Candlemas Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 57°5′S 26°39′W
Candlemas Island
øy
none  Sør-Sandwichøyane
Sør-Sandwichøyane
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Koordinatar 57°5′S 26°39′W
Høgaste punkt Mount Andromeda
 - høgd 550 moh
Folketal ingen
Øygruppe Sør-Sandwichøyane
Plasseringa til Candelmass Island
Plasseringa til Candelmass Island

Candlemas Island er ei lita, aude øy i Candlemas Islands i Sør-Sandwichøyane. Ho ligg kring 3 km frå Vindication Island og mellom dei ligg Nelson Channel.

Øya blei oppdaga 2. februar 1775 av James Cook sin ekspedisjon under hans andre jordomsegling. Denne datoen er kyndelsmesse, engelsk candlemas.[1]

Norddelen av øya er isfri på grunn av vulkansk varme.[1] På nordvestsida av øya ligg ein aktiv stratovulkan, Lucifer Hill, som synte teikn på aktivitet i 1911. I 1953-1954 kom det glødande lava frå fjellet. Mount Andromeda og Mount Perseus er begge to fjell på øya som er dekte av isbrear. Mount Andromeda er det høgaste punktet på øya med ei høgd på 550 meter over havet.

Candlemas Island er åstad for ein roman av Ian Cameron, The White Ship (1975), som fortel om ein katastrofal ekspedisjon til øya i 1975 der medlemmane møter spøkelse etter forliste spanjolar på øya i 1818.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Candlemas Volcano - John Seach ved volcanolive.com