Fjærland kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjærland kyrkje
Fjærland kyrkje
Bjørn Erik Pedersen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sogn
Sokn Fjærland
Fellesråd Sogndal
Type Langkyrkje
Arkitekt 1861: Christian H. Grosch
1931: Johan Lindstrøm
Material Tre
Innvigd 1861
 - Endringar 1931: stor omvøling og utviding
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 300
Kart
Fjærland kyrkje
61°24′12″ N 6°44′21″ E
Wikimedia Commons: Fjærland kyrkje

Fjærland kyrkje er ei langkyrkje frå 1861 i Mundal ved Fjærlandsfjorden, i Sogndal kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Fjærland kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Fjærland kyrkje

Kyrkja vart sett opp etter teikningar av Christian Heinrich Grosch. Fyrst på 1930-talet vart kyrkja pussa opp, utvida og mykje endra, ved arkitekt Johan Lindstrøm. Før omvølinga var kyrkja kvitmåla og romma kring 240 personar, sidan har ho vore raudmåla og hatt plass til 300. Kyrkja vart vigsla på nytt 13. august 1931. Altartavla er frå 1931 og er måla av Bernt Tunold.

Fjærland kyrkje slik ho såg ut før ho vart ombygd på byrjinga av 1930-talet.
Foto: Axel Lindahl/Norsk folkemuseum

Dagens kyrkje er den tredje ein kjenner til har vore i Fjærland. Den fyrste var ei stavkyrkje som stod på garden Bøyum, kring fire kilometer nordom Mundal. Ho skal ha vore frå 1100-talet og stod til 1610, då ho bles ned. Då det vart sett opp ny kyrkje til erstattning for stavkyrkja vart det på Mundal. Det er usikkert nett når den kyrkja vart sett opp, men det skjedde kring 1610.

Kyrkja er soknekyrkje i Fjærland sokn i Sogn prosti- Soknet høyrde frå 2000 til 2004 (då prestegjeldsordninga vart utfasa) til Sogndal prestegjeld. Tidlegare høyrde soknet til Balestrand prestegjeld, og før Balestrand vart skild ut som eige prestegjeld i 1850, høyrde Fjærland til Leikanger prestegjeld.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]