Bad Moon Rising

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bad Moon Rising
Singel av Creedence Clearwater Revival
frå albumet Green River
B-side

«Lodi»

Språk engelsk
Utgjeve April 1969
Innspelt Mars 1969 i Wally Heider's Studio i San Francisco i California
Sjanger Roots-rock, swamp-rock
Lengd 2:21
Selskap Fantasy
Komponist John Fogerty
Tekstforfattar John Fogerty
Låtskrivar(ar) John Fogerty
Produsent John Fogerty
Creedence Clearwater Revival-kronologi 
«Proud Mary»
(1969)
Bad Moon Rising «Green River»
(1969)


«Bad Moon Rising» er ein song skriven av John Fogerty og framført av Creedence Clearwater Revival. Han var den første singelen frå det tredje albumet deira, Green River, og kom ut i april 1969, fire månader før albumet. Songen nådde andreplassen på Billboard Hot 100 og toppen av UK Singles Chart, der han låg i tre veker i september 1969. Han var den andre singelen til CCR som selde til gullplate i USA.[1]

Songen har vorte spelt inn av minst 20 andre artistar, i stilar som varierer frå folk til reggae til psykedelisk rock.

I 2011 rangerte Rolling Stone songen på 364. plass på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Fogerty skreiv visstnok «Bad Moon Rising» etter å ha sett The Devil and Daniel Webster. Inspirert av ein scene i filmen med ein tropisk orkan hevdar Fogerty songen omhandlar «apokalypsen som skulle kome til å råke oss»[2]

Mondegreen[endre | endre wikiteksten]

Refrenget «there's a bad moon on the rise» har ofte vorte mistydd som «there's a bathroom on the right». Fogerty har parodiert denne mistydinga på konsertversjonar av songen.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Jerry Lee Lewis spelte inn ein versjon av songen i 1973 for albumet The Session.[4] Fogerty og Lewis spelte inn ein versjon i lag i 2010 på albumet Mean Old Man.[5] Emmylou Harris spelte ein versjon av songen i 1981 på albumet Evangeline.[6] I 1986 nådde ein versjon av det australske bandet the Reels 11. plass på den australske lista.[7] Den skotske tradisjonelle gruppa Battlefield Band spelte inn ein versjon i 1987 for albumet After Hours: Forward to Scotland's Past. Ein versjon av The Blue Aeroplanes frå 1995 finst på EP-en Sugared Almond.

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Songen er blitt nytta i mange filmar, som An American Werewolf in London, My Fellow Americans, Twilight Zone: The Movie, Blade, Sweet Home Alabama, My Girl, Man of the House, Mr. Woodcock og The Big Chill.

Han er òg nytta i mange fjernsynsprogram, som Supernatural, Cold Case, Northern Exposure og Alvin and the Chipmunks.

Ein remiks av songen finst i videospelet Crackdown 2.

Songen er spelbar i videospelet Guitar Hero 5 og Rock Band 3.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
Australske Go-Set-lista 3
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[8] 8
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[9] 4
Belgia (Ultratip Vallonia)[10] 22
Canada Top Singles (RPM)[11] 5
Tyskland (Media Control AG)[12] 4
Irland (IRMA)[13] 1
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[14] 10
New Zealand (Listener) 1
Noreg (VG-lista)[15] 3
Sør-Afrika (Springbok Radio)[16] 1
Sveits (Schweizer Hitparade)[17] 9
UK Singles (Official Charts Company)[18] 1
US Billboard Hot 100[19] 2
US Cash Box Hot 100[20] 2
US Record World 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1969) Plassering
Australia[21] 31
Canada[22] 53
US Billboard Hot 100[23] 24
US Cash Box[24] 51

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[25] Gull 400 000^
USA (RIAA)[26] 2× Platina 4 000 000^

xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chronicle, Vol. 1 Liner Notes
  2. Michael Goldberg (1993). Jann S. Wenner, red. «Fortunate Son: John Fogerty - The 1993 Rolling Stone Interview». Rolling Stone (United States: Jann S. Wenner). Henta 17. august 2013. 
  3. CCR/John Fogerty FAQ. Dette kan ein høyre på konsertalbumet frå 1998, Premonition.
  4. Jerry Lee Lewis, The Session Henta 17. august 2013.
  5. Jerry Lee Lewis, Mean Old Man Retrieved April 7, 2012.
  6. Emmylou Harris, Evangeline Retrieve April 7, 2012.
  7. McFarlane, Ian. «The Reels». Encyclopedia of Australian Rock and Pop. Arkivert frå originalen 15. juni 2004. Henta 17. august 2013. 
  8. "Creedence Clearwater Revival – Bad Moon Rising – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  9. "Ultratop.be – Creedence Clearwater Revival – Bad Moon Rising" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  10. "Ultratop.be – Creedence Clearwater Revival – Bad Moon Rising" (på fransk). Ultratip. ULTRATOP & Hung Medien / hitparade.ch.
  11. "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
  12. "Creedence Clearwater Revival - Bad Moon Rising". Charts.de. Media Control.
  13. "The Irish Charts – Search Results – Bad Moon Rising". Irish Singles Chart.
  14. "Nederlandse Top 40 – Creedence Clearwater Revival search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  15. "Norwegiancharts.com – Creedence Clearwater Revival – Bad Moon Rising". VG-lista. Hung Medien.
  16. «SA Charts 1965 – 1989 Songs A–B». South African Rock Lists. Henta 14. januar 2020. 
  17. "Creedence Clearwater Revival – Bad Moon Rising – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
  18. "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
  19. "Clearwater Revival?f=379&g=Singles Creedence Clearwater Revival Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Creedence Clearwater Revival. Prometheus Global Media.
  20. «Cash Box Top 100 Singles, 14. juni 1969». Arkivert frå originalen 20. februar 2017. Henta 6. september 2017. 
  21. «Go-Set Magazine Charts». www.poparchives.com.au. Barry McKay. January 2007. Arkivert frå originalen 4. juli 2007. Henta 18. september 2020. 
  22. «Item Display – RPM – Library and Archives Canada». www.collectionscanada.gc.ca. 
  23. «Top 100 Hits of 1969/Top 100 Songs of 1969». www.musicoutfitters.com. 
  24. «Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 29. desember 1969». Arkivert frå originalen 25. januar 2019. Henta 6. september 2017. 
  25. «British single salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Bad Moon Rising». British Phonographic Industry.  Enter Bad Moon Rising in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go
  26. «American single salstrofé – Creedence Clearwater Revival – Bad Moon Rising». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]