Montagu Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 58°25′S 26°23′W
Montagu Island
øy
none Sør-Sandwichøyane.
Sør-Sandwichøyane.
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Koordinatar 58°25′S 26°23′W
Høgaste punkt Mount Belinda
 - høgd 1 370 moh
Lengd 12 km
Folketal Ingen
Øygruppe Sør-Sandwichøyane
Plasseringa til Montagu Island
Plasseringa til Montagu Island
Wikimedia Commons: Montagu Island

Montagu Island er den største av Sør-Sandwichøyane og ligg i Weddellhavet utanfor kysten av Antarktis. Ho er ein del av dei britiske Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane og har ein aktiv vulkan. Ho ligg 60 km nordaust for Bristol Island og 62 km sør for Saunders Island.[1]

Øya vart først oppdaga av James Cook i 1775 og kalla opp etter John Montagu, 4. jarlen av Sandwich og marineminster då ho vart oppdaga. Nordmannen Carl Anton Larsen var den første som steig i land på øya i 1908.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Den avsidesliggande, aude øya er kring 12 km lang og 10 km brei og over 90 % av øya er dekt av is. Vulkanen Mount Belinda er det høgaste punktet på øya med ei høgd på 1370 meter over havet. Ein trudde vulkanen var inaktiv fram til ein fann eit nytt, tynt oskelåg kring vulkanen i 2002.

Mount Belinda[endre | endre wikiteksten]

I november 2005 synte satelittbilete at Mount Belinda hadde eit utbrot som hadde skapt ei 90 meter brei elv av lava på nordsida av øya. Dette utbrotet utvida arealet til øya med 0,2 kvadratkilometer.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Island Encyclopedia». Montagu Island. Oceandots.com. http://oceandots.com/southern/south-sandwich/montagu.php. Henta 14. november 2012. 

}}

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]