Thomas Hobbes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thomas Hobbes

Thomas Hobbes (5. april 15884. desember 1679) var ein engelsk filosof. Han er mest kjend for hovudverket Leviathan, som han gav ut i 1651, der han freistar å rettferdiggjere staten og vise korleis det er vår plikt å lyde den. Han gjer seg her til talsmann for eineveldet og staten sin uavgrensa makt. Hobbes var den første som opererte med omgrepet samfunnskontrakten.

Hobbes resonnerar seg fram til læra om den uavgrensa statsmakta ved hjelp av ei rekkje med postulat. Han føreset for det første at menneskae ynskjer å overleve, og at dei ynskjer seg eit behageleg og rommeleg liv. Dessutan ynskjer dei å oppnå makt og ære. Han legg vidare til grunn at menneska er relativt like i sårbarheit og evne, og at det alltid vil vee knapt med ressursar. På dette grunnlaget sluttar han at det vil utvikle seg ein alle sin krig mot alle. Nokre vil angripe andre for å sikre si eiga materielle overleving, andre vil angripe for å oppnå ære og makt. Den stadige faren for å bli angripen vil så føre til at menneske som i utgangspunktet helst vil la andre vere i fred føler seg tvungne til å gå til førehandsangrep. Hobbes omtalar denne situasjonen som naturtilstanden.

Kva burde vi så i gjere for å kome ut av denne tilstanden? Av frykt for tidleg død, og i vårt strev etter eit liv vi kan halde ut, burde vi i følgje Hobbes inngå ein samfunnskontrakt. Menneska bør overføre makt og styrke til ein enkelt herskar mot at denne forsvarar deira liv og eigedom. Føresetnaden er altså at alle dei andre (med unntak av suverenen) går med på det same. Viss ikkje alle dei andre i lik grad avstår frå retten til å gjere kva dei vil, så er det ingen som har grunn til å gjere det. Det ville berre auke risikoen for å bli plyndra. Kontrakten krev uinnskrenka absoluttistisk makt. Den føreset ein herskar som er så sterk at han kan tvinge alle til lydnad.

Hobbes understrekar at kontrakten vert inngått mellom individa i samfunnet, ikkje mellom desse og suverenen/staten. Suverenen står utanfor og kva han enn gjer, så er det rett så lenge han vernar oss. Sidan vi inngår kontrakten for å redde liva våre, har vi likevel inga plikt til å la oss bli tatt av dage. Dersom herskaren ikkje klarer å verne oss, gjeld ikkje kontrakten lenger og vi vender tilbake til naturtilstanden.

John Locke gjorde seinare gjeldande, at dersom suverenen ikkje klarer å verne liv, eigedom og fridom, så har rimelege og fornuftige undersåttar rett til å styrte han, og erstatte han med ein ny.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]