Sivbåt
Sivbåtar og -flåtar er farkostar laga av ulike sivvekstar. Saman med uthola stokkebåtar og andre flåtar er dei blant dei eldste kjende båtslaga. Dei er blitt mykje brukte som tradisjonelle fiskebåtar, og er framleis i bruk nokre få stader rundt om i verda, sjølv om dei generelt er blitt erstatta av plankebåtar. Sivbåtar kan skiljast frå sivflåtar, sidan båtane vanlegvis er gjort vasstette med ei form for tjøre.[1] I tillegg til båtar og flåtar er det òg blitt laga små flytande øyar av siv.
Dei eldste leivningane etter ein sivbåt ein har funne er 7000 år gamle, funne i Kuwait. Sivbåtar er avbilda i tidlege helleristingar og var vanlege i det gamle Egypt. Eit kjent døme frå Andre mosebok er papyruskorga som barnet Moses blei lagt i. Dei blei også laga frå tidlege tider i Peru og Bolivia, og båtar med svært lik utforming er blitt funne på Påskeøya og også på New Zealand, der dei blei laga av maoriar.[2] Sivbåtar blir framleis nytta i Peru, Bolivia, Etiopia og fram til nyleg på Korfu. Utforskinga og forsøka til den norske etnografen og eventyraren Thor Heyerdahl har ført til ei betre forståing av bygginga og eigenskapane til denne typen farkost.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Bildet til høgre viser helleristingar av ein sivbåt og folk. Sivbåten liknar dei skildra i holemåleri i Skandinavia, noko som førte Thor Heyerdahl til teorien om at skandinavar kom frå området som i dag er Aserbajdsjan. I Gobustan statlege historisk-kunstnariske reservat finst det over 6 000 petroglyfar laga av jeger-sankarar som levde i desse grottene for 12 000 år sidan. Då var Kaspihavet mykje høgare, med breidde mot dei nedre delane av åsen.
Ein annan funnstad er Wadi Hammamat i Qift i Egypt, der det er teikningar av egyptiske sivbåtar som er daterte til 4000 f.Kr.[3]
Dei eldste kjende restane av ein båt som er laga av siv (og tjøre) er frå ein 7000 år gammal sjøbåt som blei funnen på det arkeologisk området H3 i Kuwait.[4]
Dei gamle egyptarane bygde båtar av papyrusplanten, som blei mykje dyrka langs Nilen og Nildeltaet. Denne sivtypen blei òg brukt til mange andre formål, særleg til å laga papyrusmateriale til å skriva på.[5] Andre artar i papyrusslekta Cyperus kan òg ha vore brukt.[6] Theofrastos skriv i si Historia om plantane[7] at rigginga på kong Antigonus sin flåte, som blei brukt til å stenga dørene då Ulysses drep belarane i salen sin,[8] var laga av papyrussiv.[6] Lette småbåtar som kunne navigera langs Nilen blei bygde med akterspeglar av papyrussiv, som vist på relieff frå det fjerde dynastiet, der menn skjer papyrus og bruker det til å laga tauverk og segl til å bygga ein sivbåt.[6]
Bibelen fortel i soga om Moses at han blei frelst frå farao sitt dekret om å drepa alle mannlege israelittar ved av moren la han i ei sivkorg som ho let flyta på Nilen.[9] Materialet denne vesle båten eller korga skal ha vore laga av kan ha vore papyrus. Profeten Jesaja refererer til etiopiske farkostar av siv i Jesaja 18:2.
Sivbåtar ved Titicacasjøen
[endre | endre wikiteksten]Totora-siv veks i Sør-Amerika, særleg rundt Titicacasjøen, og finst òg på Påskeøya. Desse siva har vore brukte av ulike sivilisasjonar i førkolumbiske Sør-Amerika til å laga sivbåtar. Båtane, kalla balsa, varierer i storleik frå små fiskebåtar til tretti meter lange fartøy. Dei blir framleis brukte på Titicacasjøen, som ligg på grensa mellom Peru og Bolivia, 3810 m over havet.[10]
Urufolket er ei urfolksgruppe som fanst før inkariket. Dei lever framleis på menneskeskapte flytande øyar som er spreidde over Titicacasjøen. Desse øyane er òg bygde av totorasiv.[11] Kvar flytende øy har mellom tre og ti hus, som òg er bygde av siv.[10] Urufolk byggjer framleis båtar av totorasiv, som dei brukar til å fiska og jakta på sjøfuglar frå.[12]
Sivbåtmakarar frå Suriqui, ein by på den bolivianske sida av Titicacasjøen, hjelpte Thor Heyerdahl med å byggja «Ra II» og «Tigris» under utforskinga hans av sivbåtar.[13] Thor Heyerdahl prøvde å visa at sivbåtane på Titicacasjøen stamma frå papyrusbåtar i Egypt.
