Vernadskij-stasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 65°14′44.44″S 64°15′28.17″W
Vernadskij-stasjonen
stasjon
Wernadskyi1(js).jpg
«Akademik Vernadsky», den ukrainske antarktisstasjonen (i 2000)
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Graham Land
 - koordinatar 65°14′44.44″S 64°15′28.17″W
Administrert under Antarktistraktaten
Vernadskij-stasjonen is located in Antarktis
Vernadskij-stasjonen (Antarktis)
Wikimedia Commons: Vernadsky Station

Vernadskij-stasjonen (ukrainsk Академік Вернадський; Akademik Vernadskij) er ein ukrainsk forskingsstasjon ved Marina Point på IÎles Galindez i Argentine Islands i Antarktis.

Weradskyi3(js).jpg
Weradskyi4(js).jpg

Historie[endre | endre wikiteksten]

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Stasjonen vart oppretta av britiske Falkland Islands Dependencies Survey som Base F [1] eller «Argentine Islands» på Winter Island i 1947. Hovudhytta, som vart bygd på same stad som ei tidlegare hytte under British Graham Land Expedition, vart namngjeven «Wordie House» etter sir James Wordie, eit medlem på Endurance-ekspedisjonen til Ernest Shackleton som vitja under bygginga.[2]

Wordie House er restaurert og har status som historisk stad og monument nr. 62.[3] Basen vart flytta til nærliggande IÎles Galindez i mai 1954 der hovudbygningen fekk namnet «Coronation House».

Basen fekk namnet Faraday-stasjonen i august 1977 til ære for den britiske forskaren Michael Faraday.[4]

Ukraina[endre | endre wikiteksten]

Ukraina tok over drifta av basen i februar 1996[4] for den symbolske summen eitt pund. Kostnaden med å demontere basen utan å forstyrre miljøet ville bli for dyrt. Det ukrainske antarktissenteret heldt fram med å forske på meteorologi, atmosfærisk fysikk, geomagnetisme, ozon, seismologi, glasiologi, økologi, biologi og fysiologi.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. BAS Faraday-stasjonen F
  2. «History». Ukrainian Antarktis Station «Akademik Vernadsky". Henta 6. februar 2014. 
  3. «Wordie House». British Antarctic Survey. Henta 6. februar 2014. 
  4. 4,0 4,1 «Faraday station». British Antarctic Survey. Henta 6. februar 2014. 
  5. «Research projects in Sixth Ukrainian Antarctic Expedition 2001-2002». Henta 6. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Vernadskij-stasjonen