Lukian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lukian

Fødd 120
Samosata
Død

180
Aten

Yrke skribent, satiriker, filosof, biograf, lyrikar
Språk gammalsyrisk
Lukian på Commons

Lukian (gresk Λουκιανὸς Σαμοσατεύς, latin Lūciānus; fødd ca. 120, død etter 180 e.Kr.) var ein assyrisk forfattar og retorikar som skreiv på gresk. Han er mest kjend for dei satiriske tekstane sine der han latterleggjer filosofar og motiv i samtida frå gresk mytologi og historie. Den fyrste trykte utgåva av verka til Lukian kom ut i Firenze i 1499.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Lukian var fødd mellom år 115 og år 120 i Samosata i den romerske provinsen Syria (dagens Samsat i søraustlege Tyrkia). Restane av den antikke busetjinga gjekk tapt i moderne tid då Atatürk-demninga overfløymde området.

Lite er kjent om livet til Lukian, og det som er kjent, stammar berre frå hans eigne tekstar. I teksten Drømmen fortel Lukian at han kom frå ein familie med små økonomiske ressursar, og at foreldra sette han i lære hjå onkelen for å bli bilethoggar. På den fyrste dagen sin på verkstaden øydela han ei marmorblokk og fekk bank av onkelen. Den følgjande natta drøymde Lukian at Bilethoggarkunsten og Danninga (gresk paideia) kom til han i form av to kvinner som bad han velja éi av dei. Lukian valde Danninga . Denne historia er nok i stor grad oppdikta, men viser at Lukian truleg kom frå ein familie med relativt høg status: bilethoggarkunst var eit høgt respektert og potensielt godt betalt yrke, samtidig som familien tydelegvis hadde råd til å la sonen velja mellom dette og språkstudium. Lukian har derfor truleg overdrive den dårlege økonomien til familien.

Lukian fekk utdanninga si innan retorikk, truleg i Jonia, som var eit av dei viktigaste sentera for den intellektuelle rørsla som vanlegvis går under namnet den andre sofistikken. Retorikk er eit yrke der ein argumenterer i forsamlingar, skriv innlegg for andre, og lærer seg kunsten å argumentera. Men Lukian sin praksis var å reisa rundt og halda underhaldande, improviserte foredrag, og i den eigenskapen kan han ha hatt ein posisjon som Dario Fo i moderne tid. Slik reiste Lukian rundt i Jonia (Tyrkia) og på fastlandet i Hellas, til Italia og heilt til Gallia, og vann mykje merksemd og rikdom. Han døydde ein gong etter år 180, kanskje i Egypt.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Det er bevart vel 80 tekstar under namnet til Lukian; av desse blir vel rekna 70 for å vera ekte. Ein kan grovt dela inn forfattarskapen til Lukian i fire kategoriar: dialogar, essay, prosatekstar og biografiar.

På Lukian si tid var det populært å trekkja eldre litterære sjangrar frami lyset, som historieskrivinga til Herodot og dialogane til Platon. Lukian bidrog til denne typen renessanse var å gje Platon sine dialogar ei komisk vinkling. Slik fann han opp den komiske dialogen, som seinare blei nytta av mellom anna Erasmus av Rotterdam og Oscar Wilde.[1] Verka til Lukian blei omsette av Erasmus og Thomas More, og inspirerte desse to til å føra ironien inn i litteraturen som verkemiddel. Lukian blei populær lesnad på 1500-talet, sjølv om Luther, som ikkje kjende stort til han, avskreiv han som ateist (og vel også fordi Erasmus verdsette han). Den fromme katolikken Thomas More verdsette vidden og satiren til Lukian.[2]

William Strang, 1894: Angrepet til kjempeedderkoppane.

I Ei sannferdig historie, kanskje det mest kjende verket til Lukian, parodierer han nokre underlege historier som Homer fortel i Odysseen og nokre mindre fantasiar som var populære i samtida hans. Lukian føregrip her nyare fiktive tema som reiser til månen og Venus, utanomjordisk liv og krigar mellom planetane hundreår før Jules Verne og H.G. Wells. Lukian kan difor kallast ein opphavsmann til science fiction, sjølv om han ikkje gjer noko forsøk på å forklara dei flygande skipa sine vitskapleg.[3][4]

Dialogar[endre | endre wikiteksten]

Hovudtyngda av forfattarskapen til Lukian er dei vel 40 satiriske dialogane hans, til dømes Gudesamtalene og Hetæresamtalene. I Symposion hans,som er så langt unna Platon si førelesing som ein kan koma, blir middagsgjestane fulle, fortel grove historier og oppfører seg dårleg og uverdig. Hans Philopseudes (gresk for ‘Elskar av løgner’, dvs. ‘Løgnhalsen’) er ei rammeforteljing som inkluderer den opphavlege versjonen av Trollmannens læregut. Hjå Lukian er trollmannen ein egyptisk magikar kalla Pankrates.[5] I 1789 gav Goethe sin venn Christoph Martin Wieland den fyrste fullstendige, tyske omsetjinga av verka til Lukian, medrekna Philopseudes. Historia om læreguten til trollmannen inspirerte Goethe til diktet Der Zauberlehrling, som igjen inspirerte det musikkstykket av Paul Dukas som Walt Disney tok med i filmen sin Fantasia, der Mikke Muş opptrer som læreguten.[6]

Dialogen Erōtes eller Amores, som er blitt sagt å vera av Lukian, er sannsynlegvis ikkje arbeidet hans, men skrive av ein ukjend forfattar identifisert som «pseudo-Lukian».

Essay[endre | endre wikiteksten]

Biografiar[endre | endre wikiteksten]

Det er bevart 3 biografiar skrivne av Lukian: Aleksander eller Den falske profet, Om Peregrinos' bortgang og Demonaks. I biografien Aleksander eller den falske profet gjer han greie for for karrieren til Aleksander frå Abonotekhos, som grunnla kulten for slangeguden Glykon.[7] Kulten var spesielt knytt til helsebot og spådommar, og blir av Lukian karakterisert som ein svindel iscenesett av Aleksander for å vinna rikdom og suksess.

Om Peregrinos' bortgang handlar om den kyniske filosofen Peregrinos, også kalla Protevs, som starta karrieren sin som leiar for ei kristen gruppering der han drog fordel av sjenerøsiteten og tilliten til kristne fram til han blei avslørt som hyklar. Dette skriftet er ei av dei eldste kjeldene til heidenske oppfatningar og skildringar av kristendommen. I Demonaks fortel Lukian om ein annan kynisk filosof, men med ei positiv vinkling. Demonaks verkar her som eit filosofisk ideal og som ein refsar av dumskap og moralsk hykleri.

Norske omsetjingar av Lukian[endre | endre wikiteksten]

  • En hyllest til flua og andre personportretter, oversatt av Aslak Rostad, Gyldendal Norsk Forlag 2014, ISBN 978-82-05-47306-5.
  • Menippeiske satirer, oversatt av Aslak Rostad, Villanden Forlag 2009, ISBN 978-82-997869-2-8.
  • Eit ordskifte um idrott (Anacharsis), umsett frå gresk av Eiliv Skard, Samlaget 1992, ISBN 82-521-4063-7.
  • Overtro og trolldom hos de gamle grekere: med en oversettelse av Lukians "Løgnhalsen" av S. Eitrem, Erichsen 1922.
  • Samtaler i de Dødes Rige, oversatt av Lyder Sagen, København 1803

Kjelder[endre | endre wikiteksten]