Thor Heyerdahl
[endre | endre wikiteksten]I nyare tid har utforskinga og forskinga til den norske etnografen og eventyraren Thor Heyerdahl ført til ei betre verdsetting av bygginga og kapasiteten til sivbåtar.
Heyerdahl ville visa at dei gamle middelhavsfolka eller afrikanske folk kunne ha kryssa Atlanterhavet og nådd Amerika ved å segla med Kanaristraumen. I 1969 bygde Heyerdahl den fyrste sivbåten sin, «Ra», oppkalla etter den egyptiske solguden Ra. Utforminga var basert på gamle egyptiske modellar og teikningar. Båten blei bygd av tsjadiske båtfolk frå Tsjadsjøen med papyrus frå Tana-sjøen í Etiopia. Han blei sjøsett ved kysten av Marokko, og la ut på eit forsøk på å kryssa Atlanterhavet. Etter fleire veker hadde mannskapet endra skipet på eit vis som førte til at «Ra» byrja synka og ta opp vatn. Båten løyste seg etterkvart opp i delar og blei forlaten.
Året etter organiserte Heyerdahl bygginga av ein annan, liknande båt, «Ra II». Båtarbyggjarar frå Titicaca-sjøen laga denne i Bolivia. Ekspedisjonen la ut frå Marokko igjen, og lukkast denne gongen med å kryssa Atlanterhavet. Han nådde Barbados.[14]
I 1978 bygde Heyerdahl ein tredje sivbåt, «Tigris», med namn etter Tigriselva, som definerer den austlege grensa til Mesopotamia. Målet med å byggja dette skipet var å visa at Mesopotamia kunne ha vore knytt gjennom handel og migrasjon til sivilisasjonen i Indusdalen, som no er Pakistan. «Tigris» blei bygd i Irak og segla langs Persiabukta, deretter til Pakistan, og endeleg inn i Raudehavet. Båten blei verande på havet i seglbar stand i fem månader. I Djibouti blei «Tigris» brent i protest mot krigen som då raga kring Raudehavet og i Afrika.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ McGrail S (1985) Towards a classification of Water transport World Archeology, 16 (3).
- ↑ Barclay-Kerr, Hoturoa (12 June 2006). «Mōkihi». Te Ara: The Encyclopedia of New Zealand.
- ↑ McGrail, Seán (2004) Boats of the World: From the Stone Age to Medieval Times Oxford University Press. ISBN 978-0-19-927186-3
- ↑ Lawler, Andrew (June 7, 2002). «Report of Oldest Boat Hints at Early Trade Routes». Science (AAAS) 296 (5574): 1791–1792. PMID 12052936. doi:10.1126/science.296.5574.1791. Henta 5. mai 2008.
- ↑ Thompson, Edward Maunde (1911). «Papyrus». I Chisholm, Hugh. Encyclopædia Britannica (på engelsk) 20 (11. utg.). Cambridge University Press. s. 743–745.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 «Sivbåt». Encyclopædia Britannica (11. utg.). 1911.
- ↑ Theophrastus (1916) [[[:Mal:C.]] 300 BCE]. Enquiry into plants and minor works on odours and weather signs. Loeb Classical Library, 70. Sett om av Hort, A. F. London; New York: W. Heinemann; G.P. Putnam's Sons. ISBN 978-0-674-99077-7. OCLC 685104.
- ↑ Odyssey xxi. 390.
- ↑ Exodus Chapter 1 Pages 15-16.
- ↑ 10,0 10,1 «Puno» (PDF). Mincetur.
- ↑ Encyclopædia Britannica Online: Lake Titicaca. Retrieved 12 July 2007.
- ↑ Encyclopædia Britannica Online: Lake Titicaca. Vitja 12. juli 2007.
- ↑ Box, Ben (1998). South American Handbook. Footprint Handbooks. s. 292. ISBN 978-0-8442-4886-8.
- ↑ Ryne, Linn. Voyages into History at Norway.
- Denne artikkelen bygger på «Reed boat» frå Wikipedia på engelsk, den 3. januar 2025.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Swall, Corinne; Nuyens III, Louis (2003). Tule reed boat workbook : a voyage of adventure. Kentfield, CA: Mother Lode Musical Theatre, Watershed Preservation Network.