Memphis Beat av Jerry Lee Lewis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Memphis Beat
Studioalbum av Jerry Lee Lewis
Utgjeve 1966
Innspelt 1963, 1965, 1966
Sjanger Rock, country
Lengd 29:58
Selskap Smash
Produsent Shelby Singleton
Jerry Lee Lewis-kronologi 
Country Songs for City Folks

(1965)

Memphis Beat By Request: More of the Greatest Live Show on Earth

(1966)


Memphis Beat er eit studioalbum av Jerry Lee Lewis. Det kom ut på Smash Records i 1966.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Meir enn halvparten av songane på Memphis Beat vart spelte inn 5. og 6. januar 1966 i Phillips Studio i Memphis i Tennessee. Dei andre songane vart henta frå ei innspeling i New York City åtte månader tidlegare og frå den første innspelinga til Lewis for Smash i 1963. Albumet inneheld ein sjeldan Lewis-original, kalla «Lincoln Limousine», som var ei forvirra hyllest til John F. Kennedy. I boka si Jerry Lee Lewis: Lost and Found, skriv Joe Bonomo at songen er «rett og slett rar, så fleirtydig og amatøraktig skriven at det er umogeleg å sjå nøyaktig kva som motiverte han til å skrive songen.» Albumet inneheld òg «Too Young», ein piano-lounge-song som Bonomo rekna som «ein god latter» og «hysterisk ukomfortabel». Lewis gjer det betre på «Wine Spo-Dee-O-Dee» og George Jones-klassikaren «She Thinks I Still Care», men albumet inneheld ingen nye hittar.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Etter Memphis Beat kom ut i mai 1966 nådde det berre 145. plassen på Billboard-lista, trass i solid marknadsføring frå Smash og ganske greie meldingar. Den kommersielle nedturen til Lewis fortsette fram til 1968, då han omsider klarte å bryte gjennom på countrylistene med Another Place, Another Time. I 2014 skreiv Lewis-biografiforfattaren Rick Bragg «Gjennom midten av 1960-åra spelte han inn det eine albumet etter det andre med andre folk sin musikk. Men ikkje noko av det var eigentleg nytt.» Bruce Eder frå AllMusic hylla albumet: «Etter ein skarp sving inn i country (og country-pop) med Country Songs for City Folks, kom Jerry Lee Lewis brølande attende med Memphis Beat i 1966, den hardaste rocken hans på mange år, og eit band så var så bra som noko anna han spelte med.»

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side A
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Memphis Beat»
  • M. Haddington
  • D. Lipscomb
  • A. Reynolds
2:52
2.«Mathilda»
  • G. Khoury
  • H. Thierry
2:17
3.«Drinkin' Wine, Spo-Dee-O-Dee»
  • S. McGhee
  • J. Williams
2:17
4.«Hallelujah I Love Her So»Ray Charles2:32
5.«She Thinks I Still Care»D. Lipscombe2:50
6.«Just Because»
  • S. Robin
  • B. Shelton
  • J. Shelton
2:00
Side B
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Sticks and Stones»Titus Turner2:06
2.«Whenever You're Ready»Cecil Harrelson1:50
3.«Lincoln Limousine»Jerry Lee Lewis2:38
4.«Big Boss Man»
  • Luther Dixon
  • Al Smith
2:52
5.«Too Young»
  • S. Dee
  • S. Lippman
3:00
6.«The Urge»Donnie Fritts2:44

Kjelder[endre | endre wikiteksten]