Olaf Amundsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olaf Amundsen

Fødd13. mai 1876
Tromsø kommune
Død12. desember 1939 (63 år)
Statsborgar avNoreg
PartiFrisindede Venstre, Venstre
Yrkejurist, politikar
VervNorsk justisminister 22. juni 1921–24. august 1922
FøregangarOtto B. Halvorsen
EtterfylgjarArnold Holmboe
VervStortingsrepresentant 1910-1912, 1913-1915, 1916-1918
VervFylkesmann i Nordland 1922–1939
Alle verv

Olaf Amundsen (13. mai 187612. desember 1939) var ein norsk sakførar, embetsmann, stortingsmann og statsråd, fødd i Tromsø. På Stortinget representerte han fyrst Frisinna Venstre, seinare Venstre. Leiar av Justisdepartementet frå 1921 til -22.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Amundsen var son til ein prest. Han voks opp i Bindal og seinare i Skjerstad. I 1893 vart han student som privatist etter eit to-årig kurs ved Hauges Minde, ein skule i Kristiania. Fem år seinare vart han cand. jur. frå universitetet i same byen. Amundsen arbeidde eit par år i Salten og i Bodø, der han i 1900 byrja å føre saker for overretten, høgsterettsadvokat frå 1904. Frå 1908 var han busett i Bodin.

Amundsen representerte krinsen Søndre Salten på Stortinget i tre påfylgjande periodar; frå 1910 til 1918. Den fyrste treårsperioden representerte han Frisinna Venstre og var nestformann i sosialkomiteen og medlem av reguleringskomiteen, samt medlem av Lagtinget. Gjennom sitt arbeid i reguleringskomiteen var han ein sentral person i utforminga av vassdragslova. Frå 1913 representerte han Venstre og var då medlem av jarnbanekomiteen og den forsterka justiskomite nr 1. I 1917 vart han overført til skog- og vassdragskomiteen, der han vart vald til formann.

Frå 1918 arbeidde Amundsen som sorenskrivar i Fosen. 22. juni 1921 vart han utnemnd til justisminister i Otto Blehrs andre regjering. Fjorten månader seinare gjekk han ut av regjeringa, og var sidan fylkesmann i Nordland til 1939, det året han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]