A Quick One

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
A Quick One
Studioalbum av The Who
Utgjeve 9. desember 1966
Innspelt September til november 1966, IBC Studios og Pye Studios i London
Sjanger Rock, psykedelisk rock, pop
Lengd 31:48
Selskap Reaction
Produsent Kit Lambert
Kritikk
The Who-kronologi
My Generation
(1965)
A Quick One The Who Sell Out
(1967)


A Quick One er det andre albumet til det engelske rockebandet The Who, utgjeve i 1966. Det amerikanske plateselskapet deira, Decca Records, gav ut albumet med tittelen Happy Jack, i staden for den seksuelt ladde tittelen på den britiske utgåva, samt at singelen «Happy Jack» nådde Topp 40 i USA. Songen «Happy Jack» var ikkje med på den britiske utgåva av albumet, men vart i staden gjeven ut som singel.

Tilhengjarane til The Who reknar albumet som særs viktig for bandet, sidan dei gjekk bort frå R&B/pop-formatet frå det første albumet. Bandet ønskte at kvart av medlemmene i bandet skulle skrive minst to songar kvar (sjølv om Roger Daltrey berre skreiv ein), så dette albumet er det av The Who sine album som er minst dominert av låtskrivinga til Pete Townshend.

Albumet var òg det første der bandet prøvde seg på ein rockeopera med tittelsporet «A Quick One, While He’s Away», eit ni minuttar langt stykke med fleire samanhengande songar som fortel ei soge om utruskap og forsoning. The Who skulle seinare skrive og spele inn heile rockeopera-album med Tommy og Quadrophenia.

Album var meint å skulle innehalde popmusikk, ein lydmessig deltakar i popkunstrørsla. Omslaget vart teikna av popkunstnaren Alan Aldridge,[1] og synte bandet som spelte på instrumenta sine. Baksida bestod av fleire svartkvitbilete av bandmedlemmene samt ein kort skildring av personlegheita til kvar av dei. Keith Moon fortel mellom anna spøkefullt at han likte godt å avle høner.

Albumet vart spelt inn i IBC Studios, Pye Studios og Regent Sound, i London i England i 1966 med Kit Lambert som plateprodusent.

I 2003 vart albumet rangert på 383. plass av musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Run Run Run»   2:43
2. «Boris the Spider» (John Entwistle) 2:29
3. «I Need You» (Keith Moon) 2:25
4. «Whiskey Man» (Entwistle) 2:58
5. «Heat Wave» (Brian Holland/Lamont Dozier/Edward Holland) 1:57
6. «Cobwebs and Strange» (Moon) 2:31
Side to
# Tittel Lengd
7. «Don't Look Away»   2:54
8. «See My Way» (Roger Daltrey) 1:53
9. «So Sad About Us»   3:04
10. «A Quick One, While He’s Away»   9:10
Bonusspor på 1995-utgåve
# Tittel Lengd
11. «Batman» (Neal Hefti) (temaet frå TV-serien Batman) 1:37
12. «Bucket T» (Dean Torrence/Roger Christian/Donald J. Altfeld) 2:12
13. «Barbara Ann» (Fred Fassert) 1:59
14. «Disguises»   3:10
15. «Doctor, Doctor» (Entwistle) 2:59
16. «I've Been Away» (Entwistle) 2:08
17. «In the City» (Moon/Entwistle) 2:21
18. «Happy Jack» (acoustic version) 2:55
19. «Man with Money» (Don Everly/Phil Everly) 2:45
20. «My Generation»/«Land of Hope and Glory» (Townshend/Edward Elgar) 2:05

Happy Jack[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Pete Townshend, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Run Run Run»   2:43
2. «Boris the Spider» (John Entwistle) 2:29
3. «I Need You» (Keith Moon) 2:25
4. «Whiskey Man» (Entwistle) 2:58
5. «Cobwebs and Strange» (Moon) 2:31
6. «Happy Jack»   2:11
Side to
# Tittel Lengd
7. «Don't Look Away»   2:54
8. «See My Way» (Roger Daltrey) 1:53
9. «So Sad About Us»   3:04
10. «A Quick One, While He’s Away»   9:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Plateomslaget til CD-utgåva