Jordomreise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.


Jordomreise, jorda rundt-reiser eller jorda rundt-ekspedisjonar er reiser som går rundt heile jordkloden.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Dei store geografiske oppdagingane på 1500-talet med Magellans og Sir Francis Drake sin sjøreiser var byrjinga. Utgjevinga av Jules Vernes roman Jorda rundt på 80 dagar og En verdensomseiling under havet1870-talet bidro til å setja fantasien i sving og draumen om ei jorda-rundt-ferd vart sterkare hos mange menneskje. Til då var jorda-rundt-turar forbeholdt eventyrere og oppdagarar.

Etter at flyselskap og reisebyrå på 1990-talet kunne tilby jorda-rundt-turar med rutefly for ein pris ned mot ca. 12 000 kroner er det mange som har kunna gjennomføra draumen, men slike reiser vert av ein heilt annan karakter enn reisa som er nemnt nedanfor. Den store auken av private fly-eigarar frå 1970-talet har òg ført til at fleire einskildpersonar har gjort slike reiser med eigne fly. Det internasjonale luftsportsforbundet FAI (Fédération aéronautique internationale) registrerer slike flyvninger. For å kvalifisera til denne lista må det flygast over to antipodar. Det er òg krav at den loggførde distanse skal vera minst 36 78 559 kilometer, ein distanse som tilsvarer omtrent omkretsen av ein vendekrets.

Nokon kjende og mindre kjende jorda-rundt-reiser[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjon av Ferdinand Magellans «Victoria».

Sjøreiser[endre | endre wikiteksten]

  • 1519 til 1522 segla den spanske offiseren Juan Sebastián Elcano, i Ferdinand Magellans ekspedisjon, jorda rundt frå Spania i vestleg retning. Magellan døydde på Filippinene.
  • 1577 til 1580 segla Francis Drake med flaggskipet «Pelican» og fire andre skip for å utforska Magellanstredet og gjennomførde ei segling jorda rundt.

Fram til det 20. århundre kjenner historia lite til andre jordomseilinger.

  • Frå 1895 til 1898 segla den amerikanske sjøkapteinen Joshua Slocum åleine i kutteren til frå Boston til han tre år seinare kom attende til Rhode Island.
    Typisk rute for jordomseiling i dag, via Panamakanalen og Suezkanalen.
  • I 1933 segla tre nordmenn Bryhn, Schyberg og Østmoen jorda rundt med ein tidlegare redningsskøyte som vart døypt «Ho-Ho».
  • Sidan 1973 er Whitbread Round the World Race vorte arrangert. Frå 2001 overtok Volvo ansvaret og seilasene vert no kalla Volvo Ocean Race.
  • Frå 1968 til 1969: Robin Knox-Johnston vann Sunday Times' Golden Globe Race for raskaste jorda rundt tur åleine, frå 14. juni 1968 til 22. april 1969
  • Frå 1984 til 1986 segla Ragnar Thorseth jorda rundt med vikingknarren «Saga Siglar».
  • I 1987 la forfattaren og globetrotteren Ragnar Kvam jr. ut på ein jordomseiling med ein 37 fot sin seilbåt. Med fleire avbrekk var Kvam tilbake i Noreg i 2001.
  • Frå 1987 til 1988: Australske Kay Cottee vart første kvinne til å segla solo jorda rundt nonstop. Ho brukte 189 dagar med sluppen «First Lady».
  • I mai 2010 fullførde ein australsk 16 år gammal jente, Jessica Watson, ei ferd jorda rundt i seilbåten Pink Lady. Ho er til no den yngste som har gjennomført ein slik ferd åleine. Ho tilbakela 40 000 km på 210 dagar.
  • Frå 2011 til 2015: Som den første i norgeshistorien gjennomførde Stig Åre Ørsnes ein solo-seilas jorda rundt via Kapp Horn og Kapp det gode håp Denne seilasen gjorde han i den sjølvbygde 35 fot Colin Archer-skøyte Snorre Viking.

Luftskip – fly – romfart[endre | endre wikiteksten]

