Haql

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haql
مدينة حقل
by
Haql sett frå sjøen
Land  Saudi-Arabia
Provins provinsen Tabuk
Koordinatar 29°17′N 34°56′E
Folketal 25 000
Kart
Haql
29°17′10″ N 34°56′19″ E
Wikimedia Commons: Haql

Haql er ein by nordvest i Saudi-Arabia nær den inste delen av Akababukta, nær Aqaba på den andre sida av grensa til Jordan. Ein kan sjå kysten av Egypt, Israel og Jordan frå Haql.

Haql har ikkje ei hamn som vert nytta til skipsfart i Raudehavet, og den relativt vesle saudiarabiske folkesetnaden driv ikkje med avsalting av vatn. På grunn av dette er korallreva i området i flott stand og rikt på dyre- og planteliv. Kysten av Raudehavet og Akababukta er òg naturskjønn med utsyn til fjella på Sinaihalvøya på andre sida av Akababukta. Skipsfart er avgrensa til oljetankarar som fører olje for Jordan og cruiseskip for turistar frå Sharm el-Sheikh (Egypt) og Aqaba (Jordan). Han ligg 5 km frå grensa til Jordan. Staden har blitt ein attraktiv stad for dykkarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]