Junior Eurovision Song Contest 2017

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Junior Eurovision Song Contest 2017
Shine Bright
Dato
Finalen 26. november 2017[1]
Vertskap
Stad Olympiapalasset i Tbilisi, Georgia[2]
Programleiar Helen Kalandadze
Lizi Japaridze[3]
Deltakarar
Deltakarland 16[2]
Attende Portugal
Trekte seg Bulgaria
Israel
Kart
Vinnar
Land Russland
Song «Krylja»
Artist Polina Bogusevitsj
Junior Eurovision Song Contest
Valletta 2016 Wiki Eurovision Heart (Infobox).svg Minsk 2018

Junior Eurovision Song Contest 2017 (JESC 2017) var den 15. gongen Junior Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Olympiapalasset i Tbilisi,Georgia.[4][5] Dette var fyrste gongen Georgia arrangerte tevlinga.[4] Finalen vart arrangert 26. november 2017.[1]

Seksten land deltok i årets Junior Eurovision Song Contest. Portugal venda tilbake til tevlinga, etter å ha sist delteke i tevlinga i 2007.[2]

Russland vann tevlinga for andre gong, med songen «Krylja», sungen av Polina Bogusevitsj.[6]

Format[endre | endre wikiteksten]

Visuell design[endre | endre wikiteksten]

Temaet og slagordet for tevlinga, «Shine Bright», vart presentert 12. mai 2017 under ei pressekonferanse under Eurovision Song Contest 2017 i Kiev. Logoen er ei flerfarga, stilisert sol som representerer ein "eksplosjon" av uttrykk; Jon Ola Sand forklarte at temaet reflekterte målet for Junior Eurovision Song Contest, som er å gje unge «ein augeblikk til å skine og ein mogelegheit til å vise deira fulle potensiale som unge artistar».[7]

Programleiarar[endre | endre wikiteksten]

3. oktober 2017 vart Helen Kalandadze og Lizi Japaridze presentert som programleiarar for Junior Eurovision Song Contest 2017. Kalandadze er kjend i Georgia som songar, og har tidlegare delteke i songtevlingar. I 2013, vann ho songkonkurransen Your Face Sound Familiar. Kalandadze har også tevla i Eurovision Song Contest. I 2010, var ho ei av bakgrunnssongarane til den georgiske songaren Sopho Nizharadze, som sang låta «Shine». Lizi Japaridze, også kjend som Lizi Pop, har tidligare delteke i Junior Eurovision Song Contest, då ho representerte Georgia i Junior Eurovision Song Contest i Junior Eurovision Song Contest 2014 med låta «Happy Day» og enda på ein 11.-plass. I 2015, las ho opp poenga frå Georgia i Junior Eurovision Song Contest. Japaridze vil vere den fyrste programleiaren som har deltatt i Junior Eurovision Song Contest. Ho vil også vere den yngste programleiaren i Junior Eurovision Song Contest si historie.[3]

Røystgjeving[endre | endre wikiteksten]

9. august 2017 presenterte EBU ei endring i forbindelse med røystgjevinga. Som i dei føregåande åra har kvart land ei jurygruppe, som er samansatte av profesjonelle innanfor musikkindustrien og barn, som vil gje 1-8, 10 og 12 poeng til sine ti favorittbidrag. Etter at sjåarane ikkje fikk moglegheiten til å røyste under fjorårets konkurranse, vil sjåarane i år igjen få moglegheiten til å røyste. Sjåarane vil for fyrste gang i tevlinga si historie kun røysta via røystgjeving på internett. Frå og med kl. 18:00 24. november til sundag 26. november 2017 kl. 15:59, som vil sei eitt minutt før sendinga startar, har alle som vil moglegheiten til å røyste på sine favorittar. Under sjølve sendinga, vil internettrøystinga starte etter at det siste bidraget har blitt visa fram. Sjårane har då 15 minutt på seg til å røyste på sine favorittbidrag igjen. Røystene som ble gjevne under sjølve sendinga, vert da slått saman med røystene som vart gjevne før sendingea. Stemmene vert deretter gjort om til poeng. Antall poeng vert bestemt ut i frå kor mange prosent av røystene dei har motteke. For eksempel: Viss eit land mottar 20 % av røystene, vil landet få 20 % av de tilgjengelege poengene. Røystinga frå sjåarane tell for 50 % av resultatet, mens dei resterande 50 % av resultatet vert bestemt av dei nasjonale juryane.

