Oddvar Torsheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Oddvar Torsheim
Oddvar Torsheim cut.jpg
Multikunstnaren Oddvar Torsheim framfører musikk i 2006. Foto: Eirik U. Birkeland
Fødd 2. november 1938
Bergen
Oddvar Torsheim på Commons

Oddvar Hermannson Torsheim (fødd 2. november 1938 i Bergen) er ein norsk biletkunstnar (målar, teiknar og grafikar) og musikar. Han er utdanna ved Grafisk skole i Charlottenborg i Danmark og Bergen Kunst og Håndverkskole.[1] Han voks opp på RovdeSunnmøre og i Naustdal i Sunnfjord, men er i dag busett i nabokommunen Førde.

I oljemåleria, akvarellane, teikningane og grafikken sin latterleggjer han fordomar og vanetenking med surrealistisk fantasi og samfunnskritisk tendens. Han har òg gjeve ut fleire diktsamlingar med eigne illustrasjonar, mellom andre Syner i syttiåra (1980) og Svarte kvitingar i 80-åra (1999) og musikk-CD-ane Nynorskens skog (1992) og Tur-Retur Blues (2000). Han er representert på Museet for samtidskunst i Oslo.

Torsheim er framleis aktiv både som kunstnar og musikar. I Sunnfjord er han sett på som ein slags kultfigur; han er kledd veldig karakteristisk med dei svarte kleda sine og det raude skjerfet. I 2003 vart det avduka ein statue av han i Førde.[2] Endå ein statue av Oddvar Torsheim vart avduka i Hyen 1998, og som i dag står i Gloppen Skulpturpark Byrkjelo. Det står òg ein skulptur av Torsheim i Askvoll sentrum, avduka i 2013. Alle statuane er laga av kunstnaren Stig Eikaas.[3]

I 2007 vart han tildelt både Målprisen for Sogn og Fjordane[4] og Sogn og Fjordane fylke sin kulturpris.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Oddvar Torsheim vart fødd på kvinneklinikken i Bergen. Han fekk mykje av den tidlege barndomen sin i bygda RovdeSunnmøre. I 1947, etter åtte år på Sunnmøre, flytte familien til Naustdal i Sunnfjord.[5] Far til Oddvar var klokkar og skulemeister, medan mora var lærar. Han voks opp i ein strengt pietistisk heim. Dette har han seinare fortalt var skremmande, men han påpeika samstundes at han var glad for denne oppdraginga. Han meiner ho gav han ein god ballast.[6]

Torsheim arbeidde ei lita tid på Bahus møbelfabrikk på Os utanfor Bergen,[7] men dette gjekk heller dårleg, dersom ein skal tru den delvis sjølvbiografiske songen hans «Slik var det det gjekk meg». Han har også sjølv fortalt at «stoldelane ikkje kom vidare i prosessen, men hopa seg opp ved føtene hans».[8] Hausten 1956, då han var 18 år gammal, tok han seg jobb som messegut på båten «Ingerto», ein dampbåt som var ombygd til oljefyring. Denne båten frakta kol mellom Svalbard og Kiel i Tyskland, men hadde også andre turar, mellom andre frå Gdynia i Polen til Bombay i India.[7] Denne hausten var Suezkanalen stengd grunna Suezkrisa, så båten måtte i staden gå rundt heile Afrika. På tilbakevegen var Suezkanalen opna att, men det var så vidt «Ingerto» kom seg gjennom, grunna vrak og skrot som låg att etter krisa.

Oddvar avanserte etter kvart til byssegut, og han var med «Ingerto» i nesten eit år. Medan dei var i Indiahavet fekk han eit telegram frå faren. Han hadde nemleg sendt inn nokre av teikningane til Oddvar til Bergen Kunst og Håndverkskole. Telegrammet fortalde at han var komen inn. Torsheim gjekk på skule i Bergen i tre år, frå 1957 til 1960.[9]

Ei stund etter tida i Bergen, og etter eit kort opphald som reklameteiknar i Bergen,[8] reiste Oddvar til København i Danmark. Dette var i 1964 og tanken var at han skulle bu i Danmark i eitt år medan han gjekk på Charlottenberg Grafiske Skole. I staden vart han verande i seks år,[9] og opphaldet sette djupe spor i han. Mellom anna sleit Torsheim ein periode etter opphaldet i Danmark med alkoholisme, men vart seinare sober. Under perioden i Danmark, nærare bestemt i 1967, fekk han seg sommarjobb på M/S «Sognefjord».[7] På båten som gjekk mellom Bergen og Årdalstangen arbeidde han som lettmatros og la seg opp litt pengar.

