Dario Fo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dario Fo

Statsborgarskap Italia
Fødd 24. mars 1926
Sangiano
Død

13. oktober 2016 (90 år)
Ospedale Luigi Sacco

Yrke sceneinstruktør, teaterskodespelar, manusforfattar, komponist, skodespelforfattar, filmskodespelar, illustratør, kunstmålar, lyrikar, scenograf, satiriker, skribent, kostymedesignar, skodespelar, biletkunstnar
Politisk parti Rifondazione Comunista
Sjanger komedie
Medlem av Collège de ’Pataphysique, American Academy of Arts and Sciences
Religion buddhisme
Ektefelle Franca Rame
Born Jacopo Fo
Signatur
Dario Fo på Commons

Dario Fo (24. mars 192613. oktober 2016)[1] var ein italiensk dramatikar og teaterregissør, scenograf, komponist, satirikar og skodespelar.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Fo revitaliserte commedia dell'arte-kunsten, og for det løna Svenska Akademien han med Nobelprisen i litteratur for 1997; «han som lik mellomalder-narrane refsar makthavarane og held oppe vørdnaden til dei undertrykte.»[2][3]

Dario Fo fekk gjennombrotet sitt i 1953 med revyen Il dito nell'occhio. I 1958 stifta han saman med kona Franca Rame teaterselskapet Compagnia Fo-Rame. Dei gjekk i 1968 inn i teaterkollektivet Nuova scena som var eit agitasjonsteater knytt til kommunistpartiet. Fo og Rame stifta teaterkollektivet La Comune i 1970.

Skjult teater[endre | endre wikiteksten]

Ideen med skjult teater er å framføre scener eller situasjonar i det offentlege rom – til dømes i ein supermarknad, på ein busshaldeplass, i ei gågate – utan at det er annonsert på førehand. Målet er å sprenge dei kunstnarlege rammene for teateret og dra problemstillingane i stykket tilbake til den røyndomen dei kjem frå. På grunn av samfunnsrefsinga som ligg i Fo sine stykke blir dei ofte brukt på denne måten. Han sjølv blei fleire gonger arrestert på scena.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Associated Press (13. oktober 2016), «Nobel-winning playwright Dario Fo dies at 90; mocked Italian politics and religion», Los Angeles Times 
  2. "who emulates the jesters of the Middle Ages in scourging authority and upholding the dignity of the downtrodden".
  3. Nobelprisen i litteratur 1997 på nobelprize.org

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Dario Fo i Noreg