Kristin Hille Valla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristin Hille Valla
Fødd 31. desember 1944

Årdal

Kristin Hille Valla (fødd 31. desember 1944) er ein norsk politikar for Senterpartiet.

Frå 16. oktober 1989 til 3. november 1990 var Kristin Hille Valla statsråd og sjef for Miljøverndepartementet (miljøvernminister) i Jan P. Syse si regjering.

Ho var medlem av kommunestyret i Nes i Buskerud frå 1983 til 1987. Frå 1987 til 1991 var ho medlem av fylkestinget i Buskerud. I 2001 blei ho utnemnd til fylkesmann i Oppland.

Frå 1987 til 1991 var ho andre nestleiar i Senterpartiet.

Utanfor politikken har ho hovudsakleg arbeidd som lærar i Dovre og Nesbyen. Frå 1991 til 1998 var ho fylkesskulesjef i Oppland, og frå 1998 til 2000 var ho direktør i KS.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]