Sweet Hitch-Hiker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sweet Hitch-Hiker
Singel av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Mardi Gras
B-side «Door to Door»
Utgjeve Juli 1971
Sjanger Roots-rock
Lengd 2:59
Selskap Fantasy
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent Stu Cook, Doug Clifford og John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi
«Have You Ever Seen the Rain?»
(1971)
Sweet Hitch-Hiker «Someday Never Comes»
(1972)


«Sweet Hitch-Hiker» er ein song av den amerikanske rockegruppa Creedence Clearwater Revival frå albumet deira Mardi Gras frå 1972. Han vart gjeven ut som den første singelen frå albumet i 1971 og nådde sjetteplassen på Billboard Hot 100.[1] I Storbritannia (UK Singles Chart) nådde han 36. plass.[2]

Songen vart skriven av John Fogerty og har vorte skildra som ein «klassisk John Fogerty-stomper» av forfattar Hank Bordowitz.[3]

Songen nemner Greasy King, ein restaurant i El Cerrito i California, der bandmedlemmane voks opp.

B-sida til singelen var songen «Door to Door» skriven og sungen av Stu Cook.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits (8th utg.). New York: Billboard Books. s. 152. ISBN 978-0-8230-7499-0. Henta 17. august 2013. 
  2. Warwick, Neil; Kutner, Jon; Brown, Tony (2004). The Complete Book of the British Charts: Singles and Albums. London: Omnibus Press. s. 275. ISBN 1-84449-058-0. Henta 17. august 2013. 
  3. Bordowitz, Hank (2007). Bad Moon Rising: The Unauthorized History of Creedence Clearwater Revival. Chicago: Chicago Review Press. s. 126. ISBN 978-1-55652-661-9. Henta 17. august 2013.