Regjeringa Willoch
Kåre Willoch si regjering vart utnemnd den 14. oktober 1981 som ei rein Høgre- regjering. Regjeringa var då ei mindretalsregjering som var avhengig av støtte frå Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet i Stortinget. KrF ville ikkje gå med i regjeringa på grunn av haldninga si til abortlova. Det var likevel eit ynskje frå mange å få til ei fleirtalsregjering, og 8. juni 1983 vart regjeringa utvida til ei koalisjonsregjering mellom Høgre, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Etter Stortingsvalet 1985 mista desse tre partia fleirtalet sitt i Stortinget og Framstegspartiet hamna i vippeposisjon. Regjeringa heldt fram som ei mindretalsregjering fram til 8. mai 1986. Ho måtte då gå av etter eit kabinettspørsmål i Stortinget om auka bensinavgifter.
- Kåre Willoch, H (14. oktober 1981–8. mai 1986)
- Svenn Thorkild Stray, H (14. oktober 1981–8. mai 1986)
Statsråd i Finansdepartementet
- Rolf Presthus, H (14. oktober 1981–24. april 1986)
- Arne Skauge, H (25. april 1986–8. mai 1986)
Statsråd, Industridepartementet
- Jens-Halvard Bratz, H (14. oktober 1981–15. september 1983)
- Jan P. Syse, H (16. september 1983–3. oktober 1985)
- Petter Thomassen, H (4. oktober 1985–8. mai 1986)
Statsråd, Handelsdepartementet
- Arne Skauge, H (14. oktober 1981–7. juni 1983)
- Asbjørn Haugstvedt, KrF (8. juni 1983–8. mai 1986)
Statsråd, Forsvarsdepartementet
- Anders C. Sjaastad, H (14. oktober 1981–24. april 1986)
- Rolf Presthus, H (25. april 1986–8. mai 1986)
Statsråd, Fiskeridepartementet
- Thor Listau, H (14. oktober 1981–3. oktober 1985)
- Eivind Reiten , Sp (4. oktober 1985–8. mai 1986)
Statsråd, Helse- og Sosialdepartementet
- Leif Arne Heløe, H (14. oktober 1981–8. mai 1986)
Statsråd, Samferdsledepartementet
- Inger Koppernæs, H (14. oktober 1981–7. juni 1983)
- Johan J. Jakobsen, Sp (8. juni 1983–8. mai 1986)
Statsråd, Kommunal- og Arbeidsdepartementet
- Arne Rettedal, H (14. oktober 1981–8. mai 1986)
Statsråd, Olje- og Energidepartementet
- Vidkunn Hveding, H (14. oktober 1981–7. juni 1983)
- Kåre Kristiansen, KrF (8. juni 1983–8. mai 1986)
Statsråd, Justisdepartementet
- Mona Røkke, H (14. oktober 1981–3. oktober 1985)
- Wenche Frogn Sellæg, H (3. oktober 1985–8. mai 1986)
Statsråd, Familie- og Administrasjonsdepartementet
- Astrid Gjertsen, H (14. oktober 1981–17. april 1986)
- Astrid Nøklebye Heiberg, H (14. oktober 1981–8. mai 1986)
Statsråd, Landbruksdepartementet
- Johan C. Løken, H (14. oktober 1981–7. juni 1983)
- Finn T. Isaksen, Sp (8. juni 1983–3. oktober 1986)
- Svein Sundsbø, Sp (4. oktober 1986–8. mai 1986)
Statsråd, Miljøverndepartementet
- Wenche Frogn Sellæg, H (14. oktober 1981–7. juni 1983)
- Rakel Surlien, Sp (8. juni 1983–8. mai 1986)
Statsråd, Kyrkje- og Undervisingsdepartementet
- Tore Austad, H (14. oktober 1981 –7. juni 1983)
- Kjell Magne Bondevik, KrF (8. juni 1983–8. mai 1986)
Statsråd, Kyrkje- og Undervisingsdepartementet (kultursaker)
- Lars Roar Langslet, H (14. oktober 1981–31. desember 1981)
Statsråd, Kultur- og Vitskapsdepartementet
- Lars Roar Langslet, H (1. januar 1982–7. juni 1983)
Statsråd, konsultativ
- Reidun Brusletten , KrF (8. juni 1983–31. desember 1983)
Statsråd, Departementet for utviklingshjelp
- Reidun Brusletten , KrF (1. januar 1984–8. mai 1986)
Sjå også[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Norske regjeringar 1945– | |
---|---|
Gerhardsen I (1945) · Gerhardsen II (1945–51) · Torp (1951–55) · Gerhardsen III (1955–63) · Lyng (1963) · Gerhardsen IV (1963–65) · Borten (1965–71) · Bratteli I (1971–72) · Korvald (1972–73) · Bratteli II (1973–76) · Nordli (1976–81) · Brundtland I (1981) · Willoch (1981–86) · Brundtland II (1986–89) · Syse (1989–90) · Brundtland III (1990–96) · Jagland (1996–97) · Bondevik I (1997–2000) · Stoltenberg I (2000–01) · Bondevik II (2001–05) · Stoltenberg II (2005–2013) · Solberg (2013–) |