Green River av Creedence Clearwater Revival

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om albumet. For for tittelsporet, sjå songen Green River.
Green River
Studioalbum av Creedence Clearwater Revival
Språk engelsk
Utgjeve 3. august 1969[1]
Innspelt Mars til juni 1969[2]
Studio Wally Heider Studios i San Francisco[3]
Sjanger
Lengd 29:25
Selskap Fantasy
Produsent John Fogerty[4]
Creedence Clearwater Revival-kronologi 
Bayou Country
(1969)
Green River Willy and the Poor Boys
(1969)


Singlar frå Green River
  1. «Bad Moon Rising»/«Lodi»
    Utgjeve: April 1969[1]
  2. «Green River»/«Commotion»
    Utgjeve: July 1969[1]

Green River er det tredje studioalbumet til det amerikanske rockebandet Creedence Clearwater Revival, og kom ut i august 1969 etter at det andre albumet Bayou Country hadde kome ut i januar same året, og vart etterfølgd av Willy and the Poor Boys i november same året.

Det inneheld to av dei mest kjende songane til bandet, «Bad Moon Rising» og tittelsporet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I januar 1969 gav Creedence Clearwater Revival ut det andre albumet sitt, Bayou Country, og gjennombrotssingelen «Proud Mary» med «Born on the Bayou» som B-side. Singelen nådde andreplassen på Billboard Hot 100.[1][5] Før innspelinga av det nye albumet i mars,[2] gjorde Creedence ein test i det nybygde Wally Heider Studios der dei spelte inn tre instrumentale test-spor (to av desse, «Broken Spoke Shuffle» og «Glory Be», finst på CD-utgåva frå 2008).[3]

Det tredje CCR-albumet inneheld to av dei største hittane deira, «Bad Moon Rising» og «Green River», som begge nådde andreplassen på den amerikanske singellista, i tillegg til den høgt akta «Lodi» (52. plassen) og «Commotion» (30. plassen).[1] «Bad Moon Rising» er kjend for den lystige musikken sidestilt med ein mørk, illevarslande tekst. Han var inspirert av ein scene i filmen The Devil and Daniel Webster frå 1941 som omhandla ein orkan, og John Fogerty sa om filmen: «Det var denne apokalypsen som skulle kome. Det var ikkje før bandet lærte seg songen at eg forstod kontrasten. Her har du denne songen med alle desse orkanane som kjem rasande og legg alt i ruinar, og ein lystig melodi.»[6] I eit intervju Fogerty gav til Rolling Stone i 2012 sa Fogerty, «ein song som «Green River» – som ein kan tru passar godt inn i Bayou-stemninga - er ikkje eigentleg om Green River, som eg kalla ho - det var eigentleg om Putah Creek ved Winters, California. Ho heitte ikkje Green River, men i hovudet mitt var ho Green River. Alle dei små anekdotane er ein del av barndomen min, ting som faktisk skjedde meg, eg berre skreiv om dei og publikum endra tid og stad.».[7]

Den dempa songen «Lodi» nådde ikkje topp 40, men kom til å bli mykje spelt på radio og vart ein favoritt hos fansen. Han skildrar situasjonen til ein mislykka musikar som har fått ein spelejobb i byen Lodi, ein liten jordbruksby i California, kring 100 km frå heimbyen til Fogerty i Berkeley. Etter å ha spelt på lokale barar, har ikkje forteljaren råd til buss- eller togbillett vidare og sit fast på staden.[2] Fogerty sa seinare at han aldri faktisk hadde vore i Lodi før han skreiv songen, men brukte staden i namnet fordi han hadde «eit veldig kult namn.»[8]

«Commotion» er blitt sagt å vere ein metafor for den sosiale og politiske uroa i Amerika på denne tida. Fogerty sa i 2012 til Uncut, «eg syns ikkje 'Commotion' var ein samfunnskommentar, for alle desse greiene låg berre i lufta. Men eg skreiv om kva som var i lufta, og det var det som kom ut av meg. Eg gjorde berre det som kom naturleg.»

Andre songar på albumet er «Wrote a Song for Everyone», som i følgje ein episode på VH1 Legends om gruppa omhandlar det skrantande ekteskapet til Fogerty, og Ray Charles-songen «The Night Time Is the Right Time», som heldt fram tradisjonen til Creedencen om å spele klassiske R&B- og tidlege rock and roll-songar på studioalbuma sine. I 2012 kalla Uncut «Cross Tie Walker» «i røynda ein Johnny Cash two-step med ei kjekk basslinje og ei soge om ein uteliggjar som hoppar på eit tog og startar eit nytt liv.» Uttrykket «cross tie walker» var brukt på eit tidlegare album på songen «Green River».

