Síkinos

Koordinatar: 36°41′N 25°07′E / 36.683°N 25.117°E / 36.683; 25.117
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sikinos)
Síkinos
Lokalt namn Σίκινος
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°41′N 25°07′E / 36.683°N 25.117°E / 36.683; 25.117
Øygruppe Kykladane

Areal 42,507 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Thíra
Største busetnad Síkinos (180 innb.)

Demografi
Folketal 253 (2021[1])
Folketettleik 6,0 /km²

Síkinos (gresk Σίκινος) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I antikken vart ho kalla Oinoe (Vinøya). I motsetnad til naboøya Íos er ho roleg og relativt lite utvikla. Síkinos ligg midt mellom Íos og Folégandros, og like sørvest for øya ligg den litle øya Kardiótissa.

Síkinos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Thíra i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Síkinos 253 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 180 innbyggjarar.[1]

Øya har to landsbyar, hamna Aloprónia og Síkinos by (ofte kalla Kástro eller Khóra) lenger oppe i åsane. Det er eit par gjestgiveri ved hamna. Stranda ved hamna er ein av to store strender på øya. Det ligg fleire ruinar frå antikken på Síkinos, men nokre av dei er nokså avsidesliggande. Terrenget er kupert og gjer det vanskeleg å ferdast på øya. Nesten heile øya er dekt av terrassar som tidlegare vart nytta til omfattande jordbruk. I dag vert berre nokre få av desse nytta.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Folketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Síkinos (Khóra) 184 180
Aloprónia 89 73

Småøyar i kommunen:

  • Avoladonísio (0)
  • Kalójeros (0)
  • Karavós (0)
  • Kardiótissa (0)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]