Trygve Haugeland
Utsjånad
| Trygve Haugeland | |||
| Fødd | 18. mars 1914 Lyngdal kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 10. desember 1998 (84 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Senterpartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Trygve Haugeland (18. mars 1914–10. desember 1998), fødd i Lyngdal, var ein norsk politikar frå Senterpartiet.
Regjering
[endre | endre wikiteksten]Trygve Haugeland var statsråd i Miljøverndepartementet og den andre miljøvernministeren i Noreg, i regjeringa Korvald i tida 18. oktober 1972 til 5. mars 1973.
Andre verv
[endre | endre wikiteksten]Trygve Haugeland var stortingsrepresentant frå Vest-Agder i perioden 1958-1961 for Bondepartiet. Han var vararepresentant i periodane 1945-1949 og 1950-1953. Han var varaordførar i Lyngdal kommune 1948-1955.
Trygve Haugeland var medlem av Den Norske Nobelkomiteen i perioden 31. mai 1974 - 31. desember 1984. Trygve Haugeland var leiar i det såkalla ressursutvalet frå 1968 til 1971, som førte fram til opprettinga av Miljøverndepartementet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Stortinget.no - Biografi hos Stortinget.no, vitja 11. mars 2010
- Nobelprize.org - Biografi, vitja 11. mars 2010
Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1914
- Døde i 1998
- Norske miljøvernministrar
- Senterpartistatsrådar
- Statsrådar i Regjeringa Korvald
- Stortingsrepresentantar for Vest-Agder
- Stortingsrepresentantar frå Sp
- Stortingsrepresentantar 1958-1961
- Medlemmar og varamedlemmar i Nobelkomiteen
- Lokalpolitikarar i Lyngdal
- Sp-politikarar i Vest-Agder
- Folk frå Lyngdal