Al Qunfudhah

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al Qunfudhah
القنفذة
by
Kallenamn: Ghadah i sør
Land  Saudi-Arabia
Provins Makkah (Mekka)
Koordinatar 19°7′35″N 41°4′44″E / 19.12639°N 41.07889°E / 19.12639; 41.07889
Folketal 185 000  (2010)
Borgarmeister Fadha Al Bogami[1]
Tidssone EAT (UTC+3)
 - Sommartid EAT (UTC+3)
Postnummer (5 nummer)
Retningsnummer +966-17
Kart
Al Qunfudhah
19°07′35″N 41°04′44″E / 19.126388888889°N 41.078888888889°E / 19.126388888889; 41.078888888889
Wikimedia Commons: Al Qunfudhah

Al Qunfudhah (arabisk القنفذة), òg kalla Kunfuda, er ein by i Tihamah-regionen ved kysten av Raudehavet. Byen er den fjerde største i Makkah-provinsen, og er ein av dei største hamnebyane i Saudi-Arabia ved Raudehavet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Han ligg sørvest i Makkah-provinsen, sør for Al Lith, ved grensa til byen Al Aradhiyah. Asir-provinsen ligg søraust for byen og den internasjonale kystvegen frå Jeddah til Jizan i Jemen går gjennom byen. Al Qunfudah ligg 290 km sør for den heilage byen Mekka, og 340 km frå Jeddah. Det estimerte folketalet i Al Qunfudhah er over 185 000 innbyggjarar fordelt mellom byen og kystlandsbyar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Al Qunfudah oppstod på byrjinga av 1300-talet i Hijri og tok i mot havgåande handelskaravaner frå Jemen til Syria og omvendt, med mange forskjellige varer. Al Qunfudah stod ikkje oppført i historiske kjelder før byrjinga av 1400-talet, då sultanatet til Hali bin Yaaacob frå Banu Kinana-stamma i Hali Hali sør for Al Qunfudhah enda. På 1800-talet var staden utgangspunkt for felttoga til Muhammed Ali Pasha, og var arena for dei britiske styrkane under første verdskrigen mot osmanarane og italienarane. Det finst framleis spor av tyrkiske skip som ligg søkkte i Raudehavet nær byen og sør for Qunfudah.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Governor of Al Qunfudhah is promoted to the 15th degree». Al Riyadh. 19. november 2012. Henta 21. april 2013.