Radioaktive mineral

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Radioaktive mineral er ei nemning for mineral som inneheld dei radioaktive grunnstoffa uran og thorium, og dotterprodukt som blir danna ved nedbryting av desse.

Somme kaliumhaldige mineral, som kalifeltspat og glimmer, som begge er av dei vanlegaste minerala i jordskorpa, er òg radioaktive på grunn av kaliumisotopen 40K, men blir likevel ikkje rekna med til dei radioaktive minerala då radioaktiviteten er særs svak.

Ein deler mineral som inneheld uran og thorium inn i to grupper, dei primære og sekundære minerala. Dei sekundære minerala vert danna ved forvitring av dei primære minerala og omfattar for det meste berre uranmineral.

Primære radioaktive mineral[endre | endre wikiteksten]

Dei primære radioaktive minerala er stort sett mørke og svarte og særs tunge oksid og silikat. Desse minerala har som regel mista krystallstrukturen sin på grunn av den radioaktive strålinga. Dette vert kalla metamikt tilstand.

Det viktigaste primære uranmineralet er uraninitt og varietetane bekblende, brøggeritt og cleveitt. Desse finst alle fleire stader i Noreg på granittpegmatittgangar.

I tillegg finst thorianitt, thoritt, thucholitt, daviditt, pyroklor, polymignitt, fergusonitt, euxenitt, samarskitt, yttrotantalitt, allanitt, monazitt og coffinitt.

Sekundære uranminerar[endre | endre wikiteksten]

Sekundære uranmineral finst gjerne i livlege fargar i gult, grønt, oransje og raudt. I ultrafiolett lys vil desse ofte fluorescere kraftig. Dette kan vere nyttig i søkinga etter uranførekomstar, sidan dei sekundære minerala indikerer kvar dei primære minerala ligg. Leitinga føregår elles ved hjelp av geigerteljarar og scintillometer, både frå bakken og fly.

Dei viktigaste sekundære uranminerala er vasshaldige oksid, hydroksidar, karbonat, fosfat, arsenat og silikat. Dei fleste inneheld det komplekse uranyl-ionet (UO2)2+ med seksverdig uran. Thorium dannar ikkje noko tilsvarande kompleks-ion, og dette forklarar kvifor det finst så få sekundære thoriumminerala.

Viktige sekundære uranmineraler er autunitt, torbernitt, carnotitt og tyuyamunitt. Det siste har særskild tyding for uranproduksjonen.

I Noreg kjenner ein til dei følgjande sekundærminerala av uran: becquerelitt, boltwooditt, carnotitt, clarkeitt, fourmarieritt, joliotitt, kamotoitt-(Y), kasolitt, liebigitt, rutherfordin, schoepitt, schröckingeritt, studtitt, torbernitt, tyuyamunitt og meta-tyuyamunitt, uranofan og uranofan-beta og vandendriesscheitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]