Sífnos

Koordinatar: 36°59′5″N 24°40′5″E / 36.98472°N 24.66806°E / 36.98472; 24.66806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sífnos
Lokalt namn Σίφνος
Kapellet nedanfor Kástro
Kapellet nedanfor Kástro
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°59′5″N 24°40′5″E / 36.98472°N 24.66806°E / 36.98472; 24.66806
Øygruppe Kykladane

Areal 73,9 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Mílos
Største busetnad Apollonía (918 innb.)

Demografi
Folketal 2 777 (2021[1])
Folketettleik 37,6 /km²

Sífnos (gresk Σίφνος) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Sífnos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Mílos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Hovudbyen på øya heiter Apollonía og ligg om lag midt på øya. Den nest største landsbyen er Kástro, som er bygd på toppen av ei høg klippe på nordvestkysten. Hamna, som ligg på vestkysten, heiter Kamáres.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sífnos ligg i den vestlege delen av Kykladane som har noko mindre turisme enn den austlege delen av øygruppa. Ho ligg mellom Sérifos og Mílos, vest for Dílos og Páros og om lag 130 km frå Pireus. Ho har eit areal på 74 km² og er 15 km lang og 7,5 km brei med ei kystlinje på 70 km. Folketalet er på om lag 2 500. Øya har ferjesamband med ruta som går mellom fleire av øyane i Kykladane og til Pireus.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sífnos var ei velståande øy i antikken på grunn av gull- og sølvgruvene som var her. Dette veit ein på grunn av skattkammeret innbyggjarane bygde ved Delfi på 500-talet fvt. Ein veit derimot ikkje om gruvene gjekk tom eller om dei vart fylt med sjøvatn. Uansett stoppa produksjonen opp.

Øya har vore rik på leire, har mykje sol og fine temperaturar, og dette har gjort Sífnos til eit senter for keramikk i Egearhavet gjennom tidenene.

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad olketal 2011[3] Folketal 2021[1]
Apollonía 869 918
Artemónas 800 701
Kamáres (Sífnos by) 245 319
Platýs Jalós 199 192
Fáros 105 145

Andre busetnader på øya:

  • {{ikkjeraud|Kástro på Sífnos|Kástro} (124)
  • Káto Petálio (121)
  • Trouláki (84)
  • Vathý (75)
  • Ajía Marína (72)
  • Kherrónisos (22)
  • Khrysopijí (4)

Småøyar i kommunen:

  • Kitrianí (0)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Apollonía

Kjelde[endre | endre wikiteksten]