gong under ein konsert i Hitchin, som vart sendt samtidig på TV og radio for BBC-programmet «Sight and Sound in Concert». Dette showet markerte òg debuten til gitaristen John Sykes.[1]:157. To dagar seinare framførte bandet songen på det britiske TV-musikkshowet The Tube, saman med «Cold Sweat» og «The Boys Are Back in Town».[2]

Singel[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven av Phil Lynott og Darren Wharton, og Lynott sa den gong: «Eg synest det er ein fin låt å gå ut med. Eg kan sjå for meg at han blir spelt på radio og har full tru på at han har stort hitlistepotensial.»[1]:164 Singelen kom inn på dei britiske hitlistene den 6. august 1983, og nådde 52. plassen.

Det var ingen offisiell musikkvideo for singelen då plateselskapet hadde bestemt at det var for dyrt. Bandet byrja arbeidet med å redigera videoklipp av liveopptredenar for å akkompagnera songen, men dette vart oppgitt då det vart klart at hitlisteplasseringa av singelen ikkje fortente innsatsen.[1]:164

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Det tyske heavy metalbandet Sinne spelte «The Sun Goes Down» i 1998 på albumet deira The Nature of Evil.[3] Seinare spelte dei òg b-sida til singelen, «Baby Please Don't Go», på albumet Mask of Sanity i 2007.[4]

Songen vart spelt inn i 2009 av Jørn Lande (som Jorn) på albumet sitt Spirit Black og av Night Demon i 2022

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Alan Byrne, «Thin Lizzy: Soldiers of Fortune», Firefly, 2004
  2. «Thin Lizzy på TV og radio 1980-84». Thin Lizzy Guide. Henta 1. juli 2013. 
  3. «The Nature of Evil hos Allmusic». Allmusic. Henta 19. januar 2014. 
  4. «Mask of Sanity hos Allmusic». Allmusic. Henta 19. januar 2014.