Do Anything You Want To

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Do Anything You Want To
Singel av Thin Lizzy
frå albumet Black Rose: A Rock Legend
B-side

Just the Two of Us

Utgjeve 8. juni 1979 (Storbritannia)[1]
Sjanger Hardrock
Lengd 3:51
Selskap Vertigo
Låtskrivar(ar) Phil Lynott
Produsent Tony Visconti og Thin Lizzy
Thin Lizzy-kronologi 
Waiting for an Alibi
(1979)
Do Anything You Want To Got to Give It Up
(1979)


«Do Anything You Want To» er ein song av det irske hardrockbandet Thin Lizzy. Han var den andre singelen som vart gitt ut frå albumet Black Rose: A Rock Legend frå 1979. Han vart spelt inn i Pathe Marconi EMI Studios i Paris i Frankrike.[2]

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Sangen opnar med ein trommebeat i afrikansk stil av Brian Downey – som gir plass til ein dobbeltgitarmelodi som er karakteristisk for harmonikken til Thin Lizzy.[3] Teksten bruker rim og allitterasjon, som i dei tre første linjene som inneheld orda: «investigate», «insinuate», «intimidate», «complicate», «wait», «hesitate», «state», «fate» og «awaits.»[4] Songen blir tona ut med vokalist Phil Lynott som imiterer Elvis Presley. Gitaristen Scott Gorham indikerte: «Eg trur han berre ville bruka den amerikanske aksenten sin der.»[2]

Salsliste og video[endre | endre wikiteksten]

Singelen nådde 14. plassen på dei britiske hitlistene og heldt seg på listene i ni veker.[5] Han nådde 25. plassen i Irland og låg på hitlista i to veker.[6] Ein tilhøyrande video vart filma i Molineir Studios, regissert av David Mallet. Mallet sa at videoen kosta 12-15 000 pund å filma og la til: «Dei fleste opptaka eg gjorde med Lizzy på den tida varte berre ein dag - kanskje åtte eller ti timar med opptak.»[7] Videoen var det første forsøket til bandet på ein kortfilm i staden for ein enkel video av ein bandopptreden.[7] Videoen inneheldt Hot Gossip-dansarane Perri Lister, Dominique Wood og Carole Fletcher.

«Just the Two of Us» var B-sida til singelen og er ein Lynott/Gorham-komposisjon som ikkje vart inkludert på Black Rose-albumet. Han var berre tilgjengeleg som ein del av singelen fram til utgivinga av Vagabonds Kings Warriors Angels.

Seinare utgivingar[endre | endre wikiteksten]

Låten har vore med på fleire Thin Lizzy-samlealbum, m.a.: The Adventures of Thin Lizzy gitt ut i 1981, Dedication: The Very Best of Thin Lizzy gitt ut i 1991, og Wild One: The Very Best of Thin Lizzy gitt ut i 1996. Den vart seinare inkludert på boksen Vagabonds, Kings, Warriors, Angels i 2002, og dessutan Greatest Hits og Definitive Collection.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Thin Lizzy singles UK cat no.». 
  2. 2,0 2,1 Black Rose: A Rock Legend sleeve notes, Stuart Bailie, 1996.
  3. Ken Brooks, «Phil Lynott & Thin Lizzy: Rockin' Vagabond», Agenda, 2000, s.82–83.
  4. «Do Anything You Want To lyrics». LyricsFreak. 
  5. Mark Putterford, «Philip Lynott: The Rocker», Castle, 1994, s. 179.
  6. «Irish Charts - Thin Lizzy». www.irishcharts.ie. Arkivert frå originalen 18. oktober 2013. Henta 21. april 2023. 
  7. 7,0 7,1 Alan Byrne, «Thin Lizzy: Soldiers of Fortune», Firefly, 2004, s.111.