Gjennom opphaldet i København fekk Oddvar mange nye inntrykk som inspirerte han i det seinare arbeidet hans. Det vart, kulturelt sett, ein stor overgang for Oddvar då han flytte heim att til Noreg og Førde i 1970. Sunnfjord hadde ikkje akkurat vore med i hippiebølgja, og difor fekk han tydeleg oppleve at han måtte tilpasse seg litt.[10] Etter den første utstillinga her vart han skulda for å vera blasfemisk og pornografisk.[3] Oddvar hadde tenkt å flytte vidare etter dette. Han ville til London, Paris og Bergen, men det vart aldri noko av. «Eg sit bom fast i åndenes vertikaldelte hus. Det er det eg kallar heimen min, for alt har skjedd innanfor desse veggane. Det er sjel i kvart knivstikk,» seier han sjølv.[9]

Han var gift med læraren Magnhild Arstein frå 1972 til 1978.[1] Han har ei dotter, Jorun.

Då han fylte 70 vart Torsheim utnemnd til æresborgar av Førde.[3]

Til 75-årsdagen sin i 2013 vart Torsheim feira kringom i Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane kunstmuseum heldt ei utstilling med 150 verk av kunstnaren, laga frå 1959 til 2013. I Naustdal vart det avduka ein kuskulptur av Geir Hjetland, inspirert av Torsheim-verket «Nedkomsten» frå 1972.[11] I Askvoll vart han gjeven ein kvadratmeter jord med ein statue av han sjølv laga av Stig Eikaas.[12] Og dottera, sopranen Jorunn Torsheim, arrangerte konsert og band for han i Logen Teater i Bergen.[13]

Til 80-årsdagen hans i 2018 vart boka Oddvar Torsheim - nynorskens skog gjeven ut av Det Norske Samlaget.[14]

Biletkunst[endre | endre wikiteksten]

Som biletkunstnar har Torsheim verka innan teikning, akvarell, oljemåling, litografi og silketrykk.[3] Han vart kjend med amerikansk popkunst i Danmark. Stilen påverka han til å bruka «krasse fargar og teikneserieliknande biletspråk til å skildre den norske kvardagen».[1] Kunsten hans frå 1970- og 1980-talet var inspirert av dei politiske strøymingane i samtida, og kunne ironisera over alle typar synspunkt, som i parodierande plakatslagord som «NATO ut av noko!».[1] På 1990-talet tok han gjerne for seg det sjølvsentrerte i samfunnet, «med enkeltmenneskets trivielle bekymringar over appelsinhud, restskatt og andre moderne luksusproblem.»[1]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Musikkarrieren til Oddvar Torsheim starta då han spela sin eigen versjon av Beatles sin «Ob-La-Di, Ob-La-Da», «Larris tok ein Farris» i eit musikkprogram i den dåverande Førde nærradio. Då hamna han på Fylkestoppen til NRK Sogn og Fjordane. Han fortel sjølv litt spøkefullt at «der vart eg åtte gonger, og eg vedda med mor mi ei øskje mokkabønner at no ryk eg ut. Det gjorde eg ikkje, så ho har levd på mokkabønner i lang tid no.»[15] Då Torsheim ville gje ut denne og fleire andre Beatles-melodiar med nynorsk tolking vart han nekta dette av Michael Jackson, som åtte rettane til store delar av Beatles sin musikk. «Det vart nesten ein såpeopera, men eg fekk veldig god reklame på det. 'Meg og Michael',»[15] fortel han sjølv. Tekstane vart i staden sende ut til norske komponistar som vart spurde om dei kunne lage melodiar, i tillegg til at han lagde nokre sjølv. I 1992 kom det fyrste musikkalbumet hans, Nynorskens skog, ut på plateselskapet Tylden & Co. Plata vart laga i nøyaktig 999 eksemplar, og det følgde også med eit signert litografi til kvar plate. Dette inneheldt teikningar til kvar av songane på plata.

