Karl Gutzkow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Karl Gutzkow

Pseudonym Leonhard Falk, Karl Gutzkone, E. L. Bulwer
Statsborgarskap Kongedømet Preussen
Fødd 17. mars 1811
Berlin
Død

16. desember 1878 (67 år)
Frankfurt am Main

Yrke journalist, skribent, romanforfattar, skodespelforfattar, litteraturkritikar
Sjanger roman
Karl Gutzkow på Commons

Karl Ferdinand Gutzkow (17. mars 181116. desember 1878) var ein tysk forfattar og publisist.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Gutzkow var fødd i Berlin som son av ein hestetrenar i ein fyrsteleg hofstall, og voks opp i tronge kår (skildra i Aus der Knabenzeit). Frå 1828 studerte han hegelsk filosofi, filologi og statsvitskap, og vann prisen for ein rettshistorisk avhandling nett då julirevolusjonen braut ut. Gutzkow blei djupt gripen av denne hendinga, og sjølv om han var like før lærareksamenen, bestemte han seg for å gje opp desse studia og kasta seg med brennande iver inn i litteraturen. Han blei den fremste krafta i krinsen som blei kalla Das junge Deutschland. Avsiartiklane hans blei lagt merket til av Wolfgang Menzel, som baud Gutzkow til å bli med på litteraturbladet Cottaska som han redigerte og gav ut i Stuttgart. Etter å ha tatt doktorgrad i Berlin fortsette Gutzkow studiane sine i ulike vitskapar og dyrka samtidig skjønnlitteraturen, der han let novelleforma vera ei maske for revolusjonære tankar.

I den filosofisk satiriske romanen Maha Guru, Geschichte eines Gottes (1833) retta han under dekke av ei skildring av tibetansk teokrati åtak mot europeiske tilhøve. I eit forord til eit brev av Schleiermacher om Friedrich Schlegel sitt verk Lucinde, som han gav ut i 1835, tala han for frigjeringa av ekteskapet frå kyrkja. Det la han fram maksimene som etter lange kampar føre til innføringa av borgarleg vigsel innføring. Han tala òg til ein viss grad om fri kjærleik, det motstandarane hans kalla «Emancipation des Fleisches». Romanen hans Wally, die Zweiflerin (1835) uttrykte desse ideane og opposisjonen hans mot openberringstrua i nærare detalj, og vekte stor skandale. Menzel, som også var arg over at Gutzkow ville gje ut si eiga avis, Deutsche Revue, talte imot den han tidlegare hadde verna, og gjekk ikkje berre ut mot hans, men fleire andre forfattarar frå «det unge Tyskland». Dette gav grunnlag for forbodet som den tyske forbundsdagen la ned i 1835 mot alle skrifta til desse forfattarane.

Gutzkow sat tre månader i fengsel. Der utarbeidde han Zur Philosophie der Geschichte (trykt 1839), som mellom anna stemte Menzel inn for domstolen til den sunne fornuft og elles søkte tilbakevisa den historiske filosofien til Hegel. Gutzkow utvikla seg meir og meir til ein leiar for den tyske ungdommen, både som kritikar og sjølvstendig forfattar. Han er representant for nyare idear i tendens, medan den artistiske forma hans snarare sluttar seg til tradisjonen. Frå 1836 gav ha ut tidsskriftet Der Telegraph, dels i Frankfurt og dels i Hamburg.

Gutzkow var dramaturg ved hoffteateret i Dresden i 1846–1850, og budde i byen til 1861, den lykkelegaste tida hans. Han medverka ved opprettinga av Schillerstiftinga i Weimar, som han blei generalsekretær for i 1861. Han kom i strid med resten av styret og prøvde i eit anfall av nervøsitet å utføra sjølvmord i 1865. Etter eit opphald på sinnsjukanstalt tok han opp att forfattarverksemda si. Han budde i Hanau, Berlin, Heidelberg og Frankfurt. Forfattarskapen hans i desse urolege åra var i høg grad vekslande; han skreiv om ei rekkje ulike emne. Ein av tekstane hans var den for viktige avhandlinga i samtida, Goethe im Wendepunkt zweier Jahrhunderte (1836), eit goethevennleg motskrift mot åtaka Menzel hadde retta mot meisteren. Han skreiv også biografiske tekstar, Zeitgenossen (1837) og så vidare.

Han hadde størst suksess innan drama. Med Richard Savage (1839) hadde han det fyrste vellukka forsøket sitt, der han under maska til ein fattig poet frå dagane til dronning Anna idealiserer publisistkallet i tida. Deretter følgde fleire drama, der han framstilte konfliktar mellom hjartet og den bereknande forstanden, blygskap og ambisjon. Til desse høyrer Werner oder Herz und Welt (1840), Ella Rose (1856) med fleire. Gutzkow skreiv òg tragediar, som i Patkul (1840), og hadde her den største suksessen sin med den kjende Uriel Acosta (1846).

Denne toleranse- og tankefridomstragedien var påverka av Gotthold Ephraim Lessing sitt Nathan der Weise og bygde, under påverknad frå fransk skodespelarkunst, også på ungdomsnovella hans «Der Sadduceer von Amsterdam». Mot bakgrunnen av den amsterdamske synagogen på 1600-talet tek stykket for seg kampane og lidingane til ein jødisk kjettar, og konflikten mellom omsynslaust vedkjenning av sanninga og omsyn til vane, pietet og familielukke. Vidare følgde lystspela Die Schule der Reichen (1842), Zopf und Schwert (1843), eit vellukkat forsøk på ei humoristisk skildring stridane i familien til Fredrik Vilhelm I, Das Urbild de Tartuffe (1844), ein molièrestudie og samstundes ei hylling av Molière, og dessutan Der Königsleutenant (1849), ei skildring av Goethe som ung.

Gutzkow skreiv også romanar over fleire band, nokre av dei medkulturhistorisk innhald: Die Ritt vom Geist (1850–52), som skildrar overgangstida mellom 1849 og 1850, då demokratiet var slått, men den strenge konservatismen enno ikkje hadde sigra; «riddarane» drøymer om at gjennom eit hemmeleg forbund av kjærleik og brorskap kunna nedkjempa den konservative reaksjonen, og boka gir eit interessant spegelbilde av tida. Der Zauberer von Rom (1858–1861) hadde likevel større tyding, som i kjensla for brytinga mellom katolisisme og protestantisme gav ei særleg skildring av kulturen og kamplysten til det katolske Tyskland; Hohenschwangau (1867–1868) er ein historisk roman med emne frå reformasjonstida. Av mindre tyding er Die Söhne Pestalozzis (1870), Fritz Ellrodt (1871) og Die neuen Serapionsbrüder (1875).

Gutzkow sine Schriften kom ut i 13 band i 1845–1856; Gesammelte Werke kom ut i 32 band i 1873–1878. Betydelege arbeid frå tida rett etter hans eiga som handlar om han er Adolf Stern sin Zur Literatur der Gegenwart (1880), Johanne Proelß sin Das junge Deutschland (1892), Heinrich Hubert Houben sin Studien über die Drammen Gutzkows (1899) og Gutzkow-funde (1901), August Caselmann sin Karl Gutzkows Stellung zu denn religiös-ethischen Problema seiner Zeit (1900), og Joseph Émile Dresch sin Gutzkow et la jeune Allemagne (1904).

Komedien Tartuffes urbild blei framført på Kongelege Teateret i Stockholm i juni 1846.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Spektakler. Kongl Theatern». 15. juni 1846. s. 1.