Waiting for an Alibi
Waiting for an Alibi Singel av Thin Lizzy frå albumet Black Rose: A Rock Legend | ||
B-side |
With Love | |
---|---|---|
Utgjeve | 23. februar 1979 | |
Innspelt | Desember 1978 | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 3:29 | |
Selskap | Vertigo | |
Låtskrivar(ar) | Phil Lynott | |
Produsent | Tony Visconti and Thin Lizzy | |
Thin Lizzy-kronologi | ||
«Rosalie/Cowgirl's Song» (Medley) (1978) |
Waiting for an Alibi | «Do Anything You Want To» (1979)
|
«Waiting for an Alibi» er ein song av det irske rockebandet Thin Lizzy, og den første singelen frå albumet deira, Black Rose: A Rock Legend, i 1979.[1] Black Rose var det einaste Thin Lizzy-albumet som vart spelt inn medan Gary Moore var medlem av bandet,[1] og han forlét bandet kort tid etter.
Songen vart gitt ut som singel og nådde 9. plassen på UK Singles Chart[2] og sjetteplassen i Irland,[3] og det vart filma ein tilhøyrande musikkvideo . Bandet promoterte singelen med ein opptreden på The Kenny Everett Video Show,
Ein utvida versjon av dette sporet finst på samleplata The Adventures of Thin Lizzy gitt ut i 1981,[4] Dedication: The Very Best of Thin Lizzy gitt ut på CD i 1991,[5] og dessutan Wild One: The Very Best of Thin Lizzy, gitt ut i 1996.[6] Han finst òg på samlealbumet Lizzy Killers (1981)[7] og Soldier of Fortune (1987).[8] Denne versjonen varer 4:08 og har eit tredje vers og refreng som ikkje er med på singelen.
Historikk
[endre | endre wikiteksten]Før utgivinga vart låten omarbeidd frå den opphavlege innspelinga. Ein demo av songen vart spelt inn tidleg i 1978 med Brian Robertson på sologitar saman med Scott Gorham (dette var før Gary Moore kom tilbake til bandet). Songen vart òg spelt på den store konserten til Thin Lizzy i Sydney Harbour i slutten av 1978, der versjonen som vart framført kan skildra lyrisk som ei kryssing mellom den opphavlege demoen og den endelege versjonen som vart gitt ut året etter.
Då Moore forlét Thin Lizzy i juli 1979 vart Midge Ure henta inn for å hjelpa til med å fullføra ein turné i USA, og vart den første i ei rekkje gitaristar som framførte songen med bandet. Han vart etterfølgd av Dave Flett, Snowy White og John Sykes før Thin Lizzy vart splitta i 1983. I seinare inkarnasjonar av bandet spelte òg Vivian Campbell, Richard Fortus og Damon Johnson Moore sitt parti.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Phil Lynott – bassgitar, solovokal
- Scott Gorham – sologitar
- Gary Moore – sologitar
- Brian Downey – trommer
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Waiting for an Alibi» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Black Rose: A Rock Legend - Thin Lizzy | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 22. april 2023.
- ↑ «waiting for an alibi | full Official Chart History | Official Charts Company». Officialcharts.com. Henta 22. april 2023.
- ↑ «Irish Charts - Thin Lizzy». Irishcharts.ie. Henta 21. april 2023.
- ↑ «Adventures of Thin Lizzy - Thin Lizzy | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 22. april 2023.
- ↑ «Dedication: The Very Best of Thin Lizzy - Thin Lizzy | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 22. april 2023.
- ↑ «Wild One: The Very Best of Thin Lizzy - Thin Lizzy | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 22. april 2023.
- ↑ «Lizzy Killers - Thin Lizzy | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 22. april 2023.
- ↑ «Soldier of Fortune - Thin Lizzy | Songs, Reviews, Credits». AllMusic. Henta 22. april 2023.