Rakel Surlien
Utsjånad
| Rakel Surlien | |||
| Fødd | 10. februar 1944 Svelvik kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 29. juli 2025 (81 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Senterpartiet | ||
| Yrke | jurist, politikar | ||
| Utdanna ved | Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo | ||
| Medlem | Norsk Kvinnesaksforening | ||
| Alle verv |
| ||
Rakel Surlien (fødd 10. februar 1944) i Svelvik er ein norsk jurist og tidlegare politikar frå Senterpartiet. Ho var statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (miljøvernminister) i Kåre Willoch si regjering 8. juni 1983 til 9. mai 1986.
Utdanning og yrkesliv
[endre | endre wikiteksten]Surlien har Examen artium frå latinline frå 1963, vart cand.jur. med folkerett som spesialfag i 1970, og gjekk på Forsvarets høgskole 1985–1986.
Rakel Surlien var sekretær for Stortingets justiskomité 1979-1983. Ho var lagdommar i Eidsivating lagmannsrett 1986–1990, lagmann 1990–1994, departementsråd i Justisdepartementet 1995–1997, justitiarius (sorenskrivar) ved Nedre Romerike tingrett 1997–2001, og lagdommar i Borgarting lagmannsrett frå 2004.