Skarverennet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Skarverennet er eit av dei største skirenna i verda og vert arrangert av Geilo Idrettslag. Rennet går i slutten av april og markerer slutten på skisesongen for mange av deltakarane. Løypa er 38 km og går langs Hallingskarvet frå Finse til Ustaoset og vart arrangert første gong i 1974. Det er tre drikkestasjonar langs løypa: Lengjedalsvatnet (berre frå Finse), Bjødnabu og Raggemyran.

Alle deltakarar som startar frå Finse må ta toget for å delta, då det ikkje går veg dit. For å kunne ta imot fleire deltakarar er det i seinare år (frå 1996) laga ei alternativ 24 km lang rute frå Haugastøl til Ustaoset. Etter denne utvidinga er kapasiteten på ca 12 000 deltakarar. Deltakarane vert delte i tre klasser: Tur, trim og konkurranse.

Vinnarar av Skarverennet[endre | endre wikiteksten]

År Herrer Damer
1974 rennet avbrote rennet avbrote
1975 Helge Thorsby, Sigdal Tone Dahle, Ready
1976 Oddvar Brå, Leik Berit Johannesen, Fossum
1977 Jan G Braathen, Høybråten og Stovner Idrettslag Berit Johannesen, Fossum
1978 Audun Kolstad, Henning Berit Johannesen, Fossum
1979 Torbjørn Kulstad, BUL Anne Berit Gjermundshaug, Alvdal
1980 Dag Atle Bjørkheim, Bjerke Ragnhild Bratberg, Ringsaker
1981 Dag Atle Bjørkheim, Bjerke Gry Oftedal, Bærums Verk
1982 rennet avlyst rennet avlyst
1983 Pål Gunnar Mikkelsplass, Bromma Vigdis Rønning, Bjerke
1984 Pål Gunnar Mikkelsplass, Bromma Anette Bøe, Bjerke
1985 Pål Gunnar Mikkelsplass, Bromma Marianne Dahlmo, Bodø og omegn
1986 Pål Gunnar Mikkelsplass, Bromma Nina Skjeime, Kjelsås
1987 Martin Hole, Geilo IL Marianne Myklebust, Veldre
1988 Øyvind Mobakken, Grorud Elin Nilsen, Bossmo og Yttern IL
1989 Øyvind Skaanes, Utleira Elin Nilsen, Bossmo og Yttern IL
1990 Kristen Skjeldal, Bulken Elin Nilsen, Bossmo og Yttern IL
1991 Gudmund Skjeldal/Kristen Skjeldal, Bulken Elin Nilsen, Bossmo og Yttern IL
1992 Egil Kristiansen, Lillehammer Elin Nilsen, Bossmo og Yttern IL
1993 Remi Andersen, Bekkelaget Antonina Ordina, Tegnespojkarna
1994 Ragnar Hagen, Ål Antonina Ordina, Tegnespojkarna
1995 Remi Andersen, Bekkelaget Antonina Ordina, Tegnespojkarna
1996 konkurranseklassa avlyst konkurranseklassa avlyst
1997 Mikhail Botvinov, Austerrike Antonina Ordina, Tegnespojkarna
1998 Tor Arne Hetland, Varden Elin Nilsen, Bossmo og Yttern IL
1999 Johann Mühlegg, Tyskland Elin Nilsen, Bossmo og Yttern IL
2000 Frode Andresen, Hønefoss skiklubb Elin Nilsen, Bossmo og Yttern IL
2001 Frode Andresen, Hønefoss skiklubb Elin Nilsen, Bossmo og Yttern IL
2002 Tore Bjonviken Elin Nilsen, Bossmo og Yttern IL
2003 avlyst avlyst
2004 Kristen Skjeldal, Bulken Elin Nilsen, Bossmo og Yttern IL
2005 Lars Berger, Byåsen Elin Nilsen, Bossmo og Yttern IL
2006 Ole Einar Bjørndalen, Simostranda Elin Nilsen, Bossmo og Yttern IL
2007 Ole Einar Bjørndalen, Simostranda Therese Johaug, IL Nansen
2008 Petter Northug, Trondheim Therese Johaug, IL Nansen
2009 Dario Cologna, Sveits Therese Johaug, IL Nansen
2010 Curdin Perl, Sveits Therese Johaug, IL Nansen
2011 Jean Marc Gaillard, Frankrike Therese Johaug, IL Nansen
2012 Chris Jespersen, Team Veidekke Therese Johaug, Tynset IF

Kjelder[endre | endre wikiteksten]