Al Lith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Al Lith
الليث
by
Kallenamn: Perla ved Raudehavet
Land  Saudi-Arabia
Provins Makkah (Mekka)
Koordinatar 20°9′0″N 40°16′0″E
Folketal 72 000  (2010)
Borgarmeister Mohammed Al Qabbaa[1]
Tidssone EAT (UTC+3)
 - Sommartid EAT (UTC+3)
Postnummer (5 nummer)
Retningsnummer +966-12
Kart
Al Lith
20°9′0″ N 40°16′0″ E

Al Lith (arabisk الليث) er ein by i Tihamah-regionen ved kysten av Raudehavet sørvest for den heilage byen Mekka i Saudi-Arabia. Han er den femte største byen etter folketal i Makkah-provinsen, og er ein av dei største hamnebyane i Saudi-Arabia ved Raudehavet og Miqat Yalamlam ligg nord for byen. Det estimerte folketalet i Al Lith er over 72 000 innbyggjarar.

Han ligg 180 km sørvest for den heilage byen Mekka, og 190 km sør for Jeddah. Dei nordlege forstadane ligg berre 90 km frå Mekka. Han strekkjer seg til Hejazfjella og byane Adham og Taif i aust og strekkjer seg heilt sør til byen Al Qunfudah. Den internasjonale kystvegen frå Jeddah til Jizan går gjennom byen.

Al Lith fekk namnet sitt frå Lithdalen, som ligg i aust.[2] Al Lith er i dag ei kommersiell hamn som tar i mot pilegrimar og varer frå heile verda. Tidlegare var han ei stor kommersiell hamn som tok i mot skip frå Jizan i Jemen, og kysten av Afrika og ekspoerter varer viare til Mekka og Jeddah.

Al Lith er ein populær stad for dykking.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Khalid bin Faisal Al Saud visits Al Lith». Al Riyadh. 21. april 2013. Henta 21. april 2013. 
  2. Hassan Faqih, 1413
  3. Eric Bjurstrom (May 1997). «Beneath the Waters of the Red Sea». The Middle East (267). Henta 20. januar 2014. (krev abonnement)