Upolitisk liste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Upolitisk liste er eit vanleg namn på lokale lister ved kommuneval i Noreg. Denne artikkelen handlar om lista som stilte til val ved stortingsvalet i 1985.

Upolitisk liste var eit parti som stilte til val i Noreg ved stortingsvalet 1985. På denne tida kravdest det 5000 underskrifter for å registrera eit nytt parti. Derimot kravdest det ingenting for å endra partinamn. Derfor skjedde det ved fleire høve at nye småparti omgjekk underskriftskravet ved formelt å ta over partinamnet til andre småparti som låg brakk, og så endra namnet.[1] Upolitisk liste oppstod då minipartiet For Folkeavstemning/Tverrpolitisk Liste, som ved stortingsvalet 1981 stilte under namnet Folkeavstemningspartiet, i 1984 skifta namn. Lista var det første partiprosjektet til Jack-Erik Kjuus, som seinare vart kjend frå mellom anna Stopp Innvandringen og Kvit Valallianse. Ifylgje magasinet Monitor stod det fleire kjente høgreekstremistar på lista.[2]

Lista stilte berre til val i Oslo og fekk der 100 røyster, noko som utgjorde 0,03 % av røystene i Oslo. I 1988 skifta partiet namn til Stopp Innvandringen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ot.prp. nr. 45 (2001-2002)», 016001-050016 (på norsk) (Kommunal- og regionaldepartementet), 15. mars 2002, henta 3. mars 2022 
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. desember 2005, henta 4. mai 2006