Ola Elvestuen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ola Elvestuen | |
Ola Elvestuen
Foto: Audun Halaas / Venstre | |
Fødd | 9. oktober 1967 |
---|---|
Parti | Venstre |
Verv | Norsk klima- og miljøminister |
- periode | 17. januar 2018– 24. januar 2020 |
- regjering | Solberg |
- føregangar | Vidar Helgesen |
- etterfylgjar | Sveinung Rotevatn |
Wikimedia Commons: Ola Elvestuen | |
Ola Elvestuen (fødd 9. oktober 1967 på Vestre Toten) er ein norsk politikar for Venstre. Han var klima- og miljøminister i regjeringa Solberg frå 17. januar 2018 til 24. januar 2020.[1]
Elvestuen har vore nestleiar i Venstre sidan 2008 og valt inn på Stortinget frå Oslo sidan 2013, etter å ha vore vararepresentant sidan 2001. Elvestuen vart byråd for miljø og samferdsel i Oslo i oktober 2011. Han er bror av Per Elvestuen.
Elvestuen studerte i åra 1989–1994 cand.mag. ved Universitetet i Oslo, med sosialantropologi, mellomfag i statsvitskap.[2] Han har også gjennomført sjefskurset ved Forsvarets høgskole.[3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Endringer i regjeringen». Regjeringa.no. 17. januar 2018. Henta 18. januar 2018.
- ↑ Hagi, Ali (19. september 2007). «Tok seg frihet til fri». Universitas.
- ↑ http://www.venstre.no/troms/sorreisa/artikkel/42007/
- Denne artikkelen bygger på «Ola Elvestuen» frå Wikipedia på bokmål, den 30. september 2013.