What's Bin Did and What's Bin Hid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
What's Bin Did and What's Bin Hid
(Catch the Wind) (USA)

Studioalbum av Donovan
Innspelt Feb-mar 1965, Peer Music, Denmark Street i London
Sjanger Folkemusikk
Lengd 31:50
Selskap Pye NPL18117 (UK)
Hickory LPM 123 (USA)
Produsent Terry Kennedy, Peter Eden, Geoff Stephens
Kritikk
Donovan-kronologi
What's Bin Did and What's Bin Hid
(Catch the Wind) (USA)
Fairytale
(1965)

What's Bin Did and What's Bin Hid er debutalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det kom ut i Storbritannia fire dagar etter Donovan fylte 19 år, den 14. mai 1965, på Pye Records. Terry Kennedy, Peter Eden og Geoff Stephens produserte albumet. What's Bin Did and What's Bin Hid vart gjeven ut i USA som Catch the WindHickory Records i juni 1965. Hickory Records endra tittelen slik at han matcha debutsingelen hans.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1964 gav Peter Eden og Geoff Stephens Donovan tilbod om platekontrakt med Pye Records i Storbritannia. Donovan hadde spelt rundt om i Storbritannia og var velkjend i det britiske visemiljøet før han fekk kontrakten. I 1964 synte demoinnspelingane hans (gjeven ut som Sixty Four i 2004) stor likskap til både Woody Guthrie og Bob Dylan, som gjorde at han vart kalla «Storbritannia sitt svar på Bob Dylan» i pressa. What's Bin Did and What's Bin Hid er kjend fordi det fanga Donovan på eit tidspunkt då stilen og visjonen hadde byrja å endra seg frå stilen til Guthrie og Dylan.

Musikalsk består av albumet hovudsakleg av Donovan på vokal, gitar og munnspel, slik konsertane hans var på denne tida. Han hadde framleis noko av Woody Guthrie i stilen og og syng Guthrie sin «Riding in My Car (Car Song)» (kalla «Car Car»). What's Bin Did and What's Bin Hid inneheld òg britiske viser («Tangerine Puppet») og til og med noko jazz («Cuttin' Out»).

Donovan spetle inn «Catch the Wind» på ny for albumet, som opphavleg vart gjeven ut som debutsingelen hans i Storbritannia den 12. mars 1965.

Andre musikarar på albumet er Brian Locking på bass, Skip Alan (frå the Pretty Things) på trommer, og Gypsy Dave på kazoo.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Originalt album (Storbritannia)[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Josie»   Donovan Leitch 03:28
2. «Catch the Wind»   Donovan Leitch 02:56
3. «Remember the Alamo»   Jane Bowers 03:04
4. «Cuttin' Out»   Donovan Leitch 02:19
5. «Car Car»   Woody Guthrie 01:31
6. «Keep on Truckin'»   trad. arr. Donovan Leitch 01:50
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
7. «Gold Watch Blues»   Mick Softley 02:33
8. «To Sing for You»   Donovan Leitch 02:45
9. «You're Gonna Need Somebody on Your Bond»   trad. arr. Donovan Leitch 04:04
10. «Tangerine Puppet»   Donovan Leitch 01:51
11. «Donna Donna»   Aaron Zeitlin, Sholom Secunda, Arthur S Kevess, Teddi Schwartz 02:56
12. «Ramblin' Boy»   Donovan Leitch 02:33

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]