Hopp til innhald

Black Rose: A Rock Legend

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Black Rose: A Rock Legend
Studioalbum av Thin Lizzy
Språk engelsk
Utgjeve 13. april 1979
Innspelt Desember 1978 til februar 1979
Studio Pathé Marconi EMI Studios i Paris i Frankrike,
Good Earth Studios og Morgan Studios i London, UK[1]
Sjanger
Lengd 38:49
Selskap Vertigo
Mercury (Canada)
Warner Bros. (USA)
Produsent Tony Visconti and Thin Lizzy,
Tony Visconti and Phil Lynott (on «With Love»)
Thin Lizzy-kronologi 
Bad Reputation
(1977)
Black Rose: A Rock Legend Chinatown
(1980)


Singlar frå Black Rose: A Rock Legend
  1. «Waiting for an Alibi»
    Utgjeve: 23. februar 1979
  2. «Do Anything You Want To»
    Utgjeve: 8. juni 1979
  3. «Got to Give It Up»
    Utgjeve: September 1979 (USA)[2]
  4. «Sarah»
    Utgjeve: September 1979 (Storbritannia)[3]

Black Rose: A Rock Legend er det niande studioalbumet til det irske rockebandet Thin Lizzy. Det kom ut i 1979 og er blitt skildra som eit av dei «beste, mest suksessrike albuma» deira.[4] Det var første gong bluesrock-gitaristen Gary Moore vart verande i Thin Lizzy lenge nok til å spela inn eit album, etter tidlegare korte opphald i 1974 og 1977 med bandet. Albumet nådde 2. plassen på dei britiske hitlistene,[5] noko som gjer det til det mest selde albumet deira i Storbritannia. Det var deira fjerde album på rad som vart sertifisert til gullplate av BPI.

Black Rose inneheldt den andre songen Phil Lynott skreiv om ein familiemedlem med tittelen «Sarah», den første songen med dette namnet hadde dukka opp på Shades of a Blue Orphanage frå 1972, skrive om bestemor hans, som òg heitte Sarah. Songen på Black Rose handlar om den nyfødde dotter hans.

Det siste sporet «Róisín Dubh», består av tradisjonelle songar, arrangert av Lynott og Moore, og dessutan mange originale delar. Songen «Will You Go Lassie, Go» (òg kjent som «Wild Mountain Thyme») er nokre gonger feilaktig Oppført som ein tradisjonell song, men vart faktisk skriven av William McPeake og først spelt inn av Francis McPeake. Han er kreditert på albumet til «F. McPeak.»

Minst to av songane – «Waiting for an Alibi» og «S & M» – vart debutert på forsommaren 1978 før Brian Robertson forlét bandet.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[6]
Collector's Guide to Heavy Metal10/10[7]
Smash Hits6/10[8]

I ei samtidig positiv melding for det irske tidsskriftet Hot Press noterte Dermot Stokes: «Black Rose markerer ikkje noko stort avvik det krystalliserte bilete og lyden til Thin Lizzy», sjølv om «ei poppa kjensle insinuerer seg her og der – tilsynelatande med vilje». Han var likevel tvilande til den roseraude visjonen av Irland som blir lagt fram i tittelsporet og lurte på om bandet hadde mista kontakten med det verkelege livet i landet sitt.[9] Red Starr skreiv i Smash Hits at albumet «mangla minneverdige melodiar» og at «blandinga av tradisjonelle melodiar i tittelsporet er eit uheilagt rot». Starr erkjende at fansen ville vera nøgd med «omarbeidinga av deira kjende hardrock-stil», men heldt fram med å merka seg at det var: «ingenting nytt for resten av oss.»[8]

I ei moderne melding skildra Greg Prato frå AllMusic albumet som: «det siste sanne klassiske albumet til Thin Lizzy» og «deira mest musikalsk varierte, fullenda og vellykka studioalbum». Han rosa nærværet til Moore som: «ein perfekt match» og trekte fram «Do Anything You Want To», «Waiting for an Alibi» og «Sarah» som utmerkte spor. Han rosa òg tittelsporet og «den fantastiske, komplekse gitarsoloen.»[6] I sin Collectors Guide to Heavy Metal definerte Martin Popoff albumet som «ei sjarmerande utgiving» der «Waiting for an Alibi» og «Got to Give It Up» står fram som «to Thin Lizzy-klassikarar» og tittelsporet «er på eit plan meir i liga med fin litteratur enn noko så simpelt som rock 'n' roll.»[7]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Do Anything You Want To»Phil Lynott3:53
2.«Toughest Street in Town»Scott Gorham, Lynott, Gary Moore4:01
3.«S & M»Brian Downey, Lynott4:05
4.«Waiting for an Alibi»Lynott3:30
5.«Sarah»Lynott, Moore3:33
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Got to Give It Up»Gorham, Lynott4:24
7.«Get Out of Here»Lynott, Midge Ure3:37
8.«With Love»Lynott4:38
9.«Róisín Dubh (Black Rose): A Rock Legend" Lynott, Moore
  • Traditional, arrangert av Lynott og Moore
  • Francis McPeake
  • Traditional, arrangert av Lynott og Moore
  • Traditional, arrangert av Lynott og Moore
  • 7:06

    Luksusutgåve

    [endre | endre wikiteksten]

    Ei nymastra og utvida utgåve av Black Rose kom ut 27. juni 2011. Denne nye utgåva er ei dobbelplate med det originale albumet på pate ein og bonusmateriale på plate to.

