Big Boss Man av Jimmy Reed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Big Boss Man
Singel av Jimmy Reed
frå albumet Found Love
B-side «I'm a Love You»
Utgjeve April 1961
Innspelt Chicago, 29. mars 1960
Sjanger Blues
Lengd 2:46
Selskap Vee-Jay
Låtskrivar(ar) Luther Dixon, Al Smith
Jimmy Reed-kronologi
«Close Together»
(1961)
Big Boss Man «Bright Lights, Big City»
(1961)


«Big Boss Man» er ein bluessong først spelt inn av Jimmy Reed i 1960. I motsetnad til dei mest populære songane hans er songen skriven av Luther Dixon og Al Smith. Songen vart ein hit for Reed og er blitt tolka og spelt inn av mange andre artistar, mellom andre Elvis Presley og B.B. King, som nådde singellista med songen.

Originalen[endre | endre wikiteksten]

«Big Boss Man» er ein livleg 12-taktsblues-shuffle med «ein av dei mest innverknadsrike Reed-rytmane gjennom tidene».[1] Songen er tilskriven manageren til Jimmy Reed, Al Smith, og Vee-Jay Records-låtskrivaren Luther Dixon. Songen er ein av få Reed-hittar som var skrivne enn nokon annan enn han sjølv og kona hans. Reed, som song og spelte munnspel og gitar, vart akkompagnert av Mamma Reed på vokal, Lee Baker og Lefty Bates på gitar, Willie Dixon på bass og Earl Phillips på trommer.

«Big Boss Man» vart opphavleg gjeven ut på Jimmy Reed-albumet Found Love. I 1961 vart han gjeven ut på singel og nådde 13. plassen på Billboard R&B-lista og 78. plassen på Billboard Hot 100-lista.[2]

Elvis Presley-utgåver[endre | endre wikiteksten]

10. september 1967 spelte Elvis Presley inn ein versjon av «Big Boss Man». Denne vart gjeven ut på singel same månaden og nådde 38. plassen på pop-lista. Han vart gjeven ut på singel same månaden og nådde 38. plassen på poplista. Han framførte songen som ein del av ein medley under under Elvis 1968 Comeback Special, som òg finst i miniserien Elvis. I 1970-åra framførte Presley ofte songen på konsertane sine.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1990 vart songen innlemma i Blues Foundation Hall of Fame[3] og vart med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over «500 songar som forma Rock and Roll».[4]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

«Big Boss Man» har blitt spelt inn av mange andre artistar innan fleire sjangrar.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Koda, Cub (2000). The Very Best of Jimmy Reed (CD notes). Jimmy Reed. Rhino Records. s. 14. R2 79802. 
  2. Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Record Research, Inc. s. 346. ISBN 0-89820-068-7. 
  3. Jim, O'Neal (1990). «Classics of Blues Recording – Singles and Album Tracks». Blues Hall of Fame Inductees Winners. The Blues Foundation. Henta 7. desember 2016. 
  4. «500 Songs That Shaped Rock and Roll». Exhibit Highlights. Rock and Roll Hall of Fame. 1995. Arkivert frå originalen 2007. Henta 7. desember 2016. 
  5. Koda, Cub. «Big Boss Man – Song Review». AllMusic. Rovi Corp. Henta 1. november 2010.