Område i Kristiansand Dyrepark
Område i Kristiansand Dyrepark gjev oversyn over område i Kristiansand Dyrepark.
Abra Havn
[endre | endre wikiteksten]Abra Havn er eit overnattingsområde utforma som ein sjørøvarlandsby i Kaptein Sabeltann si ånd. Han opna i 2012.[1]
Afrika
[endre | endre wikiteksten]«Afrika» er namnet på området der ein huser afrikanske dyr, som løver, sjiraffar, sebraer, antiloper, strutsar og ulike mindre dyr.[2]
Apejungelen
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Apejungelen.
Apejungelen vart opna i 1994 av Morten Harket og er eit stort tropehus. I Apejungelen finst mellom anna store og små apar, fuglar og tropisk fisk.
Asia
[endre | endre wikiteksten]«Asia» er namnet på området der ein huser asiatiske dyr. Her held ein mellom anna tiger, orangutang og gibbonapar.[3]
Banda Afrika
[endre | endre wikiteksten]Banda Afrika er inneområdet til ulike afrikanske dyr. Det er ope heile året.[2]
Barnas fredsmonument
[endre | endre wikiteksten]Barnas fredsmonument i Byparken utanfor Kardemomme by vart avduka 21. september 1996. Monumentet består av ein stor jettegrytestein med ein evigbrennande fredsflamme. Kvart konfliktområde i verda er representert ved kvar sin rullestein med namnet på staten. Intensjonen med verdas fyrste fredsmonument for barn var å etablere fleire liknande fredsmonument rundt om i verda. Fredsmonumenter i andre land skulle hente sin flamme frå modermonumentet i Kristiansand.
Båtbasaren
[endre | endre wikiteksten]Båtbasaren er eit stort område for spel og aktivitet.
Den Sorte Dame
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Den Sorte Dame.
«Den Sorte Dame» er eit sjørøvarskip som vart bygd i 1994. Skipet vart døypt av Wenche Foss i Oslo.
Edvards Hus
[endre | endre wikiteksten]Edvards Hus vart opna i 2006, i samband med Dyreparken si feiring av 40-årsjubileumeet. Plassert i den eldste bygningen i Dyreparken, skapar Edvards Hus ein heilt spesiell atmosfære. Her kan du få et innblikk i Edvard Moseids arbeid i Dyreparken, frå han vart tilsett som gartnar i 1965, til han gjekk av som administrerande direktør i desember 1999.
Fugledam
[endre | endre wikiteksten]Fugledammen er ein dam full av ulike fuglar like innanfor inngangen til Dyreparken.[3]
Fuglehuset
[endre | endre wikiteksten]I Fuglehuset flyg fuglar fritt rundt. Det inneheld også andre dyr, som kvitøyra silkeape og løvetamarin.[4]
Grevinnen
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Grevinnen.
«Grevinnen» (tidlegare «Klara») er ei sjørøvarskute som vart bygd i 1990.
Jungelland
[endre | endre wikiteksten]Jungelland er eit stort utendørs leikeland.
Kapein Sabeltanns Verden
[endre | endre wikiteksten]Kaptein Sabeltanns Verden er ein karibisk sjørøvarlandsby med vindskeive, vêrbitne hus. Han ligg i ei bukt ved Grashavet i Dyreparken. Der ligg også Miriams Forheksede Hus, Kaptein Sabeltanns Skattkammer, Grusomme Gabriels Gang, Kaptein Sabeltanns Smokkarium, Sjørøverteateret, Kaptein Sabeltanns Sjørøvergrill, butikkar og etestader.
Kardemomme by
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Kardemomme by.
Kardemomme by er ein temapark. Han er laga etter boka Folk og røvere i Kardemomme by av Thorbjørn Egner.
Kilima Simba
[endre | endre wikiteksten]Kilima Simba er eit stort anlegg for løvene, som har eit stort, moderne hus og uteområde.