Oddvar Torsheim og musikken hans er av mange sett på som noko særeige. Han har vorte kritisert av folk som meiner at han ikkje syng reint, men lagar sine eigne tonar. Om dette seier han sjølv: «Eg kallar det for terapeutiske sidesprang når eg syng. Jobben min er jo biletmakar, men ein blir jo aldeles galen viss ein berre skal gå og lage bilete heile livet. […] Det er vel eit nynorsk primalskrik, dette her. Eg kan vel ikkje syngje, men eg har eit utmerka fråspark, for eg er ein gammal lengdehoppar.»[15]

I 2000 kom den andre plata hans ut. Ho heiter Tur-retur blues, er også utgjeven på Tylden & Co. og inneheld fem tolkingar av Bob Dylan-songar, i tillegg til nyinnspelingar av nokre av songane frå Nynorskens skog. «Torsheim nyttar berre Dylans melodiar som ei orsaking, ei form som han kan putte sine eigne tekstar og sitt eige univers inn i,»[16] skreiv platemeldaren i Dag og Tid, Audun Skjervøy, om songane på plata.

Blant songtekstane til Oddvar Torsheim finn ein mange humoristiske tekstar, som «Hei, kjære dragspelar», «Eg og meg og Mona» og «Slik var det det gjekk meg» (som delvis handlar om han sjølv), men også meir alvorlege, som «Galningen». Denne handlar om ein person som er utstøytt og forvist frå lokalsamfunnet sitt og sett på som ein galning fordi han er annleis. Elles har han òg songar som handlar om kjærleik, som «Mari Campari» og «Solveigs haust-adjø».

Våren 2008 kunne fjernsynssjåarar sjå Oddvar Torsheim syngje på TV 2-programmet Norske Talenter. Han vart invitert av TV 2 til audition for programmet etter at han var med i Norges herligste med Ylvis-brørne på TV Norge.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1978: Kirke- og undervisningsdepartementes illustrasjonspris for På frifot[17]
  • 1979: Gyldendals illustrasjonspris[17]
  • 2007: Målprisen for Sogn og Fjordane[4]
  • 2007: Sogn og Fjordane fylke sin kulturpris

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

I bøker - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

  • 1992 - Oddvar Torsheim: Nynorskens skog. Oslo, Tylden. GTACD 8490
  • 2000 - Oddvar Torsheim: Tur-retur blues. Oslo, Tylden. GTACD 8125
  • 2014 - Oddvar Torsheim: Rokkrullat. Kick The Boy. KTB07

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Sele, Katrine (13. februar 2009). «Oddvar Torsheim». Norsk biografisk leksikon. 
  2. Arild Nybø (01.11.2003). «Torsheim-statuen avduka». NRK Sogn og Fjordane. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 www.allkunne.no/. «Oddvar Torsheim - Allkunne» (på norsk). 
  4. 4,0 4,1 «Målpris til Oddvar Torsheim» av Noregs Mållag (19.03.2007)
  5. Tvisynt tvilar, s. 10 og 17.
  6. «Oddvar Torsheim : like spontan som ein kålrabi» av Birgitte Vaksdal (2008)
  7. 7,0 7,1 7,2 «Multikunstnar og lettmatros» av FSF på scandion.no (30.11.2002)
  8. 8,0 8,1 Tvisynt tvilar, s. 20.
  9. 9,0 9,1 9,2 «Oddvar Torsheim: Ein introduksjon til fenomenet» av Hjørdis Maria Longva i Atrium nr. 3/2006.
  10. Tvisynt tvilar, s. 11.
  11. Svanes, Brit Jorunn (1. november 2013). «Torsheim får ku og utstilling i 75-årsgåve». NRK Sogn og Fjordane. 
  12. Svanes, Brit Jorunn. «Oddvar Torsheim fekk jord og statue». NRK. 
  13. Løset, Oddleif. «Får eigen konsert i bursdagsgåve». NRK. 
  14. Oldeide, Erlend Blaalid. «- Meir enn ein riksklovn». NRK. 
  15. 15,0 15,1 15,2 «På oppfordring», spor 7 på Nynorskens skog (Tylden & Co., 1992)
  16. «Makelause Torsheim» av Audun Skjervøy i Dag og Tid (06.04.2000)
  17. 17,0 17,1 Veiteberg, Jorunn (2017-02-20). «Oddvar Torsheim». Norsk kunstnerleksikon (på norsk). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Tekstar om Oddvar Torsheim[endre | endre wikiteksten]

  • Katrine Sele (2001). Tvisynt tvilar – portrett av Oddvar Torsheim. Leikanger: Skald forlag. 
  • Lars Elton (2018). Oddvar Torsheim : lyst og last. Leikanger: Skald forlag. ISBN 9788279592822.