Live at Leeds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Live at Leeds
Konsertalbum av The Who
Utgjeve 16. mai 1970
Innspelt 14. februar 1970, University of Leeds i Leeds i Storbritannia
Sjanger Rock, hardrock
Lengd 36:24
Selskap Decca/MCA
Produsent Jon Astley, Kit Lambert og The Who
Kritikk
The Who-kronologi
Tommy
(1969)
Live at Leeds Who's Next
(1971)

Live at Leeds er det første konsertalbumet til The Who og det einaste konsertalbumet som kom ut medan bandet var aktivt. Det vart først gjeve ut 16. mai 1970 av Decca og MCA i USA og 23. mai 1970 i Storbritannia av Track og Polydor. Albumet har seinare vorte gjeven ut i fleire ulike format. I 2003 vart albumet rangert på 170. plass på lista til musikkamagasinet Rolling Stone over dei 500 største album gjennom tidene.

Albumet er av fleire trekt fram som det beste konsertalbumet i rockehistoria[1][2][3][4][5] og er inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[6] Albumet er òg ein del av lista Album gjennom tidene med høgast lyd til musikkmagasinet Q.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Blå plakett ved University of Leeds til minne om albumet

Etter dei gav ut albumet Tommy i midten av 1969 la The Who ut på ein omfattande verdsturne og kom tilbake til England året etter med ønske om å spele inn eit konsertalbum frå turneen. Dei ønskte derimot ikkje å høyre på dei om lag 80 timane med musikk dei hadde spelt inn for å velje ut kva som var dei beste songane for albumet. Det gjekk rykter om at Pete Townshend øydela lydbanda for å unngå piratopptak, men dette vart seinare avkrefta av Roger Daltrey i eit intervju.

To konsertar vart så planlagt, eit ved University of Leeds og eit anna i Hull, for å spele inn albumet. Konsertane vart halde 14. februar (Leeds) og 15. februar (Hull) 1970, men tekniske problem med innspelinga frå Hull-konserten — bassgitaren vart ikkje speltinn på enkelte av songane — gjorde at dei valde konserten frå Leeds for albumet. Trass i at mange tilhengjarar og kritikarar har rosa Leeds-konserten, meinte bandmedlemmene at innspelinga i Hull høyrdest betre ut med betre akustikk i lokalet.

Omslag[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget ser ut slik plateomslaga piratopptak såg ut på denne tida, eit enkelt brunt pappomslag med «The Who Live At Leeds» trykt i enkle blå eller raude bokstavar, som om dei var stempla på med blekk. Det opphavlege plateomslaget kunne opnast opp og hadde ei lomme på kvar side på innsida med plata på eine sida og forskjellige ting på andre sida, som bilete, tekstar, ei oppskrift for røykbomber og ein tidleg «Maximum R&B»-plakat som synet Pete Townshend som gjer vindmølla på Rickenbackeren sin.

Lovord[endre | endre wikiteksten]

Live at Leeds var særs kritikarrost og The New York Times hevda det var «det beste konsertalbumet laga i rockehistoria nokon gong». Dette omdømet har albumet framleis og nyleg sette musikkmagasinet Q albumet øvst på lista over dei største konsertalbuma nokon gong.[7]

Omdømet til albumet har vorte så høgt at spisesalen i University of Leeds har vorte erklært eit nasjonalt landemerke i Storbritannia og minna med ein blå plakett.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

I 1996 vart albumet første gong gjeven ut på CD. Den nymastra CDen inneheldt songar og introduksjonar til songane som vart fjerna frå den opphavlege utgjevinga. Enkelte stader, mellom anna på «My Generation», vart dei opphavlege vokalpartia erstatta av nye opptak av Daltrey.

«Fortune Teller» og «Young Man Blues» er R&B-songar som var ein del av standardrepertoaret til The Who på denne tida. «Shakin' All Over» er ei utgåve av Johnny Kidd frå 1960 og «Summertime Blues» ei utgåve av ein Eddie Cochran-song.

«My Generation» er dradd ut til nesten seksten minuttar og inneheld utdrag av «See Me, Feel Me» / «Listening To You», «Sparks"», instrumentalriffet frå slutten av «Naked Eye», «The Seeker» og fleire andre ukjende tema. «Magic Bus» er dradd ut til sju og eit halvt minutt (klippa ned til 9:42). Resten av spora er stort sett som på albuma, men spelt som ein hard-rock power trio i staden for å prøve å gjenskape lydbilete frå originalinnspelinga.