Deltakande land[endre | endre wikiteksten]

# Land[2] Artist Song Språk Plass Poeng
01 Kypros Nikól Nikoláou «I Wanna Be a Star» Gresk og engelsk 16 45
02 Polen Alicja Rega «Mój dom» Polsk 8 138
03 Nederland FOURCE «Love Me» Nederlandsk og engelsk 4 156
04 Armenia Misha «Boomerang» Armensk og engelsk 6 148
05 Kviterussland Helena Meraai «Ja samaja» Russisk 5 149
06 Portugal Mariana Venâncio «YouTuber» Portugisisk 14 54
07 Irland Muireann McDonnell «Súile Glasa» Irsk 15 54
08 Makedonia Mina Blažev «Dancing Through Life» Makedonsk og engelsk 12 69
09 Georgia Grigol Kipshidze «Voice of the Heart» Georgisk 2 185
10 Albania Ana Kodra «Don't Touch My Tree» Albansk og engelsk 13 67
11 Ukraina Anastasija Bahinska «Ne zupynjaj» Ukrainsk og engelsk 7 147
12 Malta Gianluca Cilia «Dawra Tond» Engelsk og maltesisk 9 107
13 Russland Polina Bogusevitsj «Krylja» Russisk og engelsk 1 188
14 Serbia Irina Brodić og Jana Paunović «Ceo svet je naš» Serbisk 10 92
15 Australia Isabella Clarke «Speak Up!» Engelsk 3 172
16 Italia Maria Iside Fiore «Scelgo (My Choice)» Italiensk og engelsk 11 86

Røystegjeving[endre | endre wikiteksten]

Deltakarland Poenggjevande land
Totalt INR
Kypros 45 40 2 1 2
Polen 138 61 1 10 6 4 5 12 7 2 8 3 6 5 1 6 1
Nederland 156 112 5 4 10 6 1 4 4 5 5
Armenia 148 56 12 10 8 8 2 10 10 10 7 10 2 3
Kviterussland 149 69 6 5 2 7 10 1 5 5 5 2 12 8 4 8
Portugal 54 45 2 4 3
Irland 54 42 3 3 1 1 4
Makedonia 69 41 1 3 3 1 1 4 6 5 3 1
Georgia 185 42 3 12 7 12 12 7 10 10 12 12 10 12 8 10 6
Albania 67 35 8 7 3 2 4 8
Ukraina 147 67 7 6 5 8 5 4 3 6 8 2 4 3 12 7
Malta 107 81 6 2 1 5 12
Russland 188 66 10 8 8 4 10 12 5 12 12 7 5 8 7 12 2
Serbia 92 44 3 4 2 6 8 3 4 7 2 2 7
Australia 172 79 2 7 12 5 7 6 8 4 7 1 8 3 7 6 10
Italia 86 49 4 1 3 6 6 1 6 10
  • INR: Poeng frå røystegjevinga på internett.

12 poeng frå dei nasjonale juryane[endre | endre wikiteksten]

Antall Land som fekk 12 poeng Land som gav 12 poeng
6 Georgia Albania, Armenia, Kviterussland, Polen, Russland, Ukraina
4 Russland Australia, Georgia, Makedonia, Portugal
1 Armenia Kypros
Australia Nederland
Kviterussland Malta
Malta Italia
Polen Irland
Ukraina Serbia

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]