Kiwanja
[endre | endre wikiteksten]Kiwanja er ein stad med mange aktivitetar for born.
Kjuttaviga
[endre | endre wikiteksten]Kjuttaviga er den inste bukta i Grashavet. Ei Sørlandsbrygge med etestader på rekkje og rad. På andre sida av bukta er det eit stort amfi der underhaldning finn stad.
KuToppen
[endre | endre wikiteksten]KuToppen er eit bondegardsmiljø med norske gardsdyr.
Lavvoen
[endre | endre wikiteksten]Lavvoen ligg inst i Nordisk Villmark.
Nordisk Villmark
[endre | endre wikiteksten]Nordisk Villmark er det største området i Dyreparken. I Nordisk Villmark, som vart opna i 1992, fekk Dyreparken levandegjort sitt mangeårige ideal om at "menneskene innhegnes og dyrene går fri", takka vere eit sinnrikt brusystem med gangstiar høgt over bakken.
Savana
[endre | endre wikiteksten]- For meir om dette emnet, sjå Savana.
Savana i Afrika-anlegget er ei stor, open slette der sjiraffar, sebraer, elgantiloper og strutsar går ute saman.
Skomakergata
[endre | endre wikiteksten]Skomakergata i Dyreparken er bygd etter adventsserien Jul i Skomakergata, som vart produsert i 1978 etter eit manus av Bjørn Rønningen, og sendt fyrste gong på NRK i 1979.
Sørlandsbrygga
[endre | endre wikiteksten]Sørlandsbrygga er ei brygge inst i Kjuttaviga.
Tapirshabono
[endre | endre wikiteksten]Tapirshabono er ein lita søramerikansk avdeling for tapir og dovendyr.
Tigerens Rike
[endre | endre wikiteksten]Tigerens Rike er eit tigeranlegg som vart opna 18. mai 2002. Det vart teikna av arkitekt Bjørn Egner, son av Thorbjørn Egner. Det kosta 17 millionar kroner å bygge. Dei to sibirske tigrane Ryeka og Ulysses var dei aller fyrste tigrane i Dyreparken. Dei kom 18. mai, og over 5000 menneske møtte opp for å få det fyrste glimtet av dyra.
Trolldalen
[endre | endre wikiteksten]Trolldalen er ein eventyrdal full av ei rekkje kjende eventyrfigurar.
Tåkeskogen
[endre | endre wikiteksten]I Tåkeskogen lever krokodillar, øgler, slangar, skjelpadder og andre tropiske dyr. Tåkeskogen er bygd som ein dunkel regnskog meint å gje dei besøkande ei heilt spesiell oppleving.
Villmarkshytta
[endre | endre wikiteksten]Villmarkshytta er ei hytte i Nordisk Villmark.
Ønskebrønnen
[endre | endre wikiteksten]Ønskebrønn der myntane som blir kasta oppi går til veldedige føremål.[5]
Aalborgtårnet
[endre | endre wikiteksten]Aalborgtårnet er ein minikopi av Aalborgtårnet i Aalborg i Danmark. 5. august 2004 avduka borgameisteren i Aalborg, Henning G. Jensen, det spesielle tårnet, som skal stå som eit symbol på dei tette banda mellom Danmark og Noreg og mellom dei to venskapsbyane Kristiansand og Aalborg.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Områder i Dyreparken Arkivert 2011-09-26 ved Wayback Machine.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fotnotar
- ↑ Abra Havn Arkivert 2012-07-25 ved Wayback Machine. ved visitsorlandet.com
- ↑ 2,0 2,1 Afrika ved dyreparken.no
- ↑ 3,0 3,1 Asia ved dyreparken.no
- ↑ Trefarget glansstær[daud lenkje], Hvitøre silkeape[daud lenkje] og Løvetamarin ved dyreparken.no
- ↑ 19.000 kroner til sjimpansar i Afrika[daud lenkje] ved dyreparken.no