Hubert Neuper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hubert Neuper

20140307 Dancing Stars Hubert Neuper 3633.jpg

Statsborgarskap Austerrike
Fødd 29. september 1960
Bad Aussee
Idrett skihopping
Yrke skihoppar

Hubert Neuper (fødd 29. september 1960) er ein tidlegare austerriksk skihoppar. Han var med på å dominere internasjonal hoppsport ein kort periode på starten av 1980-talet.

Han vann hoppveka samanlagt i 1980 og 1981, og gjekk til topps samanlagt i den aller fyrste verdenscupsesongen (1979/80), og kom på andre plass samanlagt to år seinare. Han tok sølv i storbakkerennet under OL i 1980 i Lake Placid. I tillegg har han ei sølvmedalje frå lagkonkurransen under VM 1982 i Oslo.

Etter at Neuper la opp som hoppar starta han ein skiskule på heimstaden Bad Mitterndorf, Steiermark. Han gjennomførte òg pilotudanning, og arbeidde i fleire år som flygar. Frå og med skiflygings-VM i Kulm i 1996 har han hatt ei sentral rolle i arbeidet med å arrangera skiflygingskonkurransar i Kulm.

Hubert Neuper er ein av grunnleggjarane bak World Sports Awards (seinare kalla Laureus Awards) som blei arrangert for fyrste gong i november 1999.

I 2003 gav Neuper ut biografien Flatline. Han gifta seg med Claudia i 1984. Dei har to døtrer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]