Thin Lizzy av Thin Lizzy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thin Lizzy
Studioalbum av Thin Lizzy
Språk engelsk
Utgjeve 30. april 1971
Innspelt 4–9. januar 1971
Studio Decca Studios, London[1]:34–40
Sjanger
Lengd 38:39
Selskap Decca
London (Canada and US)
Produsent Scott English, Nick Tauber
Thin Lizzy-kronologi 
Thin Lizzy Shades of a Blue Orphanage
(1972)


Singlar frå Thin Lizzy
  1. «The Farmer» / «I Need You»
    Utgjeve: 31. juli 1970 (berre i Irland)

Thin Lizzy er debutstudioalbumet til det irske rockbandet Thin Lizzy, gitt ut 30. april 1971. Albumet vart etterfølgd av EP-en New Day, produsert og spelt inn av Nick Tauber i Decca Studios 14.-17. juni 1971 og gitt ut 20. august 1971.[1]:34-40 Songane frå EP-en vart inkludert i seinare utgåver av albumet.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1970 tok Brian Tuite og Peter Bardon over leiinga av Thin Lizzy. Lynott sa til Tuite: «me har tolv songar akkurat no som me gjerne vil spela inn».[2] Etter å ha høyrt på nokre av songane prøvde Tuite å finna ein platekontrakt for bandet. Sidan han hadde ein god vennskap med Decca Records sin A&R-mann, Frank Rodgers, prøvde han å arrangera ein spelejobb for Thin Lizzy og ein annan av artistane hans, soulsongaren Ditch Cassidy. Cassidy mangla sitt faste band, og Tuite sette derfor Thin Lizzy som band for han. Etter å ha sett framferda til Thin Lizzy på Zhivago Club den 12. november 1970, viste Frank Rodgers si interesse for dei heller enn Cassidy, og tilbaud dei ein platekontrakt med Decca; Rodgers foreslo likevel òg ein annan oppvisningskonsert for andre Decca-personell før han signerte ein kontrakt.[3][4] Denne gongen framførte bandet sitt originale materiale. «Look What The Wind Blew In» var ein av songane som fanga merksemda til Rodgers. Etterpå reiste Tuite til London for å møta Decca-sjefen for A & R, Dick Rowe. Papira vart utarbeidde den 12. november 1970, og den første dagen i desember signerte Decca offisielt «Tin Lissy» til ein eittårig platekontrakt, med moglegheit for å forlengja avtalen med to periodar på eitt år i september 1971 og september 1972. Viss alt gjekk bra, var dei forplikta til å levera tre album til selskapet. Forskotet var på 500 pund, og 500 pund til skulle betalast etter at albumet var ferdig. Thin Lizzy forlét Irland etter ein ettermiddagskonsert den 3. januar 1971 på Afton Club i Dundalk, for å starta innspelinga av sitt første album i Decca Studios i London. På veg til London møtte Lynott John Peel og introduserte Thin Lizzy for han; innan ti månader skulle Peel booka gruppa til ei økt på sitt Radio 1-show, den 12. oktober 1971.[5][6] Bandet booka eit gjestehus i Sussex Gardens der dei skulle bu under den første plateinnspelinga. Arbeidet byrja måndag morgon og var ferdig fredag kveld. Brian Downey sa: «Me stod opp klokka ni om morgonen, [gjekk] inn i studio, spelte frå omtrent ti eller halv ti til åtte eller ni, så stempla me av og drog tilbake til gjestehuset. Så gjorde me det igjen, heile veka.»[7] Eric Bell forklarte at bandet var stein under heile innspelingsprosessen og at han ikkje hugsar noko frå øktene, men han hugsar at Scott English akkompagnerte bandet med å gi dei posar med gras: «Me var permanent stein. Scott English var denne joviale amerikanske fyren, ein fin stor fyr. Han hadde denne enorme posen med gras i ei av skuffene i studioet. Han tok han ut, kasta han på bordet og sa: 'Berre forsyn dykk, gutar!' Det var det. Eg kan faktisk ikkje hugsa at eg spelte inn det første albumet. Eg visste ingenting før slutten av plata, det var berre ei tåke. Å røykja litt dop og spela musikk gjekk hand i hand for oss. Me var berre den typen band på det tidspunktet. Det såg ut til å fungera for oss, me fekk idear. Det var mykje på det albumet som var heilt improvisert.»[8]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[9]
Collector's Guide to Heavy Metal8/10[10]