Amerikansk luftpostmerke frå 1930 med motiv av «Graf Zeppelin».
  • I 1929, frå 8. august til 29. august gjennomførde luftskipet «Graf Zeppelin» ein jordomflyvning med start og mål i Lakehurst, New York. «Graf Zeppelin» flaug attende over Atlanterhavet til hjemmebasen Friedrichshafen for drivstoff og heldt fram over det øyde Sibir til Tokyo. Over Sibir vart det konstatert at Severnaja Zemlja ikkje var éin, som tidlegare anteke, men to øyar. «Graf Zeppelin» heldt vidare fram over Stillehavet til Los Angeles. Dette var den fyrste non-stop flyging over Stillehavet og luftskipet held fram over det amerikanske kontinent og var tilbake i Lakehurst 29. august. Heile reisa tok 21 dagar, 5 timar og 31 minutt. Luftskipet gjennomførde ein distanse på 49 618 km (inkludert flyvningen frå og til Friedrichshafen) og var tilbake i Friedrichshafen 1. september.
  • I 1931 Gjennomførde Wiley Post med Harold Gatty som navigatør ein flyvning jorda rundt med 14 mellomlandingar. Han bruka 8 dagar, 15 timar og 51 minutt. Han flaug tilnærma langs den 60. breiddegraden, ca. 25 000 km. Post gjentok turen åleine i 1933, då var flyet utstyrt med mellom anna autopilot og radiopeiler. Han gjennomførde turen éin dag raskare: 7 dagar, 18 timar og 19 minutt.
  • I 1932 gjorde den tyske luftfartspioneren Wolfgang von Gronau ein flytur jorda rundt med ein Dornier Wal flybåt i løpet av fire månader med 44 mellomlandingar.
  • I 1937 freista den amerikanske flyveren Amelia Earhart med Willey Noonan som navigatør å fly rundt jorda i ei rute tilnærma langs ekvator, ca. 40 000 kilometer. Forsøket mislukkast og flyet styrta i Stillehavet.
  • I 1938 gjennomførde den kjende industrimannen, filmskodespelaren og flyveren Howard Hughes ei jorda-rundt flyvning med ein Lockheed Electra. Han følgde ei rute som i det store og heile følgde den som Wiley Post nytta fem år tidlegare, i 1933. Men han sette ny rekord og halverte Posts tid. Hughes brukte 3 dagar, 19 timar og 17 minutt. Den halverte reisetiden vert først og frams skulda og framt at Hughes med sit to-motors fly. Flyet hadde åtte sete og kunne ta med ekstra besetning og var ikkje avhengig av stopp for kvilepausar undervegs. Han hadde opphavleg planlagt å nytta prototypen til Douglas DC-1 som han hadde skaffa.
  • I 1947 gjennomførde ein amerikansk B-29 «Lucky Lady» ein flyvning rundt jorda i løpet av 94 timar og 1 minutt utan mellomlanding, men med tanking i lufta tre gonger undervegs.
  • I 1947 introduserte flyselskapet Pan Am sin legendariske, «Pan Am Flight PA 001» som starta i San Francisco og så hoppa kloden rundt. Selskapet heldt denne ruta gåande i nesten 40 år. Med propellfly tok turen 13 dagar med natt-stopp. Samla flytid 103 flytimer. Ved introduksjon av jet i 1958 vart flytiden halvert.
  • I 1961. Den russiske kosmonauten Jurij Gagarin i det sovjetiske romfartøyet Vostok 1 reiste éin gong rundt jorda i løpet av 108 minutt.
  • I 1971 gjennomførde den amerikanske yrkespiloten og forfattaren av luftfartslitteratur, Elgen M. Long, ei jorda rundt flyvning på tvers av breiddegradane og passerte over både Nordpolen og Sørpolen. Turen tok 215 timar og loggførd distanse var 62 596 kilometer. Han flaug eit Piper PA-31 Navajo småfly.
  • I 1986 flaug Richard Rutan og Jeana Yeagar (USA) rundt jorda utan tanking med «Voyager».
  • I 1999 vart Bertrand Piccard og Brian Jones dei første til å fly jorda rundt i ein varmluftballong.
  • I 2002 tok Steve Fossett av med ein ballong i Northam, Vest-Australia, og fløy verda rundt åleine. Han landa igjen i Australia 19. juni til 2. juli.
  • I 2005, frå 28. februar til 3. mars, gjennomførde det amerikanske eksperimentflyet Virgin Atlantic Global Flyer ei jorda rundt flyvning med Steve Fossett som pilot åleine utan stopp og utan å fylla drivstoff. Turen tok 67 timar. Bygginga av flyet vart støtta økonomisk av den britiske forretningsmannen [[Virgin Atlantic Airways|Richard Bransons flyselskap Virgin Atlantic.

Til lands og til vanns[endre | endre wikiteksten]

  • I 1889 reiste den kvinnelege journalisten Nellie Bly jorda rundt, omtrent som i boka * 1951: Einaste kjende ferd jorda rundt med amfibiekjøretøy vart gjennomførd av australieren Bein Carlin i amfibiejeepen «Half Safe». Ferda var på 62 000 km på landjorda og 15 450 på sjø og elver.
  • 1951: Einaste kjende ferd jorda rundt med amfibiekjøretøy vart gjennomførd av australieren Bein Carlin i amfibiejeepen «Half Safe». Ferda var på 62 000 km på landjorda og 15 450 på sjø og elver.
Første generasjon Citroën 2 CV.
  • I 1958 – 1959 reiste to unge franskmenn, (Jean-Claude Baudot og Jacques Séguèla) jorda rundt i ein Citroën 2 CV. Bilen vart teken på båt over Middelhavet frå Port Vendres til Algerie. Over Atlanterhavet frå Cape Town til Rio de Janeiro og over Stillehavet frå San Francisco til Yokohama. Dei brukte 13 månader på turen, køyrde 100 000 kilometer, brukte 5 000 liter bensin og sleit ut 36 dekk.[1]
  • I 2002 – 2005 laup ein dansk mann, Jesper K. Olsen, jorda rundt. Det tok 22 månader.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Drive around the World

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]