Still in Love with You av Thin Lizzy
Still in Love with You av Thin Lizzy frå albumet Nightlife | ||
Utgjeve | November 1974 | |
Innspelt | Mars og oktober 1974 | |
Sjanger | Rock, bluesrock | |
Lengd | 5:40 | |
Selskap | Mercury Records | |
Låtskrivar(ar) | Phil Lynott | |
---|---|---|
Produsent | Phil Lynott, Ron Nevison |
«Still in Love with You» er ein song av Thin Lizzy. Studioversjonen vart først gitt ut i 1974 på albumet Nightlife, og vart ein livefavoritt med gitaristane Brian Robertson, Scott Gorham, Gary Moore og John Sykes. Liveversjonar vart gitt ut på albuma Live and Dangerous, Life, BBC Radio One Live in Concert, The Peel Sessions og One Night Only.
Komposisjon
[endre | endre wikiteksten]Studioversjonen vart spelt inn i Saturn Sound Studios i Worthing i West Sussex i mars 1974 med Phil Lynott på vokal og bass, Gary Moore på gitar og Brian Downey på trommer. Moore sa seinare at songen var ein kombinasjon av to stykke; Lynott sin «Still in Love With You» med hans «I'll Help You See It Through», som han hadde jobba med i nokre år.[1][2] Moore forlét bandet månaden etter, og songen enda opp med å bli kreditert Lynott åleine på Nightlife.[3]
«Still in Love with You» var ein av demoane som sikra gruppa kontrakt med Phonogram Records sommaren 1974, då Moore hadde vorte erstatta av gitaristane Brian Robertson og Scott Gorham.[4] Manager Chris O'Donnell sa seinare at han laug til Phonogram-representantane og sa at Robertson (då 17 år gammal) spelte soloen i staden for Moore.[5] Gruppa vende tilbake til Saturn Sound i oktober for å leggja til ekstra lydspor.
På videoen sin, Still in Love with the Blues,[6] skildraRobertson songen som «ein langsam blues».
Konsertopptak og seinare versjonar
[endre | endre wikiteksten]Opphavleg var songen ein duett mellom Lynott og Moore (som kan høyrast på eit tidleg BBC-opptak), men etter Moore slutta vart den skotske songaren Frankie Miller rekruttert for å erstatta vokalpartia hans.[7] Robertson nekta likevel å spela inn gitarsoloen til Moore på nytt, og meinte at han ikkje kunne forbetrast.[2]. Trass i dette ville Robertson halda fram med å vurdera «Still in Love with You» som signaturlåten sin, og ville ikkje la han bli fjerna frå settlista til bandet.[6] Songen vart brukt som ei avslutning på konsertane deira[8] og vart eit utstillingsvindauge for kvar av dei seinare gitaristane i bandet, inkludert Moore (som vart med igjen og erstatta Robertson) og John Sykes, og var med på konsertane deira fram til bandet vart splitta i 1983.[9]
Songen blir vanlegvis spelt i tonearten a-moll, men Thin Lizzy nedstemde ofte eit halvt trinn når dei spelte live for å få eit tyngre lydbilete, slik tilfellet er på det doble livealbumet Live and Dangerous, slik at den faktiske tonearten er kammerton moll.
Live-versjonar av songen vart òg gitt ut som b-sida av singelen «Thunder and Lightning» i april 1983 og som eitt av fire spor på 12"-utgivinga av «Dedication» i 1991. Ei nyinnspeling dukka opp som ei B-side til 12" dobbeltsingelen «Out in the Fields» av Gary Moore og Phil Lynott i 1985.
Etter Lynott døydde framførte turnéversjonen av Thin Lizzy songen som ein duett i 2011-12, med vokal delt mellom klaverspelaren Darren Wharton og frontmannen Ricky Warwick.