Ein liknande konsert frå seinare på året vart gjeven ut i 1996 som Live at the Isle of Wight Festival 1970 i lag med filmen Listening to You: The Who at the Isle of Wight Festival.

I 2001 vart albumet gjeve nut på ny som del av Universal Deluxe Edition-serien. Deluxe-utgåva inneheld meir prat mellom songane og ei nesten komplett framføring av Tommy på plate to, som inneheld alle songar på plata bortsett frå «Cousin Kevin», «Underture», «Sensation» og «Welcome», som ikkje vart framført på konserten. På konserten vart Tommy framført mellom «A Quick One, While He's Away» og «Summertime Blues»; Deluxe Edition.

Eit utdrag frå denne innspelinga av «We're Not Gonna Take It»— med tittelen «See Me Feel Me/Listening to You»—vart òg tidlegare gjeven ut i boksen Thirty Years Of Maximum R&B.

Under konserten vart «Summertime Blues», «Shakin' All Over», «My Generation» og «Magic Bus» spelt etter Tommy, men for å gjere det lettare for lyttaren vart heile Tommy-delen av konserten plassert på plate to, og dei fire andre songane plasserte på slutten av plate ein.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Young Man Blues» (Mose Allison) 5:51
2. «Substitute»   2:05
3. «Summertime Blues» (Jerry Capehart, Eddie Cochran) 3:22
4. «Shakin' All Over» (Johnny Kidd) 4:15
Side to
# Tittel Lengd
5. «My Generation»   14:27
6. «Magic Bus»   7:30

1995-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde. 

# Tittel Lengd
1. «Heaven and Hell» (John Entwistle) 4:50
2. «I Can't Explain»   2:58
3. «Fortune Teller» (Naomi Neville) 2:34
4. «Tattoo»   3:42
5. «Young Man Blues» (Mose Allison) 5:51
6. «Substitute»   2:06
7. «Happy Jack»   2:13
8. «I'm a Boy»   4:41
9. «A Quick One, While He's Away»   8:41
10. «Amazing Journey/Sparks»   7:54
11. «Summertime Blues» (Capehart og Cochran) 3:22
12. «Shakin' All Over» (Johnny Kidd) 4:34
13. «My Generation»   15:46
14. «Magic Bus»   7:46

Deluxe-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde. 

Plate ein
# Tittel Lengd
1. «Heaven and Hell» (John Entwistle) 4:50
2. «I Can't Explain»   2:58
3. «Fortune Teller» (Naomi Neville) 2:34
4. «Tattoo»   3:42
5. «Young Man Blues» (Mose Allison) 5:51
6. «Substitute»   2:06
7. «Happy Jack»   2:13
8. «I'm a Boy»   4:41
9. «A Quick One, While He's Away»   8:41
10. «Summertime Blues» (Capehart og Cochran) 3:22
11. «Shakin' All Over» (Johnny Kidd) 4:34
12. «My Generation»   15:46
13. «Magic Bus»   7:46
Plate to
# Tittel Lengd
1. «Overture»   6:53
2. «It's a Boy»   0:38
3. «1921»   2:49
4. «Amazing Journey»   3:18
5. «Sparks»   4:23
6. «Eyesight to the Blind (The Hawker)»   1:58
7. «Christmas»   3:19
8. «The Acid Queen»   3:18
9. «Pinball Wizard»   2:25
10. «Do You Think It's Alright?»   0:22
11. «Fiddle About»   1:13
12. «Tommy, Can You Hear Me?»   0:55
13. «There's a Doctor»   0:23
14. Utan namn   3:24
15. «Smash the Mirror»   1:19
16. «Miracle Cure»   0:13
17. «Sally Simpson»   4:01
18. «Sensation»   2:27
19. «I'm Free»   2:39
20. «Tommy's Holiday Camp» (Moon) 1:00
21. «We're Not Gonna Take It»   8:48

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Hope I don't have a heart attack". Telegraph.co.uk (22. juni 2006). Henta 11. juli 2009.
  2. Live at Leeds: Who's best... The Independent (7. juni 2006). Henta 11. juli 2009.
  3. Hyden, Steven. THE WHO: Live at Leeds. PopMatters.com (29. januar 2003)
  4. The Who: Live at Leeds. BBC - Leeds - Entertainment (18. august 2006). Henta 11. juli 2009
  5. Live at Leeds. Rolling Stone magazine (1. november 2003) (Henta 11. juli 2009)
  6. 1001 albums You Must Hear Before You Die frå www.rocklistmusic.co.uk (Henta 11. juli 2009)
  7. Live at Leeds - again

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]