Hopp til innhald

Bob Clearmountain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bob Clearmountain

Statsborgarskap USA
Fødd 16. januar 1953 (71 år)
Connecticut
Yrke musikkprodusent, komponist
Bob Clearmountain på Commons

Bob Clearmountain er ein prisvinnande amerikansk lydteknikar, miksar og produsent. Han har arbeidd med mange kjende artistar som Bruce Springsteen (Born in the U.S.A.), The Rolling StonesMiss You» og «Out of Tears»), Bryan Adams (nesten alle albuma sidan Reckless), Robbie Williams (Intensive Care), Toto, Bon Jovi (These Days, Crush, Bounce), Altered State, Simple Minds og kring 235 andre artistar.[1]

Han har vore nominert til fire Grammy-prisar og vunne ein Latin Grammy Award i 2007 for beste mannlege popvokal-album for arbeidet som lydteknikar på Ricky Martin sin MTV Unplugged. Han har òg vunne ein Emmy og sju TEC Awards for beste lydteknikar, to andre for beste lydteknikar under ei fjernsynssendig, ein spesiell "Les Paul Award" og ein Monitor Award for Rolling Stone sitt Voodoo Lounge.

Clearmountain spelte òg bass på det første albumet til The Dead Boys, Young, Loud and Snotty, før Jeff Magnum vart med i gruppa.

Utval som produsent

[endre | endre wikiteksten]

Utval som lydteknikar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  1. Bob Cleamountain's Associated Artists List, arkivert frå originalen 25. november 2009, henta 11. mai 2011