Mottaking
[endre | endre wikiteksten]Allmusic si melding av songen seier at han «er allment rekna for å vera Thin Lizzy sin største, mest romantiske ballade.»[10]
Live and Dangerous-utgåva vart skildra av Mark Putterford som høgdepunktet i den musikalske karrieren til Lynott.[11]
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]Bobby Tench
[endre | endre wikiteksten]Still in Love with You Singel av Bobby Tench | ||
A-side |
Still in Love with You | |
---|---|---|
B-side |
Heart out of Love | |
Utgjeve | 1986 | |
Innspelt | 1986 | |
Sjanger | Rock | |
Selskap | Stiff Records | |
Låtskrivar(ar) | Phil Lynott | |
Produsent | Steve Bown, Bobby Tench | |
Bobby Tench-kronologi | ||
«Chain Gang» (1982) |
Still in Love with You |
|
Ein versjon av songen vart spelt inn av Bobby Tench,[12] og gjeven ut på Stiff Records i 1986. Denne versjonen vart spelt inn med Thin Lizzy-gitaristen Brian Robertson[13] og B-sida, kalla «Heart Out of Love», vart skriven av Peter Bardens og Tench.[14]
Curt Smith
[endre | endre wikiteksten]Det første soloalbumet til Curt Smith etter han slutta i Tears for Fears, kalla Soul on Board, avsluttar med ein versjon av songen. Smith forklarte at Lynott var ei vikitig inspirasjonskjeld efor han, sidan han sjølv var både bassist og songar.[15] Ei akustisk utgåve av songen vart i tillegg gjeven ut som B-side til singelen Words.[16]
Sade
[endre | endre wikiteksten]Still in Love With You Singel av Sade frå albumet The Ultimate Collection | ||
Utgjeve | 5. april 2011 | |
Innspelt | 2010 | |
Sjanger | R&B | |
Lengd | 4:26 | |
Selskap | Sony | |
Låtskrivar(ar) | Phil Lynott | |
---|---|---|
Produsent | ||
Sade-kronologi | ||
«The Moon and the Sky» (2010) |
Still in Love With You | «Flower of the Universe» (2018)
|
Det britiske R&B/soul-bandet Sade spelte inn songen for samlealbumet The Ultimate Collection frå 2011. Den vart gitt ut som den første singelen frå albumet og var inkludert på Sade Live-turneen. I Europa vart han gitt ut som ein promosingel saman med ein annan song frå albumet med tittelen «Love Is Found».[17]
Sade-versjonen fekk ei positiv mottaking av kritikarane ved utgivinga. Billboard skildra versjonen som «ein av dei finaste upubliserte skattane til gruppa» i meldinga si av singelen.[18] Andy Kellman frå AllMusic kalla songen «Den beste av dei nye songane» frå den nye samlinga.[19]
Salslister (Sade)
[endre | endre wikiteksten]Liste (2011) | Plassering |
---|---|
CIS (TopHit)[20] | 198 |
Japan (Japan Hot 100)[21] | 27 |
US Hot R&B/Hip-Hop Songs (Billboard)[22] | 55 |
US Smooth Jazz Songs (Billboard)[23] | 6 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Still in Love with You (Thin Lizzy song)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. april 2023.
- ↑ Putterford 1994, s. 89.
- ↑ 2,0 2,1 Byrne 2006, s. 76.
- ↑ Putterford 1994, s. 91.
- ↑ Byrne 2006, s. 72.
- ↑ Putterford 1994, s. 99.
- ↑ 6,0 6,1 «Still in Love with the Blues», JamTrax VHS video
- ↑ Putterford 1994, s. 102.
- ↑ Byrne 2015, s. 135.
- ↑ Putterford 1994, s. 249.
- ↑ Rivadavia, Eduardo. «Still in Love With You Allmusic review». allmusic.com. Henta 22. april 2023.
- ↑ Putterford, Mark (1994). Philip Lynott: The Rocker. Castle Communications. ISBN 1-898141-50-9, p151
- ↑ «Storbritannia 7« singles - The Buy series». buythehour.se. Henta 4. mars 2010.
- ↑ Nielsen, Peter. «Brian Robertson discography». robbo.thinlizzy.com. Henta 22. april 2023.
- ↑ «Bobby Tench. Still in love With you». 45cat.com. Henta 13. november 2015.
- ↑ «memories fade dot com - Still In Love With You Lyrics». 5. august 2009. Arkivert frå originalen 5. august 2009. Henta 17. mars 2021.
- ↑ «memories fade dot com - Curt Smith Diskografi: Words». memoriesfade.com. Henta 17. mars 2021.
- ↑ «Love Is Found/Still in Love With You promo single». Hung Medien. Henta 22. april 2023.
- ↑ «Still in Love With You review». magasinet Billboard/Rovi Corporation. Henta 22. april 2023.
- ↑ Andy Kellman. The Ultimate Collection. Allmusic.
- ↑ Sade — Still in Love with You. TopHit. Retrieved 22. april 2023.
- ↑ "Sade Album & Song Chart History" Japan Hot 100 for Sade. Prometheus Global Media.
- ↑ "Sade Album & Song Chart History" Billboard R&B/Hip-Hop Songs for Sade. Prometheus Global Media.
- ↑ "Sade Salslistehistorie (Smooth Jazz Songs)". Billboard. Retrieved 22. april 2023.
- Byrne, Alan (2006) [2004]. Thin Lizzy. SAF Publishing. ISBN 978-0-946-71981-5.
- Byrne, Alan (2015). Are You Ready?: Thin Lizzy: Album by Album. Soundcheck Books. ISBN 978-0-992-94808-5.
- Putterford, Mark (1994). Philip Lynott: The Rocker. Castle Communications. ISBN 1-898141-50-9.