Innspelingane for Green River varte fram til juni.[2] Medan dei gjorde ferdig albumet, gav dei ut to singlar: «Bad Moon Rising» i lag med «Lodi» og «Green River» i lag med «Commotion», i april og juli. Begge nådde andreplassen på Billboard-lista.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[2]
Rolling Stone original(postiv)[9]
Rolling Stone nyutgjeving5/5 stars[10]

Rolling Stone kalla det «eit stort album» og skreiv «dei skapar no den mest levande amerikanske rocken sidan Music from Big Pink».[11] AllMusic gav albumet fem av fem stjerner og Stephen Thomas Erlewine skreiv: «Om noko, så representerer det tredje albumet til CCR den klassiske stilen deira i full blomstring, som dei byrja å med på det førre albumet, Bayou Country[2] John Fogerty har fleire gonger sagt at Green River er favoritt albumet hans av Creedence, og sa til Tom Pinnock i Uncut i 2013, «“Green River” var favorittsongen min frå Creedence-tida, fordi han hadde heile den Sun Records-stemninga for meg - og heile albumet òg.»

Albumet selte til gullplate i USA 16. desember 1970. Tjue år seinare fekk det tredobbel platinaplate den 13. desember 1990.[12]

I 2003 vart albumet rangert på 95. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene[13], men var ikkje med i det heile på den oppdaterte lista til magasinet frå 2012.Det var med i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[14]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Fogerty, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Green River»2:36
2.«Commotion»2:44
3.«Tombstone Shadow»3:39
4.«Wrote a Song for Everyone»4:57
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Bad Moon Rising» 2:21
2.«Lodi» 3:13
3.«Cross-Tie Walker» 3:20
4.«Sinister Purpose» 3:23
5.«The Night Time Is the Right Time»Nappy Brown, Ozzie Cadena, Lew Herman3:09
Bonussporpå 40-årsjubileumsutgåva
Nr.TittelLengd
10.«Broken Spoke Shuffle»2:39
11.«Glory Be»2:48
12.«Bad Moon Rising» (Konsertopptak frå Berlin, 16. september 1971)2:07
13.«Green River/Suzie Q» (Konsertopptak frå Stockholm, 21. september 1971)4:28
14.«Lodi» (Konsertopptak frå Hamburg, 17. september 1971)3:19

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Creedence Clearwater Revival
Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1969 Billboard R&B Albums 26[5]
Billboard 200 1[5]
RPM Top Albums 2[16]
1970 UK Albums Chart 20[17]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Plassering
Billboard Hot 100[18] UK Singles Chart[19] RPM Top Singles
April 1969 «Bad Moon Rising» 2 1 5[20]
«Lodi» 52
July 1969 «Green River» 2 19 5[21]
«Commotion» 30

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Chronicle, Vol. 1 Fantasy Records Compact Disc Catalog #FCD-CCR2-2
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Janovitz, Bill. «Lodi». Allmusic. Henta 18. september 2020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «Artist» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 14. mars 2012. Henta 17. august 2013. 
  4. «John Fogerty Recordings». Songwriters Hall of Fame. Henta 6. januar 2012. [daud lenkje]
  5. 5,0 5,1 5,2 Green River av Creedence Clearwater RevivalAllmusic. Henta 1. november 2004.
  6. Michael Goldberg (1993). Jann S. Wenner, red. «Fortunate Son: John Fogerty - The 1993 Rolling Stone Interview». Rolling Stone (United States: Jann S. Wenner). Henta 24. januar 2011. 
  7. Greene, Andy. Q&A: John Fogerty on All-Star Duets LP, Unlikely Creedence Reunion Arkivert 2018-01-14 ved Wayback Machine., Rolling Stone, 4. mai 2012
  8. Farrow, Ross. «Residents are proud to be ‘Stuck in Lodi’». Lodi News-Sentinel. Arkivert frå originalen 31. oktober 2006. Henta 18. september 2020. 
  9. Miroff, Bruce (18. oktober 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (44): 38. Arkivert frå originalen 6. november 2015. Henta 25. april 2016. 
  10. Walters, Barry (2. oktober 2008). «Creedence: Back to the Bayou». Rolling Stone (1062). s. 74. Arkivert frå originalen 4. april 2010. Henta 18. september 2020. 
  11. Miroff, Bruce (18. oktober 1969). «Creedence Clearwater Revival Green River > Album Review». Rolling Stone (44). Arkivert frå originalen 6. november 2015. Henta 18. september 2020. 
  12. «American album salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Green River». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  13. Levy, Joe; Steven Van Zandt (2006) [2005]. «95 | Green River - Creedence Clearwater Revival». Rolling Stone's 500 Greatest Albums of All Time (3rd utg.). London: Turnaround. ISBN 1-932958-61-4. OCLC 70672814. Arkivert frå originalen 24. juni 2011. Henta 17. august 2013. 
  14. Robert Dimery; Michael Lydon (23. mars 2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2. 
  15. Green River av Creedence Clearwater RevivalAllmusic. Henta 4. oktober 2010.
  16. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Arkivert frå originalen 19. oktober 2012. Henta 6. januar 2012. 
  17. «Creedence Clearwater Revival - Green River». Official Charts Company. Henta 6. januar 2012. 
  18. Green River av Creedence Clearwater RevivalAllmusic. Henta 1. november 2004.
  19. «Creedence Clearwater Revival». Official Charts Company. Henta 6. januar 2012. 
  20. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 6. januar 2012. 
  21. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 6. januar 2012.