Hopp til innhald

SS «Statsraad Lehmkuhl»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barken SS «Statsraad Lehmkuhl» under fulle segl

SS «Statsraad Lehmkuhl» er ein tremasta bark bygd ved skipsverftet Joh. C. Tecklenborg i Geestemünde i Tyskland. I dag er seglskipet eigd av stiftinga Stiftelsen Statsraad Lehmkuhl og er skuleskip med heimehamn i Bergen. Det var opphavleg eit av tre skuleskip for den tyske handelsflåten og hadde namnet «Grossherzog Friedrich August» så lenge det var tysk. Statsråd Lehmkuhl er den største barken som framleis seglar som var bygd i seglskutetida. Sidan det vart bygd som skuleskip er mastene kortare enn om det hadde vore ei kommersiell seglskute på denne tida.[1]

Etter den første verdskrigen vart skipet teke av Storbritannia som krigsbytte. I 1921 vart det kjøpt av tidlegare statsråd Kristofer Lehmkuhl, og vart då oppkalla etter Lehmkuhl. Med unnatak av under andre verdskrigen har skipet seinare vore Bergen sitt skuleskip. Skipet vert òg nytta som skuleskip av Sjøkrigsskulen og Befalsskulen for Sjøforsvaret. Sjøforsvaret nyttar skipet til lengre tokt mellom anna til Kanariøyane og Karibia. I dei periodane SS «Statsraad Lehmkuhl» vert nytta av Sjøforsvaret vert skipet gjort om til KNM «Statsraad Lehmkuhl».

Tekniske data

[endre | endre wikiteksten]

Søsterskip

[endre | endre wikiteksten]

Statsraad Lehmkuhl har tre systerskip:

  • Dar Pomorza (Opphavleg Prinzess Eitel Friedrich)
  • Duchesse Anne (Opphavleg Großherzogin Elisabeth)
  • Schulschiff Deutschland

The Tall Ships Races

[endre | endre wikiteksten]

«Statsraad Lehmkuhl» har fleire gonger deltatt i The Tall Ships Races, som er ein regatta for store seglskuter. Regattaen var tidlegare kjent som «The Cutty Sark Tall Ships' Races».

Resultat The Tall Ships Races

[endre | endre wikiteksten]
ÅrFråTilPlassering
1960Flagget til Noreg OsloFlagget til Belgia OstendeGull
1964Flagget til Portugal LisboaFlagget til Bermuda Bermuda6. plass
1966Det britiske flagget FalmouthFlagget til Danmark SkagenBronse
1970Det britiske flagget PlymouthFlagget til Spania TenerifeSølv
1993Det britiske flagget NewcastleFlagget til Noreg BergenGull
1993Flagget til Noreg LarvikFlagget til Danmark EsbjergGull
1997Det britiske flagget AberdeenFlagget til Noreg TrondheimGull
1997Flagget til Noreg StavangerFlagget til Sverige GöteborgBronse
1999Flagget til Frankrike St. MaloDet britiske flagget GreenockBronse
1999Det britiske flagget LerwickFlagget til Danmark AalborgSølv
2001Flagget til Belgia AntwerpenFlagget til Noreg Ålesund5. plass
2004Flagget til Belgia AntwerpenFlagget til Danmark Aalborg5. plass
2004Flagget til Noreg StavangerFlagget til Tyskland Cuxhaven4. plass
2007Flagget til Danmark AarhusFlagget til Finland KotkaGull
2009Flagget til Finland ÅboFlagget til Litauen KlaipėdaSølv
2010Flagget til Belgia AntwerpenFlagget til Danmark ÅlborgSølv
2011Det britiske flagget LerwickFlagget til Noreg StavangerSølv
2013Flagget til Danmark AarhusFlagget til Finland HelsingforsGull
2013Flagget til Latvia RigaFlagget til Polen SzczecinGull
  1. Koza, Thaddeus (2002), Tall ships (3., oppdat. og rev. utg.), Tide-Mark Press, ISBN 1-55949-740-8, OCLC 51090952, henta 15. august 2021

Sjå også

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]