    Plate to
    Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
    1.«Just the Two of Us» (B-side til «Do Anything You Want To»)Lynott, Gorham2:47
    2.«A Night in the Life of a Blues Singer» (lengre versjon)Lynott5:44
    3.«Rockula (Rock Your Love)»Jimmy Bain4:16
    4.«Don't Believe a Word» (langsam versjon med Lynott og Moore på vokal)Lynott3:18
    5.«Toughest Street in Town» (anna versjon) 3:58
    6.«S&M» (Nassau-innspeling, 1978) 3:18
    7.«Got to Give It Up» (Nassau-innspeling, 1978) 3:25
    8.«Cold Black Night» (Nassau-innspeling, 1978)Moore3:37
    9.«With Love» (Nassau-innspeling, 1978) 4:33
    10.«Black Rose» (Nassau-innspeling, 1978) 4:04
    Total lengd:39:00
    • Waiting For An Alibi/With Love – 7" (1979)
    • Do Anything You Want To/Just The Two Of Us – 7" (1979)
    • Do Anything You Want To/S & M – 7" (1979)
    • Got To Give It Up/With Love – 7" (1979)
    • Sarah/Got To Give It Up – 7" (1979)
    • Star Trax EP: Jailbreak/Johnny The Fox Meets Jimmy The Weed/The Boys Are Back In Town/Waiting For An Alibi – 7" (1979)

    Medverkande

    [endre | endre wikiteksten]
    Thin Lizzy
    Andre medverkande
    Produksjon

    Salslister

    [endre | endre wikiteksten]
    Liste (1979) Plassering
    Australske album (Kent Music Report)[10] 29
    Newzealandske album (Recorded Music NZ)[11] 48
    Norske album (VG-lista)[12] 15
    Svenske album (Sverigetopplistan)[13] 8
    Britiske album (OCC)[14] 2
    US Billboard 200[15] 81

    Waiting for an Alibi

    Liste (1979) Plassering
    Irland (IRMA)[16] 6
    UK Singles (Official Charts Company)[17] 9

    Do Anything You Want To

    Liste (1979) Plassering
    Irland (IRMA)[18] 25
    UK Singles (Official Charts Company)[19] 14

    Sarah

    Liste (1979) Plassering
    Irland (IRMA)[20] 26
    UK Singles (Official Charts Company)[21] 24

    Salstrofé

    [endre | endre wikiteksten]
    Region Salstrofé Salstal
    Storbritannia (BPI)[22] Gull 100 000^

    ^salstala er basert på sertifiseringa aleine
    xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

    1. 1,0 1,1 Byrne, Alan (2006). Thin Lizzy: Soldiers of Fortune. London, UK: SAF Publishing. s. 131. ISBN 978-0946719815. Henta 25. april 2023. 
    2. Strong, Martin Charles (1995). The Great Rock Diskografi. s. 829. ISBN 9780862415419. 
    3. «Thin Lizzy singles UK cat no.». 
    4. Dave Simpson (7. februar 2011). «Gary Moore: the gitarist as gunslinger». The Guardian. Henta 25. april 2023. 
    5. «Thin Lizzy Official Charts». Official Charts Company. Henta 24. april 2023. 
    6. 6,0 6,1 Prato, Greg. «Thin Lizzy - Black Rose review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. april 2023. 
    7. 7,0 7,1 Popoff, Martin (October 2003). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 1: The Seventies. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 280. ISBN 978-1894959025. 
    8. 8,0 8,1 Starr, Red (17. mai 1979). «Albums». Smash Hits 1 (12): 25. 
    9. Stokes, Dermot (3. mai 1979). «Black Rose». Hot Press. Henta 22. februar 2018. 
    10. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 19. ISBN 0-646-11917-6. 
    11. "Thin Lizzy – Black Rose: A Rock Legend". Charts.org.nz. Hung Medien.
    12. "Thin Lizzy – Black Rose: A Rock Legend". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
    13. "Thin Lizzy – Black Rose: A Rock Legend". Swedishcharts.com. Hung Medien.
    14. "Thin Lizzy | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
    15. "Thin Lizzy Album & Song Chart History" Billboard 200 for Thin Lizzy. Prometheus Global Media. Henta 23. april 2023.
    16. "The Irish Charts – Search Results – Dancing in the Moonlight (It's Caught Me in Its Spotlight)". Irish Singles Chart.
    17. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
    18. "The Irish Charts – Search Results – Do Anything You Want To". Irish Singles Chart.
    19. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
    20. "The Irish Charts – Search Results – Sarah". Irish Singles Chart.
    21. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
    22. «British album salstrofé – Thin Lizzy – Black Rose: A Rock Legend». British Phonographic Industry.  Enter Black Rose: A Rock Legend in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go