Inn
Inn | |||
elv | |||
Inn renn gjennom Innsbruck
| |||
Land | Austerrike, Tyskland Sveits | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 25 700 km² | ||
Lengd | 517 km | ||
Middelvassføring | 730 m³/s | ||
Kjelde | Dei sveitsiske Alpane | ||
- stad | Lägh dal Lunghin | ||
• høgd | 2 484 moh. | ||
Munning | Donau | ||
- stad | Passau | ||
- koordinatar | 48°34′22″N 13°28′43″E / 48.57278°N 13.47861°E | ||
Inn 46°24′50″N 9°40′00″E / 46.413888888889°N 9.6666666666667°E | |||
Kart som viser Inn.
| |||
Wikimedia Commons: Inn River |
Inn (retoromansk En) er ei elv som renn gjennom Sveits, Austerrike og Tyskland, og er ei av sideelvene til Donau frå høgre med ei lengd på 517 km. Det høgaste punktet i nedslagsfeltet hennar er Piz Bernina på 4049 moh.
Kjelda til elva ligg i Dei sveitsiske Alpane nær St. Moritz i Engadin-regionen. Elva får namnet sitt etter denne regionen, der elva er kalla En. Ho renn nordaustover og inn i Austerrike, og frå Landeck går ho austover gjennom den austerrikske delstaten Tyrol og delstatshovudstaden her, Innsbruck, før ho går over grensa til Bayern nær Kufstein.
I Bayern renn elva nordaustover og passerer landsbyane Rosenheim, Wasserburg am Inn og Waldkraiburg; før ho går austover gjennom Mühldorf og Neuötting. Her møter ho to større sideelver, Alz og Salzach.
Frå her til Donau dannar ho grensa mellom Tyskland (Bayern) og Austerrike (Oberösterreich), og her renn ho mellom anna igjennom Simbach, Braunau am Inn og Schärding.
Byen Passau er den siste Inn renn gjennom før ho når Donau (og det same gjer elva Ilz). Sjølv om Inn har større vassføring når dei renn saman i Passau, og at Inn får vatn frå Piz Bernina, det høgaste punktet i nedslagsfeltet til Donau, så vert Inn rekna som ei sideelv til Donau. Donau er derimot lengre, har større nedslagsfelt og har ein meir jamn straum.
Sideelvar
[endre | endre wikiteksten]- Sideelvar frå høgre: Flaz, Spöl, Clemgia, Faggenbach, Pitzbach, Ötztaler Ache, Melach, Sill, Ziller, Alpbach, Wildschönauer Ache, Brixentaler Ache, Weißache, Kaiserbach, Rohrdorfer Ache, Sims, Murn, Alz, Salzach, Enknach, Mattig, Ach, Antiesen, Pram
- Sideelvar frå venstre: Beverin, Schergenbach, Sanna, Gurglbach, Brandenberger Ache, Kieferbach, Auerbach, Kirchbach, Mangfall, Attel, Isen, Rott
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Inn River» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2007.