Eduardo Rivadavia, i ei retrospektiv melding for AllMusic, skildra albumet som «overraskande mjukt» og skreiv at ei rekkje songar let «forvirra og uferdig». Han skildra likevel «Look What the Wind Blew In» som eit «hint om ting som ville komma», og at bonussporet «Dublin» frå «New Day» EP-en inneheldt «Lynott sin første store tekst».[9] Den kanadiske journalisten Martin Popoff sette pris på den eksperimentelle smaken av albumet «som hovudsakleg henta frå bluesaktige ikkje-metalliske påverknader» og fann komposisjonane «forbløffande godt skrivne, veldig irsk, veldig ektefølt».[10]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje Decca sin koordinator for plateomslag, John Slater, kom Phil Lynott til kontoret hans for å diskutera idear til plateomslaget og for å forklara ideane sine: «Hans første idé var ei brennande hand som kom ut av ei nygraven grav! Han var ikkje interessert i å gjera det med ein teikneserie-twist, det måtte vera på ekte.»[1]:28 Dei bestemde seg for eit amerikansk biltema, men klarte ikkje å finna den rette bilen, så til slutt valde dei eit fiskeauge-fotografi av frontlyset på «ein Vauxhall Victor eller noko sånt.»[1]:28 Mangel på kommunikasjon mellom Decca og Thin Lizzy resulterte i at plateomslaget opphavleg hadde feil stavemåte av namnet til bandet, og viste «Tin Lizzy». Philip Tapsfield frå Decca si kunstavdeling minnest: «Ein av våre eigne kunstnarar, David Ansty, designa coveret deira. Han laga faktisk coveret med namnet 'Tin Lizzy' i staden for 'Thin Lizzy'.»[1]:29 Decca prøvde å overtyda bandet om å endra namnet sitt i staden for å designa coveret på nytt, men avslaget til bandet resulterte i at albumutgivinga vart utsett i ei veke, medan omslaget vart korrigert. Manageren til bandet Ted Carroll har òg uttalt at ein annan designar, Walt McGuire frå Decca American, designa eit anna omslag for den amerikanske utgivinga, som no er eit samlarobjekt. Det amerikanske albumomslaget viser ein miniatyrmodell av ein Ford Model T-bil (òg kjent som Tin Lizzie) som køyrer over ei naken kvinneleg hofte, medan baksida av omslaget viser ulike bandbilete, inkludert eit fiskeaugebilete teke i Dublin hausten 1970, av fotografen Roy Esmonde, saman med nokre bilete tekne i studio.[1]:29

Innverknad[endre | endre wikiteksten]

Songen «Honesty Is No Excuse» vart spelt inn av Cass McCombs i 2013 på albumet hans Big Wheel and Others.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Phil Lynott, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Friendly Ranger at Clontarf Castle»Eric Bell, Lynott3:01
2.«Honesty Is No Excuse» 3:40
3.«Diddy Levine» 7:04
4.«Ray-Gun»Bell3:05
5.«Look What the Wind Blew In» 3:23
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Eire» 2:07
7.«Return of the Farmer's Son»Brian Downey, Lynott4:14
8.«Clifton Grange Hotel» 2:26
9.«Saga of the Ageing Orphan» 3:40
10.«Remembering» 5:59
Bonusspor frå New Day EP
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Dublin» 2:26
12.«Remembering, Pt. 2 (New Day)»Bell, Downey, Lynott5:04
13.«Old Moon Madness» 3:52
14.«Things Ain't Workin' Out Down at the Farm» 4:29
Total lengd:54:30

Ommastra og utvida utgåve[endre | endre wikiteksten]

11. oktober 2010 kom det ut ei ny ommastra og utvida utgåve av Thin Lizzy. Denne utgåva har følgjande bonusspor:

Nr.TittelLengd
11.«The Farmer»3:40
12.«Dublin»2:30
13.«Remembering Pt. 2 (New Day)»5:08
14.«Old Moon Madness»3:56
15.«Things Ain't Working Out Down at the Farm»4:32
16.«Look What the Wind Blew In» (overdubba og remiksa versjon frå 1977)3:22
17.«Honesty Is No Excuse» (overdubba og remiksa versjon frå 1977)2:46
18.«Dublin» (overdubba og remiksa versjon frå 1977)2:32
19.«Things Ain't Working Out Down at the Farm» (overdubba og remiksa versjon frå 1977)3:58
Total lengd:71:03

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Thin Lizzy

Andre medverkande

Produksjon

  • Scott English – produsent
  • Nick Tauber - produsent
  • Peter Rynston – lydteknikar
  • Roy Esmonde - fotografi
  • David Antsy - design
  • Walt Mcguire - design

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Byrne, Alan (2006). Thin Lizzy: Soldiers of Fortune. London: SAF Publishing. ISBN 978-0946719815. 
  2. Cowboy song: the authorised biography of Phil Lynott. Thomson, Graeme. s. 115. Henta 22. april 2023. 
  3. «Zhivago». Thinlizzyguide.com. 
  4. Cowboy song: the authorised biography of Phil Lynott. Thomson, Graeme. s. 115. Henta 22. april 2023. 
  5. Cowboy song: the authorised biography of Phil Lynott. Thomson, Graeme. s. 116. Henta 22. april 2023. 
  6. «Sounds of the Seventies with Top Gear». Thinlizzyguide.com. 
  7. Cowboy song: the authorised biography of Phil Lynott. Thomson, Graeme. s. 117. Henta 22. april 2023. 
  8. Cowboy song: the authorised biography of Phil Lynott. Thomson, Graeme. s. 118. Henta 22. april 2023. 
  9. 9,0 9,1 Rivadavia, Eduardo. «Thin Lizzy – Thin Lizzy review». AllMusic. Henta 22. april 2023. 
  10. 10,0 10,1 Popoff, Martin (October 2003). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 1: The Seventies. Burlington, ON: Collector's Guide Publishing. s. 277. ISBN 978-1894959025.