Now We Are Six

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Now We Are Six
Studioalbum av Steeleye Span
Utgjeve Mars 1974
Innspelt Desember 1973 til januar 1974
Studio Morgan Studios i London
Sjanger Britisk folkrock, progressiv folk
Lengd 42:35
Selskap Chrysalis
Produsent Ian Anderson
Steeleye Span-kronologi
Parcel of Rogues
(1973)
Now We Are Six Commoners Crown
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg [1]

Now We Are Six er det sjette studioalbumet til det britiske folkrockbandet Steeleye Span, gjeve ut i 1974. Tittelen (lånt frå Ole Brumm-forfattaren A.A. Milne si samling av barnedikt) syner både til at dette var det sjette albumet deira, og at bandet no var blitt seks medlemmar etter at trommeslagaren Nigel Pegrum var komen med. Albumet nådde 13. plassen på den britiske albumlista.

Sjølv om to studiomusikarar hadde spelt trommer på debutplata, hadde dei nytta lite perkusjon på dei neste albuma. Men etter Parcel of Rogues tok dei valet om å tilsetje ein trommeslagar og fokusere meir på rockesida til bandet. Det er blitt sagt at stilen på dette albumet høyrest meir ut som eit rockeband som spelar folk, enn eit folkband som spelar rock. Pegrum spelte òg fløyte og obo på albumet.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Now We Are Six vart produsert av frontmannen i Jethro Tull, Ian Anderson, sjølv om han innrømde at rolla hans på albumet var minimal, bortsett frå litt rådgjeving og at han inviterte David Bowie til å spele saksofon.[2]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet fekk blanda mottaking av musikkpressa. Det vart rekna som ei bra samling av tradisjonelle songar med smarte arrangement, og songen «Thomas the Rhymer», som kom ut på singel, vart av mange rekna som den ultimate Steeleye Span-songen. Eit anna høgdepunkt er «The Mooncoin Jig», der Peter Knight viser seg fram på mandolin og banjo.

Albumet fekk derimot kritikk for tre av songane på albumet. Tittelsporet er ei rekkje gåter som vert sungen av bandet med berre eit pianoakkompagnement, og «Twinkle Twinkle Little Star», den kjende barnesongen, har fått same handsaming. Oppført som «St. Eleye Primary School Junior Choir», song bandet desse songane med barnestemmer. Mange tok ikkje spøken og trudde det faktisk var eit barnekor. Namnet på koret, «St. Eleye», er basert på Steeleye.

Avslutningssporet fekk likevel mest kritikk - ein versjon av Phil Spector sin «To Know Him Is To Love Him» med David Bowiesaksofon. Mange vart overraska over at dei tok med dein rock and roll-standard, sidan Steeley Span til no stort sett berre hadde spelt tradisjonell musikk. Steeleye Span brukte derimot å spele rock and roll-songar som ekstranummer på konsertane sine, inspirert av bandet Sha Na Na som dei turnerte med på den tida. Dei spelte då songar som «Long Tall Sally», «Da Doo Ron Ron» og «To Know Him Is To Love Him».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er tradisjonelle songar, utanom der anna er nemnt. Rekkjefølgja på songane varierer mykje frå utgåve til utgåve av albumet.

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Seven Hundred Elves» (engelsk versjon av den danske balladen «Eline af Villenskov») 5:20
2. «Drink Down the Moon» ((første halvdel er Roud Folk Song Index 290, andre halvdel er 1506 og 5407)) 6:29
3. «Now We Are Six» (Roud Folk Song Index 20174) 2:24
4. «Thomas the Rhymer» (Roud Folk Song Index 219, Child Ballads 37) 6:44
Side to
# Tittel Lengd
5. «The Mooncoin Jig»   3:58
6. «Edwin» (Roud Folk Song Index 182) 4:47
7. «Long-a-Growing» (Roud Folk Song Index 31) 4:06
8. «Two Magicians» (Roud Folk Song Index 1350, Child Ballad 44) 4:30
9. «Twinkle Twinkle Little Star»   1:32
10. «To Know Him Is To Love Him» (Phil Spector) 2:45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Steeleye Span
Gjestemusikar
Produksjon

Kjelder[endre | endre